nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Norsk i lærarutdaninga

Språkdebatten i Hamar Arbeidarblad held fram med at førsteamanuensis i Norsk ved høgskulen i Hedmark, Jens Haugan, reknar med at alle som vel å studera norsk er motiverte til å læra om alle dei relevante sidene ved faget. Les heile artikkeleng her.

Lagt ut 24.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vinje skrubbar grunnlova

Språkforskar Vinje har modernisert språket i grunnlova på oppfordring frå stortingsgruppa til FrP. Les meir i Nationen.

Lagt ut 24.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Open høyring om språkmeldingane

På Ivar Aasen-tunet i Ørsta, vert det halde ei opa høyring om dei to språkmeldingane på fredag. Både Noregs Mållag, Riksmålsforbundet og Utdanningsforbundet er repressenterte. Les meir i Vikebladet.

Lagt ut 24.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål kan bli valfritt i Vest-Agder

Dei seks repressentantane i hovudutvalet for kultur og utdanning, som kjem frå Framstegspartiet, Høgre og Pensjonistpartiet, har gått inn for å søkja utdaningsdirektoratet om eit triårig forsøk med med valfri skriftleg sidemålsundervisning i den vidaregåande skulen. Les meir i NRK Sørlandet.

Lagt ut 23.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Elevar må få nekte å ta eksamen

Dette meiner dagleg leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, om dei nynorskelevene som ikkje har fått bøkene sine i tide. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 23.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Konverterte til mållaget

Tidlegare leiar av nedlagte Sandefjord Riksmålsforening, Odd Aanderud-Larsen, har no gått over til Sandefjor og Sandar Mållag, melder Sandefjord Blad.

Lagt ut 23.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fagbokredaktør skuldar Solhjell for seine skulebøker

Redaktør i Fagbokforlaget og Økonomiforlaget Arnstein Bjørke gir Bård Vegard Solhjell ansvaret for dei forseinka lærebøkene. – Me får ikkje svar på kva bøker som skal ut og kva tid pengane kjem, seier Bjørke til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 22.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Samordna innkjøp av lærebøker

Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Tor Bremer, meiner Vestlandsrådet må samordne inkjøp av lærebøker til dei vidaregåande skulane på heile vestlande for å unngå at nynorskelevar ikkje får lærebøkene sine til skulestart. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Storegutpris til Audun Svartdal

Sturegutprisen for bruk av lett og ledig nynorsk i det offentlege rommet, går i 2008 til Audun Svartdal, i følge Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Trur fosse vil bli sitert

Professor i Nordisk Språk ved Universitet i Stavanger, Inge Særheim, meiner det nye fossestykke "Desse auga", som vart framsynt utandørs under Stavanger 2008, har potensiale til å bli sitert på same måte som mange av dei mest kjende stykkene til Ibsen og Shakespear. Etter framsyninga har uttrykk som "Eg er her. Eg er her allid" herja som ein farsott i visse miljø, skriv Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– forlag mobbar nynorskelevane

I religionsboka "I same verda" kan ein finne ord som "gjevmildskap", "omhugsam" og "heilseg", i staden for nyare ord som "gåvmild", "omtenksam" og "heilskapleg". – Her er det nokon som gjev eit nytt tilskot til mobbing av nynorsk, seier Jan Olav Fretland, tidlegare leiar i Noregs Mållag til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kultforfattar haldt offentleg interview i Kult.Kafeen

Arild Rein haldt sitt fyrste - og siste - offentlege inerview på Kult.Kafeen under litteratur og ytringsfridomsfestivalen Kapittel 08. Forfattaren har skrive boka "Kaninbyen", som vart kåra av Siddisane til prosjektet "Hele byen leser". Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Torgersen held konsert i nedlagt havnetunnel

Plateaktuelle Kjell Inge Torgersen seier han trur konserten kjem til å bli kjempespanande, og samanliknar det med ein "lydekspedisjon i byens mage. Les meir i Rogalands Avis.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kjeltringfylke

Sogn og Fjordane kjøpte inn bøker som ikkje låg føre på nynorsk til same tid som bokmål, og braut difor lova, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkdebatten i Hamar Arbeiderblad held fram

Nynorskdebatten i Hamar Arbeiderblad held fram. Les innlegget frå Hamar FrP-leiar, Kaare J. Gundersen og Jens Haugan og Knut Imerslund frå Høgskolen i Hedmark.

Lagt ut 18.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Direktorat vil endra norskeksamen

Utdanningsdirektoratet vil at elevar i ungdomsskulen skal ha to eksamensdagaar i norsk, ein for å prøvast i nynorsk og ein for bokmål. No rår dei Kunnskapsdepartementet til endra eksamensordninga med ein felles eksamensdag. Les meir hjå Utdanningsdirektoratet.

Lagt ut 16.9.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulebøkene kom i tide i Hallingdal

Dei fleste skulane i dalen har fått lærebøker til elevane sine, men framleis manglar nokre bøker - særleg på nynorsk, melder hallingdølen.

Lagt ut 5.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsbarn les ikkje nynorsk

Førskolelærarar i Oslo vil ikkje lese bøker på nynorsk for ungane. Det slår Monica Eide fast etter å ha undersøkt bruken av nynorske bøker i barnehagane i Oslo. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 5.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Om kaffi på nynorsk

Laurdag 30. august vart kaffikantaten av den tyske komponisten J. S. Bach framført på nynorsk i Moss kyrkje. Les meir på moss-avis.no.

Lagt ut 1.9.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget går i strupen på Solhjell

Elevar og lærarar ved norske skular ventar framleis på nynorske lærebøker. Kunnskapsministeren har bestilt ein rapport over omfanget - men den kjem ikkej før i september. Les meir på NRK Sogn og Fjordane

Lagt ut 1.9.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen