nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: januar 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Marie Takvam er død

Forfattaren Marie Takvam er død, 81 år gamal. Marie Takvam vart fødd i Ørsta 1926 og debuterte i 1952 med diktsamlinga «Dåp under sju stjerner». Takvam gav ut bøker i ulike sjangrar, men er mest kjend som lyrikar. I alt skreiv ho 10 diktsamlingar, og mange av dikta handla om kjærleik og om kvinnesak. Les meir om Marie Takvam i Wikipedia og hjå Dagbladet.

Lagt ut 28.1.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Johannes Heggland er død

Forfattaren Johannes Heggland døydde i går kveld, 89 år gamal. Heggland var ein av dei mest produktive og aktive forfattarane i norsk litteratur - heilt til det siste. Det siste prosjektet hans vart romanserien «Tusen vårar». Les meir hjå Gyldendal.

Lagt ut 25.1.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krev elevlister

Sandnes Mållag vil ha utlevert lister over elevane som skal byrja på skulen i Sandnes, for å kunna informera foreldra om kva rettar dei har. Kommuneadvokaten i Sandens viser på si side til teieplikta, og meiner mållaget ikkje oppfyller kriteria for å få utlevert slike lister. Les saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 23.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kunnskapsministeren vil ha dagbøter

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell godtek ikkje at «et hopetall» elevar står utan lærebøker til skulestart, og varslar no dagbøter til forlaga. For nynorskelevane ser det likevel ikkje mykje ljosare ut. Dagsavisen skriv at nynorskbøkene truleg ikkje vil koma i tide av di dei ikkje er lønsame. – Dette må vi jobbe langsiktig med, seier Solhjell til Dagsavisen.

Lagt ut 23.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

NMU rasar mot Stjernø-utvalet

Stjernø-utvalet går inn for å slå i saman 38 utdaningsinstitusjonar til 8 universitet. Det får målungdomsleiar Jens Kihl til å sjå raudt. Han meiner Stjernø-utvalet har gått seg vil i Oslo-gryta, og at norsk terminologiarbeid vil verta truga dersom distriktshøgskulane vert filialar av regionale universitet. Les meir i Vikebladet Vestposten, NRK Sogn og Fjordane og Romsdals Budstikke.

Lagt ut 21.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Jolesong i nynorsk omsetjing

Vårt land kan fortelja at den velkjende jolesongen «Julekveld i skogen» er komen i nynorsk språkdrakt, omsett av originalforfattaren Astow Ericson sjølv i 2002. Noko kjappare på labben enn Vårt land er Unge Agder, som har hatt den nynorske utgåva liggjande på nettet i lange tider. «En virkelig kulturell nyvinning!», melder Vårt land.

Lagt ut 21.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrer laus mot sidemålet

Inger Lise Nyheim i Riksmålsforbundet går ut mot sidemålet, og argumenterer med at grammatikken og ord som «forståing» og «begynning» er alt som er att av det nynorske særpreget. – Samtidig ser man at sidemålsforsøket i videregående opplæring i Oslo har vært vellykket[...]. Nynorskorganisasjonene liker selvfølgelig ikke resultatet og har angrepet rapporten med all verdens søkte argumenter, skriv Nyheim i eit lesarbrev til Telemarksavisa.

Lagt ut 18.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sognemålet held seg likevel?

Det meiner i alle fall fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland. – Dialekten held seg utruleg godt i Sogn, seier han, og viser til at dialektendringane i Sogn går mykje treigare enn i t.d. Hallingdal og Valdres. Les saka i Sogn Avis.

Lagt ut 18.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget vil ha to eksamensdagar

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, stiller seg i rekkja av kritikarar mot den nye eksamensordninga. Ho fryktar at ordninga, i tillegg til å råka dei svakaste elevane, òg vil gå ut over nynorsken. Les meir i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 16.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sognemål i endring

– Unge frå Sogndal skil seg ut ved at fleire ikkje nyttar ao-lyd, ved at somme brukar e-infinitiv, anten systematisk eller blanda med a-infinitiv og ved at dei ikkje har delt hokjønns-bøying, og ved at dei ikkje har delt hokjønns-bøying, seier språkforskar Øystein A. Vangsnes til Bergens Tidende.

Lagt ut 16.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Alle taper på den nye ordninga

Elevrådet ved Sunndal ungdomsskule er sterkt kritiske til den nye eksamensordninga med felles eksamen i hovudmål og sidemål. Elevrådsleiar Helle Hoås Gannestad er redd det vert vanskeleg å omstilla seg frå eit mål til eit anna på same dag. Les meir i Driva.

Lagt ut 16.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vårspel tre dagar til ende

Ivar Aasen-tunet melder om fleire overraskingar i vårprogrammet sitt. Mellom godbitane finn me Vårspela 2.-4. april, som er ei utviding av Dei Nynorske Festspela. Les meir og bla i programmet på aasentunet.no

Lagt ut 15.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kritisk til sidemålsfritak i Larvik

Østlandsposten er kritiske til søknaden om sidemålsfritak i Larvik. Dei skriv at søknaden om fritak er enkel populisme. Les leiarartikkelen i Østlandsposten.

Lagt ut 14.1.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Halve skulen vil ha bokmål

Foreldra i meir enn helvta av klassane ved nynorskskulen Træet har valt at borna skal ha bokmål som hovudmål. Les saka i Askøyværingen.

Lagt ut 9.1.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krev meir nynorsk i NRK Super

Distriktsprogramråd krev 25 prosent nynorsk i den nye barnekanalen til NRK og dialektbruk tilfredsstiller ikkje kravet. Les meir hjå Barnevakten.no.

Lagt ut 9.1.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Aukar støtta til nynorsklitteratur

I 2008 vil Norsk kulturråd auka innsatsen for omsett skjønnlitteratur og for litteratur på nynorsk. Les meir hjå Kulturrådet.

Lagt ut 9.1.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg vakuum?

Kva er det med filmbransjen som gjer at dei berre syner fram bokmål i skrift og tale? Det lurer Jens Kihl på i Dagbladet.

Lagt ut 2.1.08 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen