nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juni 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Etterlyser norsklærarane

Jens Haugan ved Høgskolen i Hedmark meiner fleirtalsretorikk høver dårleg i skulepolitikken, og etterlyser engasjement frå norsklærarane i språkdebatten i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 30.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Språkmeldinga får skryt

Stortingsmeldinga «Mål og meining» er presentert, og får skryt både frå Noregs Mållag i Sogn Avis og på leiarplass i Bergens Tidende. Språkmeldinga kan du lesa hjå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Lagt ut 30.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Språkmeldinga vert presentert i dag

I dag vert stortingsmeldinga om språk presentert. Til no er det kjent at Giske ynskjer seg nynorsk i rikspressa, og at han vil strama inn nynorsknorma. Les meir i NRK Sogn og Fjordane, NRK Kultur, VG Nett og Aftenposten.

Lagt ut 27.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sminkar seg på nynorsk

Olaug Nilssen ynskjer seg meir offensive kvinnebladredaktørar, og bed dei oppsøkja nynorskskrivande skribentar og be om artiklar på nynorsk. Les heile innlegget i Bergens Tidende.

Lagt ut 27.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ordskifte om nynorsk i vekepressa

Olaug Nilssen er ein av paneldeltakarane i debatten om nynorsk i kvinne- og ungdomsblad på Dei Nynorske Festspela i dag. Ho meiner nynorskbrukarane må få andre alternativ enn Dag og Tid og Syn og Segn. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 26.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

ÅmliAvisa årets nynorskbrukar

Den fire månader ferske ÅmliAvisa er kåra til årets nynorskbrukar. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal eller NRK Sørlandet.

Lagt ut 26.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Meltveit Kleppa opnar festspela

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa opnar Dei Nynorske Festspela på onsdag. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 23.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Rammsund innfridde

Oslo-gruppa Rammsund får gode skussmål for konserten på Rockefeller. Dei får mellom anna skryt for nynorskbruken sin i konsertmeldinga i Lokalavisen Frogner og St. Hanshaugen.

Lagt ut 23.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Karakterar i fritt fall med ny eksamensordning

Den nye ordninga med felles eksamensdag for bokmål og nynorsk skapar stor frustrasjon i skule-Noreg. Fleire skular melder om overraskande karakterdumping, skriv Kommunal Rapport.

Lagt ut 20.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kritiserer den raud-grøne språkpolitikken

Bjørn Kristen Ørbæk har skrive nok eit lesarbrev om språkpolitikk og nynorsktvang til Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 20.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpris til Øystese-elev

Kaia Skromme frå Åkra er tildelt Halldor O. Opedals fond for god og stødig bruk av nynorsk. Les meir på innsida.no.

Lagt ut 20.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nesten berre bokmål i dameblada

Med unnatak av i Elle er det lite nynorsk å finna i norske dameblad. Elle-redaktør Signy Fardal har mest berre gode røynsler knytt til nynorskbruken. Les meir i Nationen.

Lagt ut 19.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Rammsund på Rockefeller

Oslo-gruppa Rammsund, som framfører Rammstein-songar på nynorsk, skal ha konsert på Rockefeller. Les meir i Lokalavisen Frogner og St. Hanshaugen.

Lagt ut 19.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Svimeslegen av marokkansk politi

Menneskerettsaktivisten Sidi Mohammed Daddach vart slegen i svime av marokkansk politi i Vest-Sahara i går. Det hende med ein norsk delegasjon til stades, mellom desse NMU-leiar Jens Kihl og påtroppande sentralstyrelem Birgitta Lim Ersland. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 18.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lurivar viser veg

Kvar tysdag og fredag i sumar viser tunkatten Lurivar born i alle aldrar rundt om i Ivar Aasen-tunet. Les meir i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 18.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kritiserer dei raud-grøne

Bjørn Kristen Ørbæk meiner dei raud-grøne partia må endra språkpolitikken sin, og viser mellom anna til sidemålsforsøket i Oslo, som han hevdar var vellukka. Les heile innlegget i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 18.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Dialekttest for snakålar

Ulstein mållag har lagt ut ein ny dialekttest, melder Vikebladet Vestposten. Ta testen hjå Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 17.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Elevar laga nynorsk minnepinne

Elevar får Ørsta ungdomsskule har vore på gründercamp, og det har resultert i ei nynorsk minnepinne. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal og Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 16.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sprik på borgarleg side

Bjørn Kristen Ørbæk meiner dei borgarlege partia har ein sprikjande språkpolitikk. Han hevdar FrP er det einaste borgarlege partiet med «klar tale» i språkpolitikken. Les heile innlegget i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 16.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes Mållag får elevlister

Etter at Sandnes kommune i lang tid har neitta å levera elevlister til Sandnes Mållag, får mållaget no elevlistene frå Folkeregisteret i staden. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 13.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Opptur for Samlaget

Fjoråret vart eit sers godt år økonomisk sett for Det Norske Samlaget. Omsetnaden deira gjekk opp med 35 %, skriv NA24.

Lagt ut 13.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje truga bokhandlarar

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Olav Bratland (H), vil ikkje bruka trugsmål om å ikkje handla med bokhandlarane som pressmiddel for å få dei nynorske lærebøkene på plass. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 13.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Facebook på nynorsk

Vevsamfunnet Facebook er under omsetjing til nynorsk, og det fell i særs god jord hjå NMU-leiar Jens Kihl. Les meir i Bergensavisen, Vikebladet Vestposten og NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 11.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

NMU har fått nye vevsider

Dei nye vevsidene åt Norsk Målungdom er endeleg på plass, og fleire godbitar som forum og nettbutikk er på veg. Sjå dei nye sidene på målungdom.no.

Lagt ut 11.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Avspark for NDLP

I dag er det avspark for det nyskipa Network to Promote Linguistic Diversity, der Noregs Mållag er mellom medlemene, i Brüssel. Les meir hjå Eurolang.net (på engelsk).

Lagt ut 11.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kåre Lilleholt fekk målpris

Kåre Lilleholt, jusprofessor ved Universitetet i Oslo, er tildelt Juristmållaget sin målpris for 2008. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 10.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Superveke i vervekampanjen!

Vervekampanjen i Norsk Målungdom, Verv til tusen!, går no inn i Superveka. Vervingane som kjem inn denne veka vil, i tillegg til å utløysa dei vanlege vervepremiane, òg kunna gje ekstra bonuspremiar til dei som er flinke å verva. Les meir på vervesidene åt NMU.

Lagt ut 9.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Avfeiar elitestempelet

Vidar Lund er ikkje samd i Terje Jensås sine påstandar om at nynorske parallellklassar bryt med einskapsskulen. Les svarinnlegget til Vidar Lund i Utdanning.

Lagt ut 9.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Syng på hallingdøl

Systrene Tove og Anita Bøygard har gjeve ut ei ny plate, og har bytt ut engelske songtekstar med tekstar på hallingdøl. Les meir i Nationen.

Lagt ut 9.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil skriva «Luravigå»

Sandnes Mållag har skrive brev til bydelsutvala, der dei bed alle ta eit standpunkt i spørsmålet om stadnamn på hokjøn i distriktet skal skrivast med a- eller å-ending. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 9.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

NPK på nettet

Nynorsk pressekontor har lansert NPK Direkte, ei ny teneste som rettar seg direkte mot nynorske media. Les meir på Digi.no.

Lagt ut 6.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fjerna sidemålsopplæringa

Bjørn Kristen Ørbæk siterer Ole Petter Mostad sitt lesarbrev i Aftenposten 26. mai, der Mostad tek til orde for å fjerna den obligatoriske sidemålsopplæringa. Les heile innlegget i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 6.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Stavanger skal lesa Arild Rein

Boka Kaninbyen av nynorskforfattaren Arild Rein skal prentast i 15-20 000 eksemplar og delast ut gratis under Kapittelfestivalen i Stavanger seinare i år. Les meir hjå Stavanger 2008.

Lagt ut 5.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskklassar = eliteklassar?

Terje Jensås meiner nynorske parallellklassar utelukkar ressurssvake elevar og innvandrarborn, og at ordninga bryt med einskapsskulen. Les heile innlegget hans i Utdanning.

Lagt ut 5.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Windows talar norsk

Talesynteseprogrammet LingSpeak Arne lansert, og «Arne» kan lesa opp tekst i Windows på både nynorsk og bokmål. Les meir på Digi.no.

Lagt ut 4.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Støttar nynorskstudentane

Fylkesleiar i Sør-Trøndelag KrFU, Helge Gårdsvoll, kastar seg inn i nynorskordskiftet på NTNU. Han meiner det ikkje bør vera noko problem å laga nynorske eksamensoppgåver. Les innlegget hans i Universitetsavisa.

Lagt ut 3.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

NRK braut 25 %-regelen

NRK innfrir framleis ikkje kravet om minst 25 % nynorsk, og får refs av Medietilsynet. Kommunikasjonssjef i NRK, Sigurd Sandvin, tek sjølvkritikk. Les meir i Nationen.

Lagt ut 2.6.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen