nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Solhjell lovar betring

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lovar at paralellutgåvene på nynorsk skal koma til skulestart neste år, og lanserer handlingsplanen "Bøker i tide 09". Les meir i ABC Nyheter.

Lagt ut 28.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Språkrasisme!

Ein nynorskbrukande overlege skuldar arbeidsgjevaren for språkrasisme etter å ha vorte diktert på bokmål, sjølv om han formulerte seg eksakt og spesifikt på nynorsk. Han har send ein skriftleg klage til Helse Sør-Aust, men har enno ikkje fått svar. Les meir i NRK Hedmark og Oppland.

Lagt ut 26.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Hobbiten på nynorsk

"Hobbiten" av J. R. R. Tolkien har endeleg vorte omsett til nynorsk Eilev Groven Myhren, som i fjor fekk nynorsk litteraturpris for omsetjinga av "Ringdrott"-trilogien av den same forfattaren. Les meir i TVNorge.

Lagt ut 26.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nye nynorskmillionar

Regjeringa løyver nye millionar for å styrkja nynorsken i 2009. Berre løyvingane til parallellutgåver stig frå 17 til 23 millioner kroner, melder Dagsavisen.

Lagt ut 22.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Går saman for å kvela sidemålsordninga

Framstegspartiets Ungdom, Unge Høgre og Elevorganisasjonen krev at sidemålsudervisninga skal vera valfritt i skulen. – Elevene må få velge selv om de ønsker å ha sidemål eller ikke, seier leiar i Elevorganisasjonen Håvard Vederhus. Les heile saka i VG-nett.

Lagt ut 22.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Hallingpünkarar seier "Tja til nynorsk"

Det oslobaserte punkbandet med røter i Hallingdal, slepp si fyrste plate, "Hallingpünk" neste veke. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 22.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Identitet og Wergeland i språkdebatten i HA

Den nyaste utviklinga i språkdebatten i Hamar Arbeiderblad, er Bjørn Kristen Erbæk frå Norsk Språkforening som skriv om språkleg identitet og Fyrsteamanuensis i Norsk ved Høskulen i Hamar, Jens Haugan som dreg Wergeland inn i språkdebatten.

Lagt ut 21.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

OpenOffice 3 er klar på norsk

Ei veke etter lanseringa er kontorpakka OpenOffice.org 3 klar i norsk språkdrakt. Les meir og last ned på Digi.no.

Lagt ut 20.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget håpar på verve-effekt

Noregs Mållag vonar at fleire melder seg inn etter å ha sett "Vestlandsrevyen" som no turnerer dei nynorske kjerneområda. Les meir i Sunnhordland.

Lagt ut 14.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Prisvinnande iskremprodusent på Jæren vil byta til nynorsk

Lagt ut 14.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektpris til Linda Eide

Norsk Målungdom sin dialektpris for 2008 gjekk til journalist og programleiar, Linda Eide. Les meir i Bergens Tidende, avisa Hordaland, NA 24 og P4.

Lagt ut 14.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Staten satsar på Ivar Aasen-tunet

Aasen-tunet skal vera til nytte for andre og gjera det lettare å vera nynorskbrukar. Direktør Ottar Grepstad er svært nøgd med statsbudsjettet og seier at Nynorsk kultursentrum gjera mykje enno betre med ei løyving på 10,1 millionar kroner. Les meir på nettsidene til Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 7.10.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eit nederlag for nynorskelevane

Leiar i Norsk Målungdom, Jens Kihl, meiner det har satt av for lite pengar til parallellutgåver på statsbudsjettet til neste år. Les meir på Firdaposten.

Lagt ut 7.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

10 millionar til nynorskorganisasjonar

Regjeringa løyver 10 millionar til nynorskorganisasjonar og -institusjonar over Kultur- og kyrkjedepartementets del av statsbudsjettet for neste år. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 7.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

10 millionar meir til nynorsk

Regjeringa løyver nye 10 millionar kroner til fem ulike institusjonar og organisasjonar over Kultur- og kyrkjebudsjettet når statsbudsjettet vert lagt fram tysdag. Millionane er ein del av det mykje omtalta kulturløftet til statsråd Trond Giske. Les meir i Bergensavisa

Lagt ut 6.10.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskfolket mobiliserte dårleg

Det vart knusande fleirtal for bokmål i dei rettleiande skulemålsrøystingane på skulene Rygi og Gransherad. Ved dei førre skulemålsrøystingane vann nynorsken. Les meir i Telen.

Lagt ut 3.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Om sidemålet i småskolen

Nyutdanna lærarinne, May Britt Bjørum, fortel om sine røynsler frå nynorskopplæringa på barneskulen. Dette er eit innlegg i den pågåande nynorskdebatten i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 2.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Jubler for nynorsk kino

I helga var det premiere på den fyrste kinofilmen med nynorsk teksting på 23 år. Kristin Fridtun, leiar i Studentmållaget i Nidaros, er fornøgd med både filmen og tekstinga. Les meir i Under Dusken.

Lagt ut 2.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kjøp deg ei ny ordliste!

Nynorsk-ordskiftet i Hamar Arbeiderblad held fram. Førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Hedmark held oppe debatten med å be Gundersen kjøpe seg ei ordliste. Les innlegget.

Lagt ut 1.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Valkyrien Allstars vann Folkelarmprisen

Valkyrien Allstars vann Folkelarmprisen, som vart utdelt for fjerde gong 27. september i år under Folkelarm-festivalen. Les meir om Valkyrien Allstars og sjå dei andre vinnarane i Nationen.

Lagt ut 1.10.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen