nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mai 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Bøkene klare til skulestart?

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lovar at dei fleste elevane skal få lærebøkene sine til skulestart, men tek atterhald om at nynorskutgåvene kan verta forseinka. Les meir i Moss Dagblad.

Lagt ut 30.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Euforia tekstar kinofilm på nynorsk

Distribusjonsselskapet Euforia Film har teke utfordringa frå Målungdomen på strak arm, og tekstar årets Gullbjørn-vinnar, den brasilianske filmen Tropa de Elite, på nynorsk. Les meir hjå NRK Kultur og Nationen.

Lagt ut 30.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Stø kurs i EU-svingane

– Vil ja-ungdomen nekta for at EU arbeidar for å konstruera ein felles identitet, spør Tore Syvert Haga, leiar i Ungdom mot EU, og NMU-leiar Jens Kihl i eit innlegg i Dagbladet.

Lagt ut 30.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje ha gamle bøker

Lærarane ved Sameskolen i Tana vil ikkje ha gamle lærebøker som ligg på lager. Dei krev at pengane heller går til produksjon av nye læremiddel, melder NRK Sámi Radio.

Lagt ut 29.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Meiner NTNU fylgjer lovverket

Stig Berge ved institutt for marin teknikk ved NTNU hevdar at studentane ikkje har rett på eksamensoppgåver på eige mål. Les innlegget hans i Universitetsavisa.

Lagt ut 29.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lagar oppgåvene på nynorsk

Emil J. Samuelsen ved institutt for fysikk ved NTNU er samd i at NTNU bryt lova når dei ikkje gjev eksamensoppgåver på nynorsk. Sjølv Samuelsen nynorske oppgåver til bokmålsbrukande studentar. Les innlegget hans i Universitetsavisa.

Lagt ut 29.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Trur nynorsk vert eit regionalspråk

Professor Arne Torp er ikkje optimist på nynorsken sine vegner. Han trur nynorsken i framtida vil forsvinna frå skulepensum og avgrensa seg til kjerneområda. Les meir i Gudbrandsdølen Dagningen, ABC Nyheter og Nationen.

Lagt ut 29.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Doublougprisen til Hovland

Ragnar Hovland er tildelt Doblougprisen under litteraturfestivalen på Lillehammer. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 28.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev samiske læremiddel

Fungerande barneombod Knut Haanes er mektig lei av at ingen tek sin del av andsvaret for at samiske elevar skal få lærebøker på samisk. Les innlegget hans i Nordlys.

Lagt ut 28.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Meiner NTNU bryt mållova

Jens Andersen ved institutt for fysikk ved NTNU gjev SmiN-leiar Kristin Fridtun rett i at NTNU bryt mållova. Les svarinnlegget hans i Universitetsavisa.

Lagt ut 28.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

SmiN kritiserer fysikkinstituttet

Institutt for fysikk ved NTNU freistar omgå kravet om eksamensoppgåver på både nynorsk og bokmål ved å leggja oppgåvene med som »vedlegg». Det får studentmållagsleiar Kristin Fridtun til å sjå raudt. Sjå lesarbrevet hennar i Universitetsavisa.

Lagt ut 27.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Om Stabæk og nynorsk

Terje Svabø skri om fotballklubben Stabæk og nynorsk, og peiker mellom anna på at mangfaldstenkjinga som ein kan sjå i fotballverda ikkje ser ut til å gjera seg gjeldande i samband med språkspørsmål. Les heile innlegget hans i Asker og Bærums Budstikke.

Lagt ut 27.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsktittel på VG Nett

I samband med at «nynorskeksamen» vart avlyst ved Valler vgs, nytta VG Nett høvet til å gjera ein vri på det, med nynorsk tittel og stikktittel. Sjå oppslaget hjå VG Nett, eller les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 27.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Meiner nynorsken har tapt

Lektor ved Rælingen vgs, Ole Petter Mostad, meiner bokmålet har vunne 10-1 over nynorsken, og at den obligatoriske sidemålsordninga bør fjernast. Les innlegget hans i Aftenposten.

Lagt ut 27.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Ørbæk tek feil

Arve M. Bakken, varalem til styret i Ivar Aasen-sambandet, svarar på Bjørn Kristen Ørbæk sitt innlegg. Bakken meiner Ørbæk sine påstandar, mellom desse at nynorsk er eit regionalspråk, er feil. Les svaret hans i Nationen.

Lagt ut 26.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vert likna med Hovland og Belsvik

Ronnie M. Larsen er ute med si debutbok, og Fredrikstad Blad meiner stilen hans minner om Ragnar Hovland og Rune Belsvik. Les bokmeldinga i Fredrikstad Blad.

Lagt ut 26.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lunken kritikk av Støylen-biograifen

Dagbladet meiner biografien om Bernt Støylen har nokre store fortrinn, men at han samstundes er tidvis dryg å koma gjennom. Les heile bokmeldinga i Dagbladet.

Lagt ut 26.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Feira Løland

På laurdag var det 147 år sidan Rasmus Løland vart fødd, og det vart feira i heimkommunen Suldal. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 26.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Skriveopplæring i motvind

Torlaug Hoel ved NTNU meiner eksamensordninga i norsk motarbeider målet i Kunnskapsløftet om å styrkja sakprosaen. Les kronikken hennar i Adresseavisa.

Lagt ut 26.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Språkmelding frå Kunnskapsdepartementet

Medan språkmeldinga frå Kyrkje- og kulturdepartementet lèt venta på seg, har Kunnskapsdepartementet offentleggjort ei eiga språkmelding, «Språk bygger broer». Meir om språkmeldinga finn du hjå Kunnskapsdepartementet.

Lagt ut 23.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Eksamensordninga kan reverserast

Torlaug Hoel kritiserer den nye eksamensordninga i ein kronikk i Adresseavisa. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell vil ikkje utelukka at ordninga med felles eksamen for hovud- og sidemål kan reverserast neste år. Les meir i Adresseavisa.

Lagt ut 23.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Teksta dansk på dansk?

Birger Steiro skriv om språk og språkforståing i Norden, og spør mellom anna om det kunne vore ein idé å teksta fjernsynsprogram frå andre nordiske land på språket til det landet programmet kjem frå. Les kronikken i Adresseavisa.

Lagt ut 23.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Svarar Ørbæk

Jens Haugan ved Høgskolen i Hedmark svarar Bjørn Kristen Ørbæk, og stiller spørsmål ved om Ørbæk faktisk debatterer, eller om han berre skriv og skriv uavhengig av kva som står i motinnlegga. Les heile innlegget i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 23.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sende ut feil versjon

Utdanningsdirektoratet orsakar det dårlege språket i matteeksamenen for 10. klasse, og forklarar at dei hadde sendt feil versjon til trykkeriet. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 23.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Er du god i nynorsk?

I samband med saka om skrivefeil i dei nynorske eksamensoppgåvene i matematikk, har Stavanger Aftenblad laga ein test der lesarane kan testa kor gode dei sjølve er i nynorsk. Ta testen hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Medlem i LNK likevel

Ordførar i Odda kommune, Gard Folkvord (Ap), melde tidlegare i år kommunen ut at Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Etter massivt press har han no snudd, melder Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget ynskjer «Noreg» på drakta

Norges Fotballforbund har bytt flagget på landslagsdrakta med ein ny logo der det står «Norge». Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, meiner landslaget bør spela med drakter som det står «Noreg» på. Les meir hjå ABC Nyheter, NA24 og NRK Rogaland.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk matteeksamen full av feil

Då 10A ved Sola ungdomsskole hadde eksamen på nynorsk i matte, fann den fortvilte klassestyraren Trond Otto over 20 reine skrivefeil i oppgåvene. Han meiner mange av elevane hadde skrive oppgåvene betre enn direktoratet. Les meir i mellom andre VG Nett og Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

100 000,- til målRock

Årdal kommune har løyvt 100 000 kroner til målRock-festivalen, trass i at rådmannen tilrådde å garantera for eit eventuelt underskot i staden. Les meir i Sogn Avis.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Skeptiske til éin eksamensdag

Rektorar, lærarar og elevar i Trøndelag er skeptiske til den nye ordninga med eksamen i hovudmål og sidemål same dag. Les meir i Adresseavisa.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vaage og Kaldestad til festspela

Lars Amund Vaage og Per Olav Kaldestad er mellom kunstanarane som er med når Dei nynorske festspela går av stabelen i juni, melder Kvinnheringen.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kvifor er nynorsken vanskeleg?

Olaug A. Haugen undrast over om det verkeleg er nynorsken som er vanskeleg, eller om det er omgjevnadene som gjer at nynorsken vert for tungvint å bruka for Brynjulf Jung Tjønn. Les heile lesarbrevet i Aftenposten.

Lagt ut 22.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sigøynar eller rom?

NRK Møre og Romsdal startar ein ny serie på radio og nett som har fått namnet Ord i dag. Og fyrste emne ut er kva nemning me skal bruka på romfolket/sigøynarane. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 21.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ville byta til nynorsk

Den nye biskopen i Møre bispedømme, Ingeborg Synøve Midttømme, fortel at ho ynskte å byta til nynorsk då ho gjekk på vidaregåande i Oslo. Men læraren hennar fekk henne til å la vera. Les heile intervjuet i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 21.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kleppa får ros

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er den fyrste kommunalministeren som tek opp språkspørsmål i eit stortingsdokument om rammevilkåra for kommunane, og det veit mellom andre Noregs Mållag å setja pris på. Les meir i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 20.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes Mållag får ikkje elevlister

Oppvekstutvalet i Sandnes kommune har landa på at dei framleis ikkje vil levera elevlister til Sandnes Mållag. Mållaget tek saka vidare til fylkesmannen og sivilombodsmannen, skriv Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 20.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Er norsk eit fattig språk?

Det spør Ruth Vatvedt Fjeld i Utdanning. Kristian Almås svarer nei, òg det i Utdanning.

Lagt ut 20.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpris til Solem

Odd Reidar Solem i TV2 er tildelt Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. Les meir hjå mellom andre Nynorsk mediesenter og NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 19.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ørbæk ut mot nynorsken

«Nynorsk er med andre ord ingen riksdekkende målform, men en lokal målform for deler av Vestlandet.» Slik opnar Bjørn Kristen Ørbæk sitt lesarbrev i Nationen i dag. Les resten i Nationen.

Lagt ut 19.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Læreboktrøbbel for samiske elevar

Etter at den siste skulereforma vart innført har det ikkje kome éi ny lærebok på samisk, og framleis ligg 150 000 bøker frå den førre reforma på lager, skriv NRK Kultur.

Lagt ut 19.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målprisar til elevar i Odda

Under den tradisjonelle russefrukosten i dag vart Anna Gusli Langesæter og Sølve Eidnes ved Odda vidaregåande skule tildelt Odda Mållags nynorskpris og Opedalsprisen. Les meir i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 16.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje gje mållaget elevlister

Kommuneadvokaten i Sandnes neittar å tilrå oppvekstutvalet i kommunen å utlevera elevlister til Sandnes Mållag, jamvel om Mållaget har fått støtte frå både Fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet. Les saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 16.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

På tide med samnorsk?

Henry Olstad spør i eit lesarbrev om det kanskje er på tide å la språkforskarane setja seg ned og laga eit nytt, samnorsk mål, bygt på det beste frå bokmål og nynorsk. Les heile innlegget i Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 16.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Skule vil laga lærebøker på lulesamisk

Rektor ved Drag skole i Tysfjord kommune, Solveig Skjelnes, ivrar etter å utvikla lulesamiske lærebøker ved skulen. Kommunen har søkt Sametinget og Kunnskapsdepartementet om 10 millionar kroner til arbeidet. Les meir i Lokalavisa NordSalten.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lokalavis vil ha lule- og sørsamisk pressekontor

Styreleiar Filip Mikkelsen i Lokalavisa Nordsalten stiller seg positiv til framlegget om å oppretta eit pressekontor som skal laga nyhendesaker på lulesamisk og sørsamisk, melder NRK Sámi Radio.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Slår eit slag for tegnspråket

AUF i Oppland ynskjer å gjera tegnspråk til offisielt minoritetsspråk i Noreg, og det tek leiar Even A. Hagen til orde for i eit lesarbrev til Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ordrik på tilbod

Nynodata har laga eit spesialtilbod til deg som snart skal opp til eksamen i nynorsk sidemål eller hovudmål. Dei tilbyd no synonym- og fornorskingsordlista Ordrik til spesialpris. Les meir og kjøp Ordrik hjå Nynodata.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget krev læremiddel til innvandrarar

Eit samla landsmøte i Noregs Mållag står bak kravet om opplæringsmateriell på nynorsk for innvandrarar, skriv leiar Hege Myklebust i Utdanning.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Regjeringa kneblar seg med Clemet-politikk

Roger Lockertsen, leiar i Nynorsklaget, er misnøgd med at den raud-grøne regjeringa ikkje har oppheva den nye eksamensordninga. Les innlegget hans i Dagbladet.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ein modig biskop

Biografien om Bernt Støylen er framleis aktuell. Birger Løvlie ved Høgskulen i Volda har i samband med det skrive ein kronikk om Støylen i Sunnmørsposten.

Lagt ut 15.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil verta teatersjef på Det Norske Teatret

Teatersjef ved Teatret Vårt, Carl Morten Amundsen, er mellom søkjarane til stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret. Les intervju i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 14.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vista på nynorsk

Språkgrensesnittpakka til Windows Vista er komen på nynorsk! Last ned pakka hjå Microsoft.

Lagt ut 13.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Grepstad svarar Tjønn og Viken

Direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, svarar på utspela til Anne Viken og Brynjulf Jung Tjønn, som meiner nynorsken er for vanskeleg. Han meiner den skeive maktfordelinga er årsaka til at mange slit med nynorsken, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 13.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Viken ut mot mållagsprogram

Anne Viken er kritisk til det førre arbeidsprogrammet åt Noregs Mållag, som m.a. inneheldt punkt om sidemålsekskursjonar til nynorske område for bokmålselevar.
– Først når Noregs Mållag har kontakt med røynda, eller verkelegheita som eg seier her i ekskursjonsland, kan vi ta nynorskklanen på alvor, skriv ho i Nationen.

Lagt ut 13.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målblome til Lindås Ungdomslag

Lindås Mållag har tildelt målblomen sin til Lindås Ungdomslag, melder Avisa Nordhordland.

Lagt ut 13.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

by:Larm får pepar frå NRK

Musikksjef i NRK P1, Per Ole Hagen, meiner musikkbransjen må hjelpa artistar som vil syngja på norsk, og kritiserer serleg by:Larm. Les meir hjå NRK.

Lagt ut 13.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kritiserer identitetsbyggjinga i EU

Leiar i Ungdom mot EU, Tore Syvert Haga, og Målungdomsleiar Jens Kihl tek for seg måten EU driv identitetsbyggjing på i ein kronikk i Dagbladet.

Lagt ut 9.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Nynorsk frå 1. klasse!

Mållaget sitt ynske om å få nynorsken inn i skulen frå 5. klasse av vekkjer reaksjonar, mellom desse frå ei ung jente som vil ha nynorsk alt frå 1. klasse av. Les innlegget signert «ung jente som skriv på nynorsk» i Tidens Krav.

Lagt ut 9.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Heilt nye reglar

Elevane ved Gimle skole er misnøgde med den nye eksamensordninga, der elevane skal skriva stilar på hovudmål og sidemål same dag. Dei føler seg som prøvekaniner, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 9.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Treng nynorsk

NMU-leiar Jens Kihl svarar på Jan Mørkedal sitt spørsmål i Aftenposten om me har bruk for nynorsken. Les svarinnlegget i Aftenposten.

Lagt ut 9.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Suldøl i NMU-landsstyret

Suldølen Tjerand Haugen Havrevoll er vald inn i landsstyret i Norsk Målungdom. Les intervju med elektroeleven i Suldalsposten.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer lokalt vedtaksmynde for stadnamn

Arne Nysveen, oppmålingsingeniør i Øystre Slidre, er lei av at lokale styresmakter har smått med råderett over stadnamna. Les heile innlegget i Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha samisk i andre fag

Henrik Triumf Jacobsen spør kvifor elevar som vil læra samisk ikkje kan gjera det utan at det kjem i staden for eit anna fag, og undrast om ikkje det kunne vera mogleg å læra samisk ved å bruka det i andre fag, som matematikk. Les innlegget hans i Nordlys.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha samisk pressekontor

Arbeidapartirepresentanten Bjarne Store-Jakobsen vil fremja ei sak for Sametinget om å oppretta eit eige pressekontor som produserer gratis nyhendestoff på lule- og sørsamisk. Les meir hjå NRK Sámi Radio.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Læremiddeltrøbbel for samane

Sametingsrådet sitt framlegg til Strategisk plan for samisk læremiddelutvikling vekkjer lite jubel hjå Norske Samers Riksforbund, melder Nordlys.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil skriva på sørsamisk

Avisa Snåsningen lover å skriva delar av stoffet på sørsamisk dersom dei får meir pressestøtte. Det melder NRK Sámi Radio.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Tolv søkjarar til Det Norske Teatret

Ikkje mindre enn tolv personar har søkt på stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret, melder Scenekunst.

Lagt ut 7.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

«Rabatt» til nynorskelevane?

Lektor og sensor i norsk Jan Mørkedal lurer han på om han bør gje nynorskelevane «rabatt» fordi språket deira er vanskeleg. Les innlegget hans i Aftenposten.

Lagt ut 6.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Har framleis ikkje fått nynorskbøkene

På enkelte av yrkesfaga ved Ål vidaregåande skule har elevane framleis ikkje fått nynorskbøkene sine, snart ni månader etter skulestart.
– Me måtte ta til takke med bokmålsutgjevingane, seier rektor Oddvar Skråmestø til Hallingdølen.

Lagt ut 6.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Misnøgde med nynorskdelen i salmeboka

I framlegget til ny salmebok er delen av nynorsksalmar redusert frå 40 til 37 prosent. Noregs Mållag meiner kyrkjelydar med nynorsk liturgimål må ha rett på like mange salmar på målet sitt som kyrkjelydar med bokmål som liturgimål, skriv Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 5.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Prioriterer mangfald framfor nynorsk

Vassdrags- og energidirektoratet (NVE) slit med å oppfylla krava i mållova, og grunngjev vanskane med at mange tilsette med innvandrarbakgrunn ikkje kan nynorsk. Les saka i Aftenposten.

Lagt ut 5.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Svenskane syng på svensk

Medan mange norske artistar vel å skriva låtane sine på engelsk, blømer den svenskspråkelege popmusikken i grannelandet. Les meir hjå NRK Kultur.

Lagt ut 5.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Bør Venstre få sleppa til?

Liv Ingebrigtsen meiner at Arbeidarpartiet, SV og Høgre har vist at dei ikkje kan styra skulen, og spør i eit lesarbrev om ikkje det kan vera ein idé å sleppa Venstre til. les heile innlegget i Nordlys.

Lagt ut 2.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Katrine Sele fekk Sivleprisen

Den aller fyrste Sivleprisen for god nynorsk er tildelt Katrine Sele, journalist i Firda. Les meir i Firda og NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 2.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kronprinsen les nynorsk for borna

Kronprins Haakon vitja Ivar Aasen-tunet på onsdag, og i samband med det kunne han fortelja Sunnmørsposten at han les nynorske bøker for ungane sine. Les saka i Sunnmørsposten.

Lagt ut 2.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fråfallen på ein annan måte

Fyrsteamanuensis og tidlegare mållagsleiar Jan Olav Fretland skriv i eit lesarbrev at han har gått frå å vera for ein open rettskrivingsnormal til å vilja strama inn. Les innlegget i Aftenposten. Du finn òg meir om saka i Firda.

Lagt ut 2.5.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen