nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juli 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Bakkenettmottakar på nynorsk

Det koreanske firmaet Humax har laga sin fyrste bakkenettmottakar, og bruksrettleiinga på skjermen er på nynorsk! Les meir hjå Teknofil.

Lagt ut 4.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget vil ha to eksamensdagar

Noregs Mållag meiner den nye eksamensordninga med felles eksamensdag for hovudmål og sidemål går utover nynorsken. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 4.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vart omsett til bokmål

Ivar Vik frå Aure er ikkje nøgd med at Tidens Krav omsette biletteksten han sende inn til «lesernes side» til bokmål. Les reaksjonen hans i Tidens Krav.

Lagt ut 4.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer grep for språket

Avisa Grannar er nøgde med språkmeldinga, men påpeiker at problemet ofte ligg hjå næringslivet.
– Det er ei grense for kor langt ein kan styre språket gjennom offentlege institusjonar, skriv dei i leiarteigen i Grannar.

Lagt ut 3.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Meiner bokmålet vann

Lektor Einar Kr. Steffenak meiner bokmålet har vunne målstriden, fordi 90 % av folket har valt å skriva bokmål. Les innlegget hans i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 3.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Fleirtalet meiner sidemål er uviktig

43,9 % av dei spurde meiner det ikkje er viktig å læra både nynorsk og bokmål på skulen. 27,9 % meiner det motsette. Det går fram av distriktsbarometeret i Nationen. Forfattar Olaug Nilssen er positivt overraska. Les meir i Nationen.

Lagt ut 2.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Snever språkdebatt

Marita Kristiansen ved Norges Handelshøyskole meiner debatten i kjølvatnet av stortingsmeldinga om språk er for snever. Les innlegget hennar i Dagbladet.

Lagt ut 2.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha språkbanken til Førde

Sogn og Fjordane KrF vil ha den nasjonale språkbanken til Førde. Språkbanken er ei av hovudsatsingane i stortingsmeldinga om språkpolitikk. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 2.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Rart me aldri får språkfred?

Kulturredaktør i BT, Jan Harald Landro, er glad for språkmeldinga frå Kulturdepartementet, men undrar seg over at dei ikkje klarte å laga ei sams melding med Kunnskapsdepartementet. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 1.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Trur nynorsken vil døy

Om 100 år vil nynorsken vera daud, meiner eit knapt fleirtal av lesarane til nettutgåva av Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 1.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Godt oppmøte på Festspela

Over 6100 vitja Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda førre helg. Les meir i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 1.7.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen