nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Mange ynskjer seg Fosse-senter

Sterke krefter jobbar for å få opna eit senter i namnet til den kjente forfattaren og dramatikaren Jon Fosse. – Jon Fosse representerer ein unik sjanse til innsikt i korleis samtidskunst blir skapt, spreidd, motteke og tolka, seier forfattar og journalist Kirsti Mathilde Thorheim, som og har skrive forprosjektrapporten for eit Fosse-senter. Les meir i Nationen.

Lagt ut 27.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Plateklar på romsdalsmål

Arild Hammerø slepp si første plate på tampen av året, og på klingande Fræna-dialekt. Les meir i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 27.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Skriv ordbok over døande dialekt

Samepolitikar og språkforskar Nina Afanasjeva i Murmansk vil ta vare på si samiskdialekt i form av ei ordbok. Les meir i NRK Sámi Radio.

Lagt ut 25.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa kursar byråkratane

Regjeringa kursar byråkratane sine både på nynorsk og bokmål, for å få byråkratane til å skriva både enklare og klarare. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 25.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete vart overraska med målpris i Sogndal laurdag. Les meir i Sogn avis.

Lagt ut 24.11.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vurderer moglegheitene for nynorsk nettavis

ABC startsida vurderer moglegheiten for å starte ei nynorsk nettavis. Ansvarleg redaktør Espen Udland vil ha eit spleiselag med nynorskfolket og staten. Les meir på Kampanje.com.

Lagt ut 24.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Snakkar inn på data

Augeleger ved Sykehuset Innlandet i Elverum prøver ut talestyringsprogram. – Det går veldig bra. Bare man har riktig grammatikk, svarer avdelingssjef Jan-Erik Arnestad på spørsmålet om det fungerer på dialekt. Les meir på OstletndingenØno

Lagt ut 24.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha Montana på dialekt

Folk i distrikta har sett seg leie av at born på TV ikkje snakkar dialekt. Les meir på Side 2.

Lagt ut 24.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til fagrørsleleiar

Terje Kollbotn har fått Odda Mållag sin målpris for 2007. Juryen seier mellom anna at Kollbotn gjennom medviten målbruk har vist «at nynorsk er ein sjølvsagt og god arbeidsreiskap i fagforeiningsarbeid.» Les meir i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 19.11.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Superstipend til nynorskbrukarar

Mållaget i Kristiansand tilbyr superstipend til nynorsk journaliststudent. Den heldige studenten får 10.000 kroner i semesteret i inntil tre år. Og på kjøpet får ho eller han Nynorsk Pressekontor og NTB som fadrar. Lyst å søkja? Les meir på Journalisten.no.

Lagt ut 14.11.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hotell i namnet til nynorskens far

Tidlegare "Viking fjord hotell" skiftar 14. november namn til "Ivar Aasen hotell". Les meir i NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 10.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Innvandrarar må læra seg nynorsk!

Orførar i Vågå, Øystein Øygård, synst det er ubehageleg at han må knota når han skal snakka med dei nye innbyggjarane i kommunen. Han ber difor om at innvandrarar må få norskopplæring på dialekt. Les meir i NRK Hedmark og Oppland.

Lagt ut 10.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Forstår ikkje kva han seier

Ordførar i Vågå kommune opplever at innvandrarane i bygda ikkje forstår kva han seier. Han ynskjer difor at dei skal få norskopplæring på nynorsk, melder Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 6.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vil heidre samar med koftekledd dass-mann og -kvinne

Eit kjøpesenter i Rovaniemi i Finland ønskjer å bruke skilt av koftekledde samar på toalettdørene. Les meir i Nationen.

Lagt ut 6.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrasisme i helsevesenet

Språkrasisme, kallar gynekolog Ottar Rekkedal eit nytt teknologisk system som skal innførast i helsevesenet. Det taklar nemleg berre bokmål. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 5.11.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

– Ein siger for nynorsken

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, meiner det er ein siger for nynorsken at ordninga med sams eksamensdag for tiendeklassingar vert avvikla. Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 3.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Finansorden på nynorsk

Leiar i kontrollutvalet i Lindås, Ingeborg Askeland, krev at det nye finansreglementet til komunen skal skrivast på nynorsk. Les heile saka i Norhordland.

Lagt ut 3.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Rotevatn går til reklamebransjen

Tidlegare nynorskjournalist byter bransje, men torer ikkje lova at det kjem fleire nynorske reklamar frå det sunnmørske reklamebyrået "I&M Kommunikasjon AS". Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 3.11.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Det vert to eksamensdagar i norsk

Kunnskapsdepartementet snur, og tek opp att den gamle ordninga med to eksamensdagar i hovudmål og sidemål. -Ein siger for nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag. Les meir i Firdaposten.no

Lagt ut 2.11.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen