nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Jens Kihl attvald som målungdomsleiar

NMU-landsmøtet på Voss valde Jens Kihl (21) frå Oslo som leiar for eit nytt år. Med seg i styret får han Maria Svendsen som politisk nestleiar, Ulrikke Sægrov som organisatorisk nestleiar, Janne-Kristin Nygård som dagleg leiar, Vebjørn Sture som økonomiandsvarleg og Birgitta Lim Ersland som styremedlem. Desse får andsvaret for å gjennomføre eit arbeidsprogram der innvandring og mangfald står på topp, mellom anna ved kravet om morsmålsopplæring, skriv NRK Østlandssendinga.

Lagt ut 31.3.08 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer seg nynorskbarnehage

Landsmøtet i NMU vedtok i helga ei fråsegn om at dei ynskjer seg språkreirbarnehage på Voss, som eit tiltak mot alt bokmålet vossaungane møter kring seg, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 31.3.08 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk filmtekst på kino

Euforia film har no lova at ein av deira filmar til hausten vil bli teksta på nynorsk. Dette er ei sak Målungdomen har arbeidd for det siste året. Jens Kihl, leiar i NMU, kallar det ein milepæl for nynorsken, i fylgje ABC Nyheter.

Lagt ut 28.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

I dag byrjar NMU-landsmøtet

Målungdomar frå heile landet er i helga samla til landsmøte på Voss. Les meir om landsmøtet på NMU-heimesidene.

Lagt ut 28.3.08 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Hege Myklebust tek attval

Valnemnda i Noregs Mållag har levert innstillinga si, og leiar Hege Myklebust tek attval for endå eit år. Håvard B. Øvregård er innstilt som nestleiar. Les meir i Vikebladet Vestposten og hjå Noregs Mållag

Lagt ut 26.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Direktoratet stoggar forsøk i Finnmark

Utdanningsdirektoratet har sagt nei til eit forsøk med samisk i staden for nynorsk som sidemål i Finnmark, melder NRK Sámi Radio. Fylkesråd Knut Mortensen er misnøgd, og meiner elevane i Finnmark får meir bruk for samisk enn for nynorsk. Høyr intervju med han hjå NRK Sámi Radio.

Lagt ut 26.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Namdalsspel får mållagsstøtte

Naumdøla Mållag er godt nøgde med at «Namsens auge» skal spelast på gamal grongdialekt. Dei støttar prosjektet med 50 000 kroner, på vilkår av at det skriftlege materiellet kjem på nynorsk, skriv Namdalsavisa. Avisa sjølv er ikkje like nøgde, og åtvarar mot å bruka kapitalmakt for å fremja nynorsken. Les leiarteigen i Namdalsavisa.

Lagt ut 26.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Plateslepp og oppløysing

Vinnarane av stipendet på 50 000 kroner frå Noregs Mållag i fjor, musikkgruppa An10 Boyband, er oppløyst, men har likevel fullført plata dei fekk stipend for å fullføra. Les meir i Trønder-Avisa.

Lagt ut 25.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nærum på nynorsk

Saman med Spellaget i Bondeungdomslaget i Oslo skal Knut Nærum setja opp stykket «Mord over ein låg sko», som Nærum sjølv har omsett til nynorsk. Les meir i Nationen.

Lagt ut 25.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Røysta ut fordi dei nytta samisk

Rapgruppa Duolva Duottar vart røysta ut av TV-tevlinga Norske Talenter på TV2 fordi dei rappa på samisk. Grunngjevinga frå Thomas Giertsen i juryen vekkjer sterke reaksjonar, melder VG Nett.

Lagt ut 25.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Inga røysting i Etnedal

Kommunestyret i Etnedal har vedteke at det ikkje vert noka skulemålsrøysting i Etnedal no. Les meir i Avisa Valdres.

Lagt ut 25.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Veum på nynorsk

Gunnar Staalesen overraska Vossa Jazz-publikummet med Varg Veum på nynorsk under opninga før påske.
– Når bergenseren Varg kan snakke østlandsk på film, må han jo kunne snakke nynorsk på Voss, seier Staalesen til Bergensavisen. Sjå òg Avisa Hordaland.

Lagt ut 25.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Meir moro med nynorsken

Nynorsksenteret og Snöball Film har laga 20 filmar til inspirasjon for norsklærarar. Målet er å få inn meir elevvenlege verkemiddel og læringsmetodar i nynorskopplæringa, skriv Nationen. Språkrådet er nøgde, det kan du òg lesa meir om i Nationen.

Lagt ut 14.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Morgenbladet ottast for bokmålet

Morgenbladet meiner det er på høg tid å handsama ogso bokmålet som eit minoritetsspråk, og viser til det store trykket frå engelsk.
– Å la ny­nor­sken fron­te kam­pen for det nor­ske språ­ket, vil være det sam­me som å gi opp, skriv dei på leiarplass i dag. Les meir i Morgenbladet.

Lagt ut 14.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Hans Sande nominert til barnebokpris

Barnebokforfattaren Hans Sande er i lag med Gry Moursund nominert til Kultur- og kyrkjedepartemenet sin barnebokpris for 2007, som vert delt ut 11. april. Dei to har tidlegare vunne nynorsk barnelitteraturpris, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 13.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lokal eigenart i marknadsføringa

Osterøy Mållag og Osterøy Industrilag bed i kveld inn til seminar om bruk av lokal eigenart i sal og marknadsføring. Der kjem mellom andre Lerum-sjef Jan Petter Vadheim, melder Bygdanytt.

Lagt ut 13.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lomheim på mållagsvitjing

Tysdag fekk Sandefjord og Sandar Mållag vitjing frå språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Han tok møtelyden med på ei reise gjennom to tusen år med norsk språk, skriv Sandefjords Blad.

Lagt ut 13.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Bøyer seg for vedtaka

Jærbladet skriv på leiarplass at det er på tide å bøya seg for vedtaka som er gjort i Time kommune og Time Mållag, og samla kreftene om å få realisert Garborgsenteret ut i frå dei planane som ligg føre. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 13.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Jærmuseet tek over Garborgsenteret

Styringsgruppa for Nasjonalt Garborgsenter vert lagd ned, og arbeidet med senteret vert overført til Jærmuseet. Det er resultatet etter møtet i styringsgruppa i går. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Medlemsbylgje i Time Mållag

Striden om kva Time Mållag skulle meina om Garborgsenteret har mildt sagt vekt stort engasjement. Frå 28. januar til årsmøtet 5. mars fekk mållaget 30 nye medlemer, melder Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev nynorsk kinotekst

«Dude, where's my språk?»-ballen rullar vidare, og no er det Studentmållaget i Nidaros som slår seg på brystkassa. Sjå oppslaget i Under Dusken.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Nynorsken rotnar på rot

Lektor Svein M. Sirnes er ikkje særleg nøgd med at innstraminga av nynorsknormalen er lagt på is. Han er redd den store valfridomen og mangelen på konsekvente rettskrivingsreglar skapar forvirring og skyv folk over til bokmålet. Les kronikken i Dagbladet.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nordjore fekk målprisen

«Turbo-budeia» Bodil Nordjore, mellom anna kjent frå matinnslaga i Nitimen, fekk målprisen av Telemark Mållag i helga. Ho fekk mykje kjeft då den fyrste boka hennar kom ut på bokmål, men oppfylgjaren som kom i fjor var på nynorsk, og det sette mållaget stor pris på. Les meir i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Paal-Helge Haugen er tilbake

Etter ti år med stille er setesdølen Paal-Helge Haugen tilbake med ny utgjeving. Kvartett 2008 vert kalla ein «litterær milepæl» i Aftenposten.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Inviterer til språkseminar

Nordmøre Mållag og Romsdal Mållag skipar til seminar om språk i media 13. mars. Tidens Krav-redaktør Tore Dyrnes og nyhenderedaktør i Dagsavisen Kjell-Erik Kallset kjem for å innleia. Les meir i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Stavekontroll i ny utgåve

Ein ny versjon av den frie, norske stavekontrollen, som m.a. vert nytta i OpenOffice, er no lansert. Les meir på Digi.no, og last ned stavekontrollen hjå Det frie norske stavekontrollprosjektet for bokmål og nynorsk.

Lagt ut 11.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kronprinsen til Aasentunet

30. april vert det stor stas i Ivar Aasen-tunet. Då kjem kronprins Haakon for å opna den nye utescena til to millionar kroner. Leis meir på aasentunet.no.

Lagt ut 10.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Fryktar ikkje for Garborgsenteret

Korkje stortingsrepresentant Trond Lode (Sp) eller kulturutvalsleiar i Rogaland fylkeskommune Jarle Braut (V) trur splittinga i Time Mållag vil få stat eller fylke til å trekkja seg frå finansieringa av Garborgsenteret, slik Tarald Oma frykta. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 10.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt mållagsstyre i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Mållag har valt nytt styre. Tor W. Eikemo frå Kaupanger vart attvald som leiar. Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 10.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev pengar til nynorske lærebøker

Norsk Målungdom krev at kunnskapsministeren set av pengar til nynorske lærebøker, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 10.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Fryktar for Garborgsenteret

Avtroppa leiar i Time Mållag, Tarald Oma, er redd for at den interne usemja i laget vil føra til at bidragsytarane til Garborgsenteret får kalde føter. Han vonar ikkje det vert slik, men fortel at han likevel vil svara nei om nokon spør han om Garborgsenteret bør få støtte. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha «folkelege former»

Øystein Eik fylgjer opp leiarteigen i Sunnmørsposten med eit lesarbrev der han tek til orde for dialektfarga nynorsk og meir dialektbruk i radio på Sunnmøre. Les heile lesarbrevet i Sunnmørsposten.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kritiserer Kartverket

Fredrik Dyhren er misnøgd med måten Statens Kartverk har handtert namneendringane på Østre Toten, og viser til at fleire namn vert handsama ut i frå ulike prinsipp. Les heile lesarbrevet i Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil leggja til rette for nynorsk

Ny redaktør i Kommunal Rapport, Britt Sofie Hestvik, meiner det er heilt naturleg å veksla mellom nynorsk og bokmål, og ynskjer å leggja til rette for meir nynorsk i spaltene. Les leiarteigen i Kommunal Rapport.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

100 år og like aktuell

Telemark Mållag fyller 100 år, og markerer det under årsmøtet i Seljord laurdag. Leiar Nils Gjerde er oppteken av at mållagsarbeidet er like aktuelt no som for 100 år sidan. Les intervju med Gjerde i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Egil Johan Ree

Time Mållag har tildelt målprisen sin til journalisten og radiokåsøren Egil Johan Ree. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Årsmøtet i Time Mållag er over

Tarald Oma trekte seg som leiar av Time Mållag etter at han nok ein gong tapte kampen om lokalisering av Nasjonalt Garborgsenter under eit dramatisk årsmøte onsdag. Årsmøtet vedtok, som i fjor, å gå for samlokalisering med biblioteket. Les meir i Stavanger Aftenblad og Jærbladet.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Slutt på sidemålsfritak

Utdanningsdirektoratet er leie av spørsmål om nye «forsøk» med sidemålsfritak, og presiserer difor at slike søknader ikkje vil verta godkjende. FrP er ventande nok misnøgde. Les meir hjå Vest-Agder fylkeskommune, NRK Sørlandet og Siste.no.

Lagt ut 7.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ravi på nynorsk

Dialektprisvinnaren frå 2004, Ravi, tok utfordringa frå P3 Morgen med å setja om og framføra ei låt frå spelelistene deira. Og det gjorde han like greitt på nynorsk. Sjå videoklypp frå framføringa hjå P3 TV.

Lagt ut 4.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Få nynorskbøker for ungar

Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger er uroa over mangelen på lettlesne nynorskbøker for ungar.
– På vår leit etter lettlestbøker finn me over 100 bokmålstitlar, men berre 8 nynorsktitlar. Er dette mangfald, spør universitetslektor Trude Hoel. Les meir hjå Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking.

Lagt ut 4.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev pengar

NMU-leiar Jens Kihl er lei mangelen på nynorske læremiddel, og krev at kunnskapsministeren syter for nok pengar til parallellutgåvene.
– I desse dagar blir råmene for statsbudsjettet 2009 lagde, og då må Bård Vegar Solhjell hugse nynorskbøkene, seier Kihl til Utdanning.

Lagt ut 4.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Leiarstrid i Time Mållag

Styremedlem Inger Undheim tek opp kampen om leiarvervet i Time Mållag med Tarald Oma. Oma har tidlegare uttalt at han går av dersom årsmøtet i Time Mållag 5. mars ikkje snur i synet på lokalisering av Garborg-senteret, og no melder altso Inger Undheim sitt kandidatur. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 4.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Likestiller bokmål og nynorsk

Redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, skriv om språket i avisa på leiarplass, og kan skryta av at det er heilt utenkjeleg for Sunnmørsposten å utelata nynorsken.
– Hovudregelen er at lokalstoffet frå Ålesund skal skrivast på bokmål, og lokalstoffet frå dei andre kommunane på nynorsk, skriv Berg. Les resten av leiarteigen i Sunnmørsposten.

Lagt ut 4.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste dom på nynorsk

Hornindal kommune er dømd i arbeidsretten, men kan i minsto trøysta seg med at domen deira er den aller fyrste frå arbeidsretten på nynorsk, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 4.3.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen