nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Tove Lie vert ny samlagsdirektør

Administrerande direktør og andsvarleg redaktør i Nationen, Tove Lie, har takka ja til å verta ny forlagssjef i Samlaget etter Nina Refseth. Lie har tidlegare fått tildelt Nynorsk redaktørpris som redaktør i Nationen. Les meir i Avis 2.

Lagt ut 29.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Namnestrid på Sola

Sola Historielag og Sola Mållag er usamde om korleis stadnamnet Ræge, eller Rege, skal skrivast. No skal saka opp i formannskapet i kommunen, melder Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 29.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Peer Gynt AS

Kunst- og kulturprodusenten Peer Gynt AS er tildelt Nord-Fron Mållag sin målpris for 2007.
– Denne prisen vil virke som ein viktig motivasjonsdrivar for å bruke nynorsk, seier kommunikasjonssjef Knut Kvidaland til Dølen.

Lagt ut 29.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ny språkrådsleiar

Trond Giske har utnemnt Ida Berntsen til ny styreleiar i Språkrådet. Les meir hjå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Lagt ut 28.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålssiger i Oslo bystyre

Bystyret i Oslo vedtok i går å be byrådet setja i verk tiltak for å styrkja norskopplæringa, og då særleg sidemålsundervisinga, i den vidaregåande skulen. Det er ikkje Unge Høgre spesielt glade for. Les meir om reaksjonane deira i Nordre Aker Budstikke, og om sjølve vedtaket hjå Oslo bystyre.

Lagt ut 28.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ny rettskriving på is

Kulturminister Trond Giske stoggar arbeidet Språkrådet har sett i gang med å utarbeida ein ny og stramare rettskrivingsnormal for nynorsken. Saka skal opp i Stortinget før det igjen kan verta aktuelt å endra på norma, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 28.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Barnehage fekk bøker

Gloppen Mållag var i det gavmilde hjørnet tidlegare denne veka, og det fekk Hyen barnehage nyta godt av. På måndag overrekte Hege Lothe og Leidulf Gloppestad tre bøker i gåve til barnehagen. Les meir i Firda Tidend.

Lagt ut 28.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Forsvarar sidemålet

Fædrelandsvennen kastar seg inn i ordskiftet om sidemålsfritak på Agder.
– Er ikkje kunnskapane gode nok i nynorsk, bør ein vel som i andre fag stille større krav, og ikkje færre, skriv Fædrelandsvennen på leiarplass.

Lagt ut 27.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Oppmuntrar til dialektbruk

Dalane Tidende meiner det er dårleg med grunnar til å knota, og på leiarplass oppmodar dei no lesarane sine om å vera stolte av og medvitne på dialekten. Les leiarteigen i Dalane Tidende.

Lagt ut 27.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha bort sidemålet i Vest-Agder

Òg i Vest-Agder er FrP ivrige etter å kvitta seg med sidemålet, melder NRK Sørlandet. Men slett ikkje alle elevane ved Søgne vidaregåande er samde. Les meir hjå NRK Sørlandet.

Lagt ut 26.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis sidemål i Fredrikstad

Framstegspartiet sitt framlegg om valfritt sidemål i grunnskulen i Fredrikstad fell ikkje i god jord, korkje hjå Fylkesmannen eller Utdanningsdirektoratet. Dimed ser det ut til at det framleis vert obligatorisk sidemål i Fredrikstad, melder Fredrikstad Blad.

Lagt ut 26.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha like mykje pengar til riksmålsordboka

Prosjektleiar for revideringa av riksmålsordboka, Bodil Aurstad, er svært lite nøgd med at Norsk Ordbok får større statlege løyvingar. Ho meiner prosjektet med å revidera den eksisterande riksmålsordboka bør jamstellast økonomisk med Norsk Ordbok, som går ut på å framstilla både nynorsken og ordtilfanget i dialektane dei siste fire hundre åra. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 26.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha meir pengar til riksmålsordboka

Bodil Aurstad, prosjektleiar for revideringa av riksmålsordboka, er særs lite nøgd med at Norsk Ordbok får meir i statlege løyvingar. Ho meiner det er urettvist at revideringa av riksmålsordboka ikkje er økonomisk jamstelt med prosjektet Norsk Ordbok, som på si side går ut på å dokumentera både nynorsken og ordtilfanget i dialektane frå 1600 og til i dag. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 26.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdom vart januarpoet

Målungdomsaktivisten Janne-Kristin Nygård har igjen vorte kåra til «månedens poet» i Skolekammeret i Dagbladet. Ho vart òg månadsvinnar so seint som i oktober, men det gjekk ikkje lenger enn til januar før ho gjekk til topps på nytt. Les intervju, med nynorske sitat, hjå Dagbladet.

Lagt ut 21.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Stipendvinnarar med nytt album

På landsmøtet i Noregs Mållag i 2007 fekk nynorskrockarane An10 Boyband eit stipend på 50 000 kroner frå Mållaget for å fremja nynorsk kultur. No kjem trøndargruppa med ny plate. Les meir hjå NRK Trøndelag.

Lagt ut 21.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Barnehagar fekk songbøker

På årsmøtet sitt denne veka overrekte Ulstein mållag nynorske songbøker til barnehagane i kommunen. Barnehagane fekk kvart sitt eksemplar av «Song for deg og meg». Les saka i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 21.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Ikkje døm for raskt

Sylfest Lomheim likar ikkje den stadige uthengjinga av knotarar, og meiner blandingsmål og knot ikkje er det same i våre dagar.
– Det er knot, når ein person legg om språket sitt til ein variant ein ikkje kan rekne som naturleg for vedkommande, uttaler Lomheim til Bergens Tidende.

Lagt ut 21.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Intern strid om Garborgsenter

Styrefleirtalet i Time Mållag og leiar Tarald Oma står steilt mot kvarandre i spørsmålet om kvar det nasjonale Garborgsenteret skal plasserast. Oma vil ha omkamp på årsmøtet 5. mars.
– Oma har motarbeidd styringsgruppa og vedtaket i Time Mållag i eit halvt år. Det er på tide at mållaget startar å samarbeida, seier styrelem Inger Undheim til Jærbladet.

Lagt ut 21.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Vart kalla «språkleg bastard»

Knoteordskiftet rullar vidare, og denne gongen er det Venstre-leiar Lars Sponheim som slår tilbake mot skuldingar om knot. Han har mellom anna vorte utrop til norsk meister i knoting, men meiner sjølv at kritikken ikkje held vatn. Les saka i Bergens Tidende.

Lagt ut 21.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ber Regjeringa oppretta Vinjefondet

Når Regjeringa legg fram stortingsmeldinga om språk i vår, forventar Mediemållaget at dei held løftet om å oppretta eit fond som skal fremja nynorsk i journalistikken. Les meir om dette hjå Mediemållaget.

Lagt ut 20.2.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tek Solhjell i forsvar

Reaksjonane lèt ikkje venta på seg etter at lektor Erik Solheim kritiserte kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell for å knota. Professor i nordisk språk, Brit Mæhlum, forsvarar statsråden, og kallar kritikken frå Solheim for moralisme. Les saka i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Til kamp for Bødialekten

Bødialekten vert stadig meir utvatna av bokmålet mellom ungdomen, og no krev Bø Mållag at kulturetaten, skulesektoren og barnehagane tek grep.
– Borte er «me, dekkan, kjem, har vori, skule» osv. Inn kjem «jeg, dere, kommer, har vært og skole», skriv Birger Risnes frå Bø Mållag i Telemarksavisa.

Lagt ut 19.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Betre nynorskopplæring i Oslo

13. februar sette Kultur- og utdanningskomiteen i Oslo ein stoppar for vidare sidemålsfritak gjennom å be byrådet setja i verk tiltak for å styrkja norskopplæringa generelt og sidemålet spesielt. NMU-leiar Jens Kihl og mållagsleiar Hege Myklebust jublar i eit lesarbrev i bladet Utdanning. Les heile saka i Utdanning.

Lagt ut 19.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål i vår tid

«Vi har to skriftspråk. Kastar vi vrak på det eine, fell ein viktig del av kulturarven bort». Det Steinar Gullvåg som sit på Stortinget for Vestfold arbeidarparti i Tønsbergs Blad.

Lagt ut 19.2.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stadig fleire tek nynorsktest

Talet på minoritetsspråklege som vel å ta norskprøver på nynorsk aukar. Det skriv Bergens Tidende i dag.

Lagt ut 19.2.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Wikipedia når 30 000 artiklar

Tre og eit halvt år etter oppstarten har no den nynorske utgåva av det brukarstyrde vevleksikonet Wikipedia nådd 30 000 artiklar. Nynorsk.no ynskjer Nynorsk Wikipedia hjarteleg til lukke, og oppmodar alle nynorskkunnige til å ta del i det vidare arbeidet. Les jubileumspressemeldinga hjå Nynorsk Wikipedia.

Lagt ut 14.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Truleg sidemåls-ja frå Oslo i kveld

I kveld seier utdanningskomitéen i bystyret i Oslo truleg nei til nye forsøk med valfritt skriftleg sidemål i den vidaregåande skulen. No er også Fin Erik Vinje komen på banene - og han er sjølvsagt for fritak. Les meir hjå Austlandssendinga.

Lagt ut 13.2.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Scana Volda fekk nynorskpris

Den mekaniske verksemda Scana Volda fekk tysdag kveld heidersprisen til Volda mållag. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 13.2.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Uti vår hage vervar målfolk

Dei to fyrste dagane etter Uti vår hage 2-episoden «Noreg über alles» melde rundt 40 personar seg inn i Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Harald Eia tykkjer det er strålande nyhende, og avslører at Mållaget er favorittspråkorganisasjonen hans. Les meir hjå VG Nett.

Lagt ut 8.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Grandiosalåt på nynorsk

Stabburet er nok ein gong ute med ny Grandiosalåt, og denne gongen er teksten skriven på nynorsk.
– Grandiosa er jo for alle, derfor valgte vi denne gangen å synge på nynorsk, seier Inger Marie F. Ingdahl i Stabburet til VG Nett. Høyr låta på Grandiosa.no.

Lagt ut 8.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Slutt for Osloforsøket

Fleirtalet i Oslo bystyre går i mot nye «forsøk» med sidemålsfritak. Arbeidarpartiet, og truleg KrF, ynskjer ikkje å halda fram med fritaket, og framlegget frå byrådet ser dimed ut til å verta avvist. Les meir i NRK Østlandssendingen og Kommunal Rapport.

Lagt ut 8.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

På nynorsk for fyrste gong

Thor G. Norås gler seg over at den plateaktuelle sunnmøringen Hilde Fjørtoft har spela inn ei rekkje av songane hans i ny språkdrakt.
– Den gang de ble laget, ble de tvunget til å synges på østlandsk. Det er en fryd å høre den steikje flotte dama fra Sunnmøre synge mine sanger på nynorsk, fortel Norås til Rogalands Avis.

Lagt ut 7.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Gjest Baardsen på nynorsk

Skiltet på statuen av Gjest Baardsen i Sogndal har i årevis vore på bokmål. Slik er det ikkje lenger, til stor glede for mellom andre Stig Eikaas.
– Dette blir det gjevaste skiltet som eksponerer nynorsken, jublar Eikaas til Sogn Avis.

Lagt ut 7.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer med samefolkets dag!

I dag feirar samane nasjonaldagen sin, og nynorsk.no ynskjer til lukke med dagen! Meir om bakgrunnen for samefolkets dag kan du lesa i til dømes Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 6.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Redd nynorsken!

I episoden «Noreg über alles» vart nynorsken og mållaget gjort til hovudemnet i Uti vår hage. No fylgjer dei opp på heimesidene sine med «Redd nynorsken»-spelet, der du kan frelsa rotnorske nynorskord frå flammehavet. Prøv spelet hjå Uti vår hage.

Lagt ut 5.2.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen