nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: august 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nynorsk i heile Hallingdal

Hallingdal Unge Høgre meiner noko må gjerast for å sikre nynorsken. Dei går no inn for nynorsk i grunnskulen i heile Hallingdal. – Unge Høgre er ikkje mot nynorsk, slik enkelte trur. Me er snarare opptekne av at me må ta vare på språket vårt, og i Hallingdal bør det vere nynorsk, fortel Iseling Haugo, leiar i Hallingdal Unge Høgre til Hallingdølen.

Lagt ut 28.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fylka har skulda

– Det er amatørmessig. Fylkeskommunane som sit med ein kvart milliard til innkjøp av læremiddel, viser at dei ikkje kan gjera ein profesjonell jobb, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom til NRK.

Lagt ut 25.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

KrF-kvinnene i Sogn og Fjordane stør nynorskkravet

KrF-kvinnene i Sogn og Fjordane meiner det er sjølvsagt at nynorskelevene får alle bøkene sine til skulestart og meiner det er prisverdig at elevene sjølv går til kamp mot forlaga, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 25.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

I underkant av 600 bøker manglar

På Stord vidaregåande manglar i underkant av 600 bøker. – Me slit med å få tak i bøker på nynorsk i enkelte fag. Dette gjeld særskilt små fag og yrkesfag, seier assisterande rektor Lars Inge Isdahl til Haugesunds Avis.

Lagt ut 25.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Gi oss nynorskbøker no!

Målungdomen i Førde og på Firda og Janne Kristin Svarstad Nygård, daglig leiar Norsk Målungdom, hadde aksjon på Hafstad vidaregåande for nynorske læremiddel. Les meir i Firda.

Lagt ut 21.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk for fall på Notodden

Ved Heddal ungdomsskule byttar fire av fem elevar frå nynorsk til bokmål, stadfestar rektor Olav Smedsrud for i Telen.no.

Lagt ut 21.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskdebut

Jan Roar Leikvoll (32) debuterer med romanen «Eit vintereventyr». "Noe løsnet da jeg begynte å skrive på nynorsk. Det var faktisk Jon Fosse som foreslo at jeg skulle skifte over fra bokmål til nynorsk". Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 20.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

For seine nynorskbøker på Kongsgård

Hege Myklebyst, leiar i Noregs Mållag, og Eva Holthe Enoksen, leiar i Kongsgård Elevmållag, meiner det er eit problem at mange nynorskbøker kjem for seint, og at det gjer at det vert vanskelegare for nynorskelevane å halda på nynorsken. Høyr dei i ettermiddagslokalen i NRK-rogaland.

Lagt ut 20.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Uhaldbart

SV medlem og aktiv nynorskbrukar, Sigbjørn Løland Torpe, meiner det er uhaldbart nynorskbøker kjem for seint i år igjen. – Kvifor skjer dette kvart år?, vil han vite i eit lesarinnlegg i Nationen.

Lagt ut 20.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje bøkene i tide

Mange nynorskelevar står i fare for å ikkje få mange av bøkene sine i tide, melder NRK nyhende

Lagt ut 20.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Utan nynorskbøker

Heller ikkje i år får nynorsk-elevane mange av bøkene til skulestar. – Og i ein del av faga vil det ikkje komma nynorskbøker i det heile, seier bibliotekar ved Flora vidaregåande skule, Liv Høynes Strømmen til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Øydelegg for den nynorske målforma

Fylkespolitikar i Sogn og Fjordane, Karianne Torvanger (AP), vil rydde opp forskjelsbehandlinga av nynorskelevar som no skjer med manglande nynorskbøker til skulestar. – Dette er noko vi ser kvart år, og no er tolmodet slutt, seier ho til Firdaposten.

Lagt ut 19.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

- Meiningslaust å lære nynorsk

meiner styrelem i Riksmålsforbundet, Inger-Lise Nyheim (68). Les meir i Budstikka.

Lagt ut 18.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

- Fylkeskommunale amatørar

Norsk Målungdom meiner fylkeskommunane er for dårlege til å stille krav til forlaga. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 18.8.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Sørsamisk på veg oppover

Det sørsamiske språket er på veg ut av ein dårleg spiral. Det meiner Inger Johansen, doktorgradsstipendiat ved Samisk høgskole i Kautokeino. Les meir på Forskning.no.

Lagt ut 13.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Forlaga vil ha pengar

– Vi har ikkje ressursar sjølve til å gje ut bøker på nynorsk om det berre er 80-200 stykke som skal trykkast opp, fortel forlagsleiar Johan Dale til Firda.

Lagt ut 13.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Seine nynorskbøker i år igjen

Lærebøkene på nynorsk kjem ikkje til skulestart i år heller, og sume av bøkene kjem ikkje på nynorsk i det heile. Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 12.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer større målfokus

Odd Nordstoga meiner målRock er ein viktig festival, men skulle gjerne sett eit endå sterkare fokus på målbruken. Les saka i Sogn Avis.

Lagt ut 12.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

På dialekt etter femti år

Nærare femti år etter at rogalendingane Thor G. Norås og Harald Petterson måtte syngja på austlandsk, kjem songane deira ut på ny, denne gongen framført på dialekt av Hilde Fjørtoft. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 12.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Torgersen og Paus i duett

Kjell Inge Torgersen, som gjorde suksess med å syngja Sting-songar på nynorsk, har fått med seg Ole Paus på den nye plata si, som òg er på nynorsk. Les meir i Rogalands Avis.

Lagt ut 11.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sein rapportering om skulebøker

Fylkeskommunane treng ikkje rapportera til Kunnskapsdepartementet om bokinnkjøpa sine før 10. september. Mållagsleiar Hege Myklebust meiner det er for seint. Les saka i Dagsavisen.

Lagt ut 11.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Sensur i Noreg?

Ei gruppe kinesiske studentar ved Høgskulen i Volda har fått blankt nei frå Dagbladet på ein artikkel av di han var på nynorsk. Les meir i eit lesarbrev frå Reidun Aambø i Sunnmørsposten.

Lagt ut 11.8.08 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen