nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: april 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Haakon planta nytt tuntre

I dag opna Kronprins Haakon den nye utescena i Aasen-tunet og han planta nytt tuntre i tunet. Det nye treet er ein genetisk kopi av Storebjørka som stod i tunet då Ivar Aasen voks opp. Les meir i Sunnmørsposten og på sidene til Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 30.4.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Verv til tusen!

Norsk Målungdom har planar om å nå 1000 teljande medlemer innan sumarleiren i juli, og sparkar difor i gang vervekampanjen Verv til tusen!. Les meir på kampanjesidene til NMU.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Færre nynorskelevar i Oppland

Færre grunnskuleelevar i Oppland har nynorsk som hovudmål no enn før. Les meir i Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha profileringa på nynorsk

Sogn Avis gjev full støtte til mållaget i striden om kva språk reisemåla i Sogn og Fjordane skal profilerast på. Dei bed VisitSognefjord sjå til Lerum og Hotell Alexandra. Les leiarteigen i Sogn Avis.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev reell jamstelling

Attvald leiar i Noregs Mållag, ynskjer at nynorsken skal verta reelt jamstelt med bokmålet. Les meir i Sogn Avis og på Yeye.no.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Etterlyser mangfald i Aftenposten

Ordskiftet om språkføringa i Aftenposten held fram, og no har Sigurd Skirbekk skrive eit nytt lesarbrev der han set spørjeteikn ved at den språklege praksisen i Aftenposten står i strid med at avisa ofte viser til «fri språkutvikling». Les heile lesarbrevet i Aftenposten.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Prisdryss frå mållaget

På mållagslandsmøtet i helga fekk forlaget Skald nynorsk barnelitteraturpris for 2007, Halvor Folgerø og Finn Tokvam fekk målprisen, Frode Grytten fekk nynorsk litteraturpris for 2007, Øystein Runde fekk nynorskstipend, og Lise Lunde Nilsen og Terje Torkildsen fekk målblomen. Les meir i NRK Sogn og Fjordane, NRK Sogn og Fjordane, NRK Sogn og Fjordane, Haugesunds Avis, Aura Avis, Vikebladet Vestposten og Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget støttar lærarane

Sogn Avis melder at Solhjell vitja landsmøtet i Noregs Mållag i helga, og der fekk han nok ei oppmoding om å reversera omleggjinga av eksamensforma i norsk. Mållagsleiar Hege Myklebust meiner eksamen i både bokmål og nynorsk same dag øydelegg for elevane, skriv Rogalands Avis.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Dragkamp om Astrupsenter

Tidlegare fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, meiner det planlagde Astrupsenteret bør leggjast til Ålhus i Jølster. Direktør for Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, meiner på si side at senter bør leggjast til Astruptunet. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt lærebokkaos til hausten

Mange lærebøker, og då serleg nynorskutgåvene, vil verta forseinka i år òg. Det melder m.a. Hegnar Online og VG Nett. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell meiner mange fylkeskommunar er for slappe, men han vil ikkje kalla læreboksomlinga for diskriminering, skriv Firda og Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil byrja tidlegare med nynorsken

Noregs Mållag vil ha nynorsk inn i undervisinga frå 5. klasse, melder Nettavisen og Tidens Krav. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell er ikkje avvisande, skriv Trønder-Avisa.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha mjølk i Sogn og Fjordane

Henning Rivedal frå er særs lite nøgd med at Tine leverer kartongar med «melk» i staden for «mjølk» til Sogn og Fjordane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Hundre år med nynorsk på Høle

Sidan 1908 har nynorsken vore skulemålet ved Høle skule, og mållagsleiar Hege Myklebust var med på feiringa. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Biografi om Bernt Støylen er ute

Oldebarnet Olga Støylen Runde har gjeve ut ein biografi om Bernt Støylen på Samlaget. Støylen stod i si tid mellom anna bak Nynorsk salmebok. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 29.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Profilerer nynorskfylket på bokmål

Nettstaden visitnorway.no omtalar reisemål i Sogn og Fjordane på bokmål. Det vil Sogn og Fjordane Mållag ha slutt på. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 23.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil samla mållaga i Kvinnherad

I Kvinnherad kommune finst det tre mållag, men no kan det sjå ut som at det går mot ei samanslåing. Det skriv Kvinnheringen.

Lagt ut 23.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Syng Rammstein på nynorsk

Musikkgruppa Rammsund dreg fulle hus på konsertane sine, der dei framfører Rammstein-låtar på nynorsk. Les intervju i Studvest.

Lagt ut 23.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Ingen skam å snu

Misnøya med den nye eksamensordninga i norsk brer om seg, og no bed Namdalsavisa departementet om å snu. Les meir i Leiarteigen i Namdalsavisa. Òg Roger Lockertsen i Nynorsklaget reagerer, han hevdar at regjeringa framleis lèt seg knebla av Kristin Clemet sin nynorskpolitikk. Les lesarbrevet hans i Nordlys.

Lagt ut 23.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken er for vanskeleg

Anne Viken kastar seg inn i ordskiftet rundt Brynjulf Jung Tjønn sitt farvel med nynorsken. Ho meiner det å bruka nynorsk krev for mykje tid og hovudbry. Les innlegget hennar i Aftenposten. Du kan òg lesa meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 23.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Advokatfirma fekk målblome

Kvinnherad Mållag har delt ut målprisen sin, som i år gjekk til advokatfirmaet Handeland & Døssland & Co. Husnes storsenter fekk ein ekstrapris. Les meir i Kvinnheringen.

Lagt ut 22.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nye protestar mot eksamensordninga

Elevar, foreldre, lærarar og rektorar over heile landet protesterer mot den nye ordninga med eksamen i hovudmål og sidemål på same dag. Direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet seier dei vil vurdera ordninga når eksamensperioden er over for i år. Les meir hjå mellom andre NRK Nyhende og Utdanning.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil redda nynorsken

Under Ungdommens Kulturmønstring i Buskerud i helga nytta drammensarane i rockegruppa Døden fra over 1901 høvet til å markera seg som beinharde nynorskforkjemparar. Les om dei i Drammens Tidende.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget rosar Vassendgutane

Mållagsleiar Hege Myklebust gler seg stort over suksessen til Ørsta-bandet Vassendgutane, som toppar VG-lista for tida. No har dei fått ros og blomar for innsatsen, overrekt av Myklebust sjølv. Les meir i NRK Møre og Romsdal, Romsdals Budstikke, Kvinnheringen og Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ny brosjyre på nynorsk

Quality Hotel Ulstein har endeleg fått brosjyre på nynorsk, og direktør Odd-Petter Meinseth lovar at både marknadsføringa og oppslagsverka på hotellet skal vera på nynorsk frametter. Les saka i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Sande vart ikkje mobba på Ullern

Lokalhistorikar, -politikar og tidlegare elev av Jakob Sande, Tom S. Vadholm, slår tilbake mot påstandane om at Sande vart mobba av elevane for dialekten sin. Les heile lesarbrevet i Ullern Avis Akersposten

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Norsk språk i fare

Stortingsmeldinga om språk nærmar seg, og kulturminister Trond Giske varslar at språkleg domenetap vil vera eit sentralt emne i språkmeldinga. Lingvist ved Universitetet i Oslo, Åshild Næss, er kritisk til ein del av argumentasjonen. Les meir i Morgenbladet.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nærum på nynorsk

Spellaget i Bondeungdomslaget i Oslo har sett opp Nærum-stykket Mord over ein låg sko, med Knut Nærum sjølv som instruktør. Les meir på Oslopuls.no.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Tek farvel med nynorsken

Journalist og forfattar Brynjulf Jung Tjønn tek i ein kronikk i Aftenposten farvel med nynorsken. Han skriv at han vert svimmel av alle dei valfrie formene. Saka er òg dekt av Firda og NRK Sogn og Fjordane. Redaktør og omsetjar Jan Wesenberg vurderer derimot å byta til nynorsk, som han skriv i eit svarinnlegg til Tjønn i Aftenposten. Olav Aarrestad skuldar på si side Tjønn for å bruka valfridomen som eit vikarierande argument for å fylgja straumen, òg det i eit innlegg i Aftenposten.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fleirspråkleg familie

Heime hjå familien Nikolajevna/Jan går praten på fem ulike språk. Les meir om den språkrike familien i Utrop.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Laura Djupvik fekk litteraturpris

Laura Djupvik frå Leikong er tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris for 2008. Les meir i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

HiO pressar nynorskstudentar

Høgskolen i Oslo bad student Øystein Fjæra om å trekkja det lovfeste kravet om eksamen på nynorsk, skriv Dagsavisen. Du kan òg lesa meir i mellom andre NRK Østlandssendingen, Radio Nova og Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 21.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Gratis lesebok til barnehagar og barneskular

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har gjeve ut ein antologi med nynorsk barnelitteratur. Boka har fått namnet Les for meg, og barnehagar og barneskular over heile landet får eit gratis eksemplar kvar, skriv Vikebladet Vestposten. Du kan òg lesa meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje ha eige bygg til Garborgsenteret

Dei jærske forfattarane Tor Obrestad, Helge Torvund og Einar O. Risa neittar å skriva under på forfattaroppropet mot å plassera Garborgsenteret i Forum Jæren. Dei seier framlegget er tullete, melder Jærbladet. Tor Obrestad og Bjørn Kvalsvik Nikolaysen har òg skrive lesarbrev til Aftenbladet.

Lagt ut 16.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

NRK kuttar «sigøynar»-omgrepet

Frå no av skal NRK kutta bruken av ordet sigøynar til fordel for nemninga rom. Det melder nrk.no. NMU-leiar Jens Kihl har vore i to radiodebattar mot Finn-Erik Vinje om emnet, på Kulturnytt i P2 og Her og nå i P1. Dei kan du høyra på NRK Nettradio. Du kan òg lesa meir om saka i Nationen.

Lagt ut 15.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vassendgutane toppar VG-lista

Sunnmørsbandet Vassendgutane har utan korkje plateselskap eller fjernsynsreklame selt over 30 000 eksemplar av den nye plata «XO» på rekordtid. Det fører dei til topps på Topp 40-lista, melder VG Nett.

Lagt ut 15.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ungdommens Nordiske Råd vil bruka engelsk

Stikk i strid med offisiell, nordisk språkpolitikk ynskjer Ungdommens Nordiske Råd å gå over til å bruka engelsk når dei meiner det er naudsynt. Les meir hjå Nordisk Råd.

Lagt ut 15.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Striden om Garborgsenteret blussar opp att

Ei lang rekkje medlemer av Den norske forfatterforening melder seg no på i kampen om kvar det nasjonale Garborgsenteret skal lokaliserast. Over 60 medlemer har til no slutta seg til kravet om eit eige bygg for Garborgsenteret, skriv Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 14.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha mangfald

I eit lesarbrev til Aftenposten skriv Sigurd Skirbekk om språkpolitikken i avisa og korleis det språklege mangfaldet har utvikla seg i Noreg. Les heile lesarbrevet i Aftenposten.

Lagt ut 14.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Har trua på Østfolddialekten

Magne Aasbrenn, leiar i Østfold mållag, er optimistisk på Østfoldmålet sine vegner. Han viser mellom anna til bruken av dialekten i reklame og marknadsføring. Les intervju i Fredrikstad Blad.

Lagt ut 14.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålet vann i Lunde

Med knappast mogleg fleirtal har kyrkjelyden i Lunde i Telemark opna for liturgi på bokmål. Frametter kjem gudstenestene som er knytte til konfirmasjon, skule, born og unge til å vera på bokmål, skriv Varden.

Lagt ut 14.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Landsmøtetalen på nettet

Under NMU-landsmøtet på Voss i slutten av mars var det ingen ringare enn fornyingsminister Heidi Grande Røys som heldt landsmøtetalen. No har ho lagt talen ut på departementet sine vevsider. Les heile talen hjå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Lagt ut 11.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Konferanse om nynorsk i næringslivet

16. april inviterer Sunnmøre Mållag til konferanse om nynorsk i næringslivet, og alle med interesse for kombinasjonen næringsliv, kultur og språk er velkomne. Les meir i Sulaposten.

Lagt ut 11.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ser til Sverige

Målungdomsleiar Jens Kihl gler seg over den nye språklova som er på trappene i Sverige.
– At grannelandet no tek grep for å sikre sin flik av språkmangfaldet i verda, er noko både Trond Giske og alle vi andre bør merke oss, skriv han i eit lesarbrev til Nationen.

Lagt ut 11.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Tysk nettlesar på nynorsk

Den tyske nettlesaren iCab, som er laga for operativsystemet Mac OS X, er komen i ny versjon med nynorsk omsetjing. Du kan lasta ned iCab hjå iCab.de.

Lagt ut 11.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Rammsund på Vestlandsturné

Oslo-bandet Rammsund, som syng Rammstein-songar på nynorsk, skal på turné til Vestlandet i april. Dei skal mellom anna spela i Ålesund, Ørsta, Bergen og på Sandnes. Les meir på Rammsund.com.

Lagt ut 11.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Klar for finale

I morgon er det finale i TV2-programmet Norske talenter, og mellom finalistane finn me multikunsnaren Oddvar Torsheim frå Sunnfjord. Han framfører Beatles-songar som han sjølv har omsett til nynorsk. Les intervju i Bergensavisen.

Lagt ut 11.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fryktar for norsk språk

Herlov Olsen frå Tromsdalen likar ikkje at tilnærmingspolitikken er daud.
– Den siste rettskrivningsendringa er i grunnen et tilbakesteg for norsk, all den tid vi må fram til ett nasjonalt språk i landet vårt, skriv han i eit lesarbrev til Nordlys.

Lagt ut 10.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskklasse.no er oppretta

Foreldre som vil ha ungane sine i nynorskklassar har fått eit nytt hjelpemiddel av mållaget: www.nynorskklasse.no.
– Det er viktig at foreldra kan finne god informasjon om rettane sine, og få tips om korleis dei gå fram. Det kan dei no finne på nettet, seier leiar Hege Myklebust til Utdanning.no.

Lagt ut 10.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kronprinsen kjem til Aasen-tunet

30. april vert det gratiskonsert i Aasen-tunet, og det kjem mellom andre kronprins Haakon. Les meir i Vikebladet Vestposten og i Avis 2.

Lagt ut 10.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Rektorar i protest

Skulesjef i Stavanger, Eli Gundersen, har sendt klagebrev til Utdanningsdirektoratet om den nye ordninga med eksamen i hovudmål og sidemål på same dag. I ryggen har ho alle rektorane i byen, skriv Stavanger Aftenblad. Elevane ved Austbø ungdomsskule er heller ikkje serleg imponerte over reformen. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 10.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Valldal-bær på nynorsk

Merkevara Valldal-bær har endeleg fått innpass i kjedebutikkar landet over, og produsenten Valldal Grønt lovar å halda på målet i marknadsføringa. – All marknadsføring og reklame sal skje på nynorsk. Det skal også signalisere identitet og tilknyting, seier Harald Valle til Sunnmørsposten.

Lagt ut 10.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Skal kartleggja dialektendringar

30 år er gått sidan språksosiologar byrja å samla ljodopptak av dialektprøvar, og det gjev i dag eit godt grunnlag for å studera dialektendringane. Helge Sandøy ved UiB skal leia prosjektet, som har fått namnet Dialektendringsprosesser, skriv Forskning.no. Du kan òg lesa meir i Nettavisen og Bergens Tidende.

Lagt ut 9.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Dama bak salgssuksessen

Tove Bakke omsette «Saman er ein mindre aleine» av Anna Gavalda til nynorsk, og det vart ein av dei største suksessane på Samlaget nokon gong. Fredag var ho på rådhuset i Tvedestrand og fortalde om arbeidet. Les meir i Tvedestrandsposten.

Lagt ut 7.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Svenskane får mållov

Eit utkast til mållov er sendt til den svenske Riksdagen for handsaming. I utkastet har fem minoritetsspråk, mellom desse meänkieli/tornedalsfinsk, fått status som offisielle minoritetsspråk, skriv Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende.

Lagt ut 7.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ny skrivar i Målungdomen

Janne-Kristin Nygård frå Vassenden i Jølster er vald til ny dagleg leiar i Norsk Målungdom, eit verv ho formelt tek over til sumaren. Les saka i Firda Tidend.

Lagt ut 7.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektdag i Alvdal

På laurdag heldt Austmannalaget dialektdag på Taverna i Alvdal. Der fekk mellom anna Jorleik Øverby fortelja om nordøsterdalsmålet, og Guren Hagen fekk dialektprisen. Les meir i Østlendingen.

Lagt ut 7.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektpris til Kari Ruud Flem

Hadeland Mållag har delt ut dialektprisen til Kari Ruud Flem. Ho har mellom anna nytta dialekten i arbeidet med Hadelandskalendarn, melder Hadeland.

Lagt ut 7.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Protesterer mot eksamensordninga

Stortingsvedtaket om å ha skriftleg eksamen i både hovudmål og sidemål på same dag, møter meir motbør frå skule-Noreg. Tiandeklassingane ved Åsnes ungdomsskole ventar dårlege karakterer, skriv Glåmdalen.

Lagt ut 7.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Løland-stipend til Arnt Birkedal

Rogaland Fylkeskommune har delt ut Rasmus Løland-stipendet på 100 000 kroner, og det gjekk til forfattaren Arnt Birkedal frå Stavanger. Stipendet skal stimulera til meir god norsk barne- og ungdomslitteratur. Les meir i Rogalands Avis.

Lagt ut 4.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk storsenter likevel

Etter stort press og engasjement frå lokalsamfunnet har Mosvold & Co omgjort vedtaket om å bruka bokmål som marknadsføringsspråk for Husnes Storsenter.
– Vi har registrert og gledd oss over det enorme engasjementet i lesarbrevspaltene, og mellom folk flest. Det har vi valt å lytta til, fortel Sten Falkum til Kvinnheringen. Les òg meir hjå Innsida.no.

Lagt ut 4.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Biografien om Bernt Støylen er ute

Biskopen og salmeskrivaren Bernt Støylen får no ein biografi, førd i pennen av oldebarnet Olga Støylen Runde. Arbeidet med boka har teke over fire år, skriv Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 4.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Aasen-tunet heidra for arkitekturen

I går vart den fremste prisen for arkitektur i Noreg, Houen-prisen, delt ut av kulturminister Trond Giske. Og mellom dei fem vinnarane var Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, melder Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 4.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk kinotekst på veg

Euforia film har lova å teksta minst éin kinofilm på nynorsk i år, og det vert fyrste gongen på 23 år. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 3.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Samisk bibel på nettet

Bibelselskapet har lagt ut Bibelen i samisk omsetjing på nettet, melder NRK Sámi Radio. Bibelen på samisk finn du på Bibelen.no.

Lagt ut 2.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Festspelprogrammet er klart

Programmet for Dei Nynorske Festspela er offentleggjort, og mellom trekkplastera finn me Herborg Kråkevik, Heine Totland og Gisle Børge Styve. Les meir i Vikebladet Vestposten eller hjå Aasentunet.

Lagt ut 2.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Master i nynorsk skriftkultur?

15. april går fristen for å søkja opptak til mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda ut. Det melder Utdanningsnytt.

Lagt ut 2.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Skigutane

Skigutane på Voss har fått målprisen av Hordaland Mållag for å syna nynorsken som ein framifrå reiskap i eit moderne og dynamisk næringsliv. Les meir i Avisa Hordaland.

Lagt ut 2.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

«Ein betre vår ein gong»

Fyrsteamanuensis og dr.theol. ved Høgskulen i Volda, Birger Løvlie, har skrive ein kronikk om Elias Blix i samband med Blix-biografien som kjem på Samlaget no i vår. Les kronikken i Sunnmørsposten.

Lagt ut 2.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste målpris frå Rauma Mållag

Rauma Mållag har nyss delt ut sin aller fyrste målpris til Else Marie og Bjørn Sæbø. Les meir i Åndalsnes Avis.

Lagt ut 1.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskelevar fekk målpris

Åttandeklassingane Fredrik Dale, Magne Kloster, Henrik Langeland og Torkel Toft er tildelt målprisen av Rogaland Mållag for å ha halde på nynorsken då dei byrja på ungdomsskulen. Les meir i Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis.

Lagt ut 1.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Torolv Hesthamar

Tidlegare ordførar og mållagsleiar i Ullensvang, Torolv Hesthamar, har fått målprisen av Ullensvang mållag. Les meir i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 1.4.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen