nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2008

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Facebook vert nynorsk

Norske ungdom brukar no fritida si på å omsetje det populære nettsamfunnet til nynorsk. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 30.12.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

God jul!

Nynorsk.no ynskjer alle lesarane ei retteleg god jul!
Og til dei av dykk om er på leit etter juleevangeliet på nynorsk til julekvelden; her er det:
Juleevangeliet

Lagt ut 23.12.08 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Om kunstig språk

Pernille Nylehn frå Klepp i Rogaland svarar på Theodor Abrahamsens innlegg i nynorskordskiftet i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 17.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ja til Jakob og Neikob

Fire unge meldarar på mellom sju og åtte år kåra den nynorske barneboka Jakob og Neikob av Kari Stai. Les meir på ABC nyheiter.

Lagt ut 16.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg mangfald

Martin Skjekkeland, professor i nordisk språkvitskap skriv at språkleg mangfald er ein styrkje for nasjonen. Les heile kronikken i Fedrelandsvennen.

Lagt ut 16.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fridom til å snakke dialekt

Marta Østerås Falch frå Levanger tek til orde for slagordet "Snakk dialekt, skriv nynorsk" i Aftenposten.

Lagt ut 16.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Politiet bryt mållova

Berre 1,8 prosent av Politidirektoratet sine større dokument er på nynorsk. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 15.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Perler etter han Torvald

Forfattaren Tor Obrestad har utvald dikt frå jærdiktaren Torvald Tu. No kjem dei i bokform gjeve ut på Jærbladets forlag.

Lagt ut 12.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt nummer av nynorsk superhelt

Nytt julehefte med superhelten Ingeniør Knut Berg. Les meir (på nynorsk) i Østlandets Blad.

Lagt ut 12.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Om norsk utvandring på nynorsk

Per Ole Reite, lokalhistorikar frå Lauvstad, gjev ut ei bok på det litle Spor Forlag om norsk utvandring til Sør-Afrika. Les Meir i Vikebladet.

Lagt ut 12.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskløft i Oppland

Fylkestinget i Oppland har vedteke at Oppland Fylkeskommune skal følgja same praksis som staten i bruk av målform. Les meir i Oppland Avis.

Lagt ut 12.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Papirløysa breier seg i nynorske kommunar

Seks nynorskkommunar set i gong eit pilotprosjekt med papirlaust kommunestyre. Les meir på Grannar.

Lagt ut 10.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje tilgang på nynorskversjon

Tilsette ved m.a. Nav Sogn og Fjordane og Helse vest har berre tilgang til bokmålsversjonen av det mest brukte programmet på norske datamaskinar. Les meir i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 9.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ein halv million til Garborgsenteret

Stortinget løyver 500 000 ekstra til Jærmuseet neste år. – Pengane er ikkje øyremerkte Garborgsenteret, men jærmuseet har teke Garborgsenteret i søknaden, seier Magnhild Eia (SP) til Jærbladet. Les meir i Nationen.

Lagt ut 8.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpris til Kari Traa

Kari Traa vann Nynorsk Næringslivspris, for å ha marknadsført sportsundertøyet sitt på nynorsk. Les meir i Hardanger Folkeblad, eller VG-nett.

Lagt ut 8.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

UiB bryt mållova

Universitet i Bergen bryt mållova - dei har for mykje nynorsk. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Genus i det norske språket

Jens Haugan skriv om kjønn i det norske språket. Les meir i Hamar Arbeidarblad.

Lagt ut 8.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Den vonde garpegenitiven

Arne Hem klagar over den aukte bruken av garpegenitiv i det norske språket. Les heile innlegget i Moss Dagblad.

Lagt ut 8.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk barnekultursenter på statsbudsjettet

Meir pengar til Rasmus Løland-stiftinga over statsbudsjettet. Leis meir i Suldalsposten.

Lagt ut 3.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Styrkjer kravet om parallellutgåver

Forslaget om å tydeleggjera kravet om at lærebøker på nynorsk og bokmål er no på høyring. Les meir i Nationen.

Lagt ut 3.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ny redaktør i NPK

Karoline Riise Kristiansen (31) er tilsett som ny sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor. Ho er i dag tilsett som redaktør i ABC startsiden, med spesielt ansvar for nynorskdelen Startsida.no. Les meir i Nationen.

Lagt ut 3.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Svar på nynorskdiskriminering

I innlegget "Ingen ende på striden" skriv leiar i Studentmållaget i Nidaros, Kristin Fridtun eit svar til Axel Hansen på kvifor Mållova krev at eksamensoppgåvene skal liggja føre på båe målformer, og om den paragrafen gagnar nynorsken. Les heile innlegget i Under Dusken.

Lagt ut 1.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Seks har søkt på journaliststipend

Seks journaliststudentar har søkt om å få nynorsk-stipendet frå Kristiansand Mållag. Stipendet er på 10 000 i kvart semester i tri år. Les meir i NRK Sørlandet.

Lagt ut 1.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget lyser ut nynorsk-stipend

For tredje året på rad lyser Noregs Mållag ut to stipend på tilsaman 100 000 norske kronar. Stipenda skal hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Pengane er løyva av kultur- og kyrkjedepartementet og skal delast ut til ei kvinne og ein mann. Les meir i Nationen eller på vevsidene til Noregs Mållag.

Lagt ut 1.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Bård Vegar heiar på BlackSheeps

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell skriv på vevloggen sin at han heier på det samiske bandet BlackSheeps i finalen i MGPjr. Les meir på på Finnmarken.no eller vevloggen til Solhjell.

Lagt ut 1.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Folkemusikalsk referanseverk i nyutgjeving

Ei folkemusikkserie som kom ut i tidsrommet 1953 til 1974 skal gjevast ut i ei samling på i alt 19 CD-ar, gjeve ut av det vesle plateselskapet ta:lik med base i Lomen i Valdres i samarbeid NRK. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 1.12.08 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen