nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Dialektprisen til Ingrid Bolsø Berdal

Inderøyingen Ingrid Bolsø Berdal er kjend frå skrekkfilmen Fritt Vilt og musikalsuksessen Hair. No får ho Dialektprisen av Norsk Målungdom for god bruk av trøndersk. Les meir hjå NRK Trøndelag.

Lagt ut 29.11.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Opphev nynorskforbodet i VG og Dagbladet!

Det krev Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal i eit brev til redaktørane i dei to avisene. Les meir hjå Utdanning.ws.

Lagt ut 26.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kva er nynorsk eigentleg?

Hovudredaktør for Norsk Ordbok, Lars S. Vikør, er skeptisk til nynorsknormering basert på dei som ikkje er nynorskbrukarar i dag. Les innlegget hans hjå bt.no.

Lagt ut 26.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Spør mållagsleiaren!

NRK sender bokmål på barne-tv, bedrifter lyser ut etter folk på bokmål og oslobyråden vil kutta ut sidemål. Hege Myklebust står midt i målstriden og stiller på nettmøte hjå Sunnhordland! Still spørsmål her!

Lagt ut 25.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Tromsø-elevar vil ha nynorsk-eksamen

I og med Kunnskapsløftet vart det berre ein norskeksamen, som inneheld både hovud- og sidemål. No startar elevar ved Kongsbakken vidaregåande skule ein aksjon for å få to eksamenar igjen. Les meir hjå itromso.no.

Lagt ut 24.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Blix-prisen til debutant

Nordnorsk bokdag vart skipa til på Finnsnes sist fredag. Sigrid Merethe Hansen fekk Blix-prisen, ein pris som blir delt ut kvart år til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller dialekt. Les meir hjå NRK Nordnytt.

Lagt ut 24.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ingeniør Knut Berg på nye eventyr

Endeleg - for fyrste gong sidan 1960 kjem ingeniør Knut Berg i ny utgåve. Med tekst av Bing & Bringsværd og teikning av Knut Westad bør årets julehefte lova godt! Les meir hjå NRK Østafjells.

Lagt ut 23.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet må utsetja rettskrivinga

I september vedtok Styret i Språkrådet å setja i gang arbeid med å laga «ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer». No ber Kultur- og kyrkjedepartementet Språkrådet om å venta med arbeidet. Les meir hjå Språkrådet.

Lagt ut 23.11.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sluttrapporten frå osloforsøket lagt fram

I dag blei sluttrapporten frå forsøket med valfritt sidemål ved ni vidaregåande skular i Oslo lagt fram. Uvitskapleg og eit prestisjetap for byrådet, er meldinga frå mållaget og NMU. Les meir på ABC Nyheter eller les rapporten hjå NIFU STEP.

Lagt ut 21.11.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje urettvis skilnad

Arbeidet med Norsk Ordbok får rundt 20 gonger meir i statsstønad enn prosjektet med å redigere Riksmålsordboken. Dette er ikkje urettvist, meiner språkdirektør Sylfest Lomheim i Klassekampen.

Lagt ut 20.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken vann i Kvinesdal

I skulemålsrøystinga ved Kvinlog skule i Kvinesdal vart det soleklår nynorsksiger i kveld: 73,8 % røysta for nynorsk, i ei røysting der 59 % av dei røysteføre deltok. Vi ønskjer til lukke! Les meir i Agder/Flekkefjords Tidende.

Lagt ut 19.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet vil ha klagesaker

- Kåre Seland skriv i eit innlegg i Nationen 12. november at Språkrådet ser ut til å ha nok med å føre statistikk over mållovsbrot og helst ikkje vil ha klagesaker om brot på mållova. Slik er det ikkje. Dette skriv fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Nationen.

Lagt ut 19.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Den nynorske Brageprisen

Ved utdelinga i Gamle Logen i kveld gjekk 4 av dei 5 brageprisane til nynorske bøker og forfattarar! Carl Frode Tiller fekk prisen for vaksen skjønnlitteratur for boka Innsirkling. Linn T. Sunne fekk prisen for barne- og ungdomsbøker for boka Happy. Frank Rossavik fekk prisen for sakprosa for boka Stikk i strid : ein biografi om Einar Førde. Guri Vesaas fekk heidersprisen 2007 for mangeårig arbeid for barne- og ungdomslitteraturen. Vi ynskjer vinnarane til lukke! Les meir hjå Brageprisen.no.

Lagt ut 16.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorske lærebøker - seine og dårlege

Geir Arne Aspebakken, lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Voss, krev at same forbundet skal ta tak i læremiddelsaka. Dette kan ein lese i Utdanning.

Lagt ut 14.11.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Mållovsbrot i hopetal

- Mitt inntrykk er at Språkrådet helst ikkje vil ha klagesaker om brot på Mållova. Det skriv Kåre Seland frå Åmli i dette lesarinnlegget i Nationen.

Lagt ut 12.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

"Knoteministeren"

Den nye kunnskapsministeren får ikkje mykje nådetid frå kritiske røyster på Vestlandet: "Bård Vegar Solhjell er prototypen på den nye SV-generasjonen; preglaus, moderne, tilsynelatande effektiv. Partibyråkrat. Pratar i veg utan å seie noko som helst," skriv søndagsgjesten og Ap-mannen Georg Arnestad i bt.no.

Lagt ut 11.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Helene Uri nækjer seg

Til å vera lingvist tenkjer Helene Uri lite lingvistisk.  Det skriv Klaus Johan Myrvoll i ei bokmelding i Dag og Tid.

Lagt ut 9.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fedraheimen på nett

Fedraheimen er ei av dei viktigaste avisene i norsk pressehistorie. No vert avisa no publisert på Internett, og så langt er dei tre første årgangane klare. Les meir om prosjektet på nettsidene til Nynorsk kultursentrum eller gå rett til Fedraheim-sidene.

Lagt ut 9.11.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorske lærebøker - for seint og for dårlege

Medlemene våre gjev oss tilbakemeldingar på at situasjonen med nynorske lærebøker er fortvilande. Det same gjeld ikkje minst vår elektroniske skulekvardag, med manglande nynorske versjonar av programvarer og nettstader. Det skriv lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Voss, Geir Arne Aspebakken i Utdanning.ws.

Lagt ut 8.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Falturiltu-prisen til Oskar Stein Bjørlykke

Den fyrste og største festivalen for nynorske barnebøker, FALTURILTU, går føre seg på Stord denne veka, og på ei tilstelling sundag kveld fekk Oskar Stein Bjørlykke den fyrste FALTURILTU-prisen på 25.000 kroner. Les meir hjå Samlaget og i avisa Sunnhordland.

Lagt ut 8.11.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje nynorskbisp på Møre?

- Det overraskande er at ingen av dei har lokal tilknyting eller brukar nynorsk, og det synest eg er synd for bispedømmet. Det seier redaktør Helge Simonnes i Vårt Land i ein kommentar til Møre bispedømeråd sin nominasjon til ny biskop på Møre. Les meir hjå NRK.no.

Lagt ut 7.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Valfridom, målform og målføre

- Ikkje alle aviser har skjønt at vi har to målformer her i landet, og dei gjer sitt beste for å vise det. Det skriv Vibeke Lauritsen, lektor ved Kristiansand katedralskole og organisasjonssekretær i Human-etisk forbund i Vest-Agder i denne kommentaren i Nationen.

Lagt ut 6.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Avklaring rundt Garborgsenteret

I Time kommunestyre vart det i kveld gjort vedtak om at kommunen skal løysa ut opsjonen i Forum Jæren, slik at Garborgsenteret blir i same bygg som det nye folkebiblioteket. Det har vore mykje strid om plasseringa av det nye senteret, og vedtaket i kommunestyret avgjer striden for dei neste åra. Garborgsenteret blir ein del av Jærmuseet, med finansiering frå kommunen, fylkeskommunen og staten. Einar Schibevaag blir prosjektleiar for Garborgsenteret, Vidar Lund blir ny biblioteksjef i Time. Les meir:

Lagt ut 6.11.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språkpris til Tom Hetland

Sjefredaktøren i Stavanger Aftenblad fekk i helga redaktørprisen til Mediemållaget for trua han har på språkleg fridom og fremjing av dei to skriftspråka i Stavanger-regionen. Prisen vart delt ut på 30-årsjubileet til laget i Oslo. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 6.11.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen