nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

God jul!

Nynorsk.no-redaksjonen ynskjer alle ei god jul!

Lagt ut 23.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Noko svakare i lesing

16 prosent av dei norske elevane som var med i PISA 2006, hadde nynorsk som hovudmål. Dei skil seg ikkje ut i naturfag og matematikk, men er noko svakare i lesing enn bokmålselevane. ? Skilnaden er ikkje signifikant, seier forskar Marit Kjærnsli. Les meir hjå Norsk lektorlag.

Lagt ut 23.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Barne-TV på Al Jazeera

«Her er eg» er ein serie som er laga ved NRK Sogn og Fjordane. Serien har gått på NRK, og no er også fleire land i Asia klare til å visa serien. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 18.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ledige jobbar i Aasen-tunet

Nynorsk kultursentrum lyser etter ny dokumentasjonsleiar og ny formidlingsleiar.«Her har du sjansen til å bli med på eitt av dei mest givande arbeidslaga i norsk kulturliv!», står det i lysingsteksten. Les meir hos Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 18.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjøpte Nynorskordboka til Oslo-skulen

Vinnarane av ordbokprisen 2007 brukte prispengane til å kjøpa 100 eksemplar av Nynorskordboka til Oslo-skulen. ? Når vi vel Oslo, er det fordi det også er nærmiljøet til arbeidsplassane våre, UiO og Språkrådet, seier redaktørane av Nynorskordboka. Les meir i Uniforum.

Lagt ut 11.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet lèt seg ikkje stoppa

Tidlegare i år vedtok Språkrådet å setja i gang arbeidet med å laga ei «tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer.» Så sa Kulturdepartementet stopp, men det bryr ikkje Språkrådet seg om. Les heile saka i Dag og Tid.

Lagt ut 10.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framtida til nynorsken

- Dersom nynorsken skal hevda seg som norsk riksspråk, må me bli einige om ei einskapleg norm. Det er ikkje ideologiske, men praktiske og pedagogiske omsyn som bør vega tyngst. Det skriv Jon Ole Askedal i Morgenbladet denne veka.

Lagt ut 7.12.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen