nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: januar 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Røysta ned norsk

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo vil ikkje verna det norske språket med eit eige punkt i handlingsplanen for internasjonalisering av studia. Les meir i Universitas.


Det fall ikkje i god jord i avisa. "Det virker som om enkelte studentpolitikere trenger en liten innføring i noen realiteter vedrørende det norske språk, språkpolitikk og internasjonalisering i akademia."Les heile leiaren i Universitas.

Lagt ut 29.1.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk og presse

– Trusler om økonomiske straffetiltak er et angrep på den redaksjonelle frihet, meiner styremedlem i Riksmålsforbundet. Les heile lesarbrevet i Journalisten.

Lagt ut 29.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mål og meining

Fjorden Baby! frå Loddefjord syng på dialekt, og får følge av ein ny dialektsyngande by:larm-generasjon. Les meir i Sarpsborgavisa.

Lagt ut 29.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Avskaff forbodet mot nynorsk

Partipolitikarane torer ikkje å ta debatten om momsfritak knytt til målform i avisene fordi dei fryktar reaksjonar frå redaksjonane, skriv Gunnar Skirbekk. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 28.1.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Snakk dialekt, skriv nynorsk

Bjarne Kvadsheim, gruppeleiar i Senterpartiet i Rogaland, skriv om mosfritak for avisar med redaksjonelt nynorskforbod og stiller spørsmål til nynorskandelen i Rogalands Avis. Les heile lesarbrevet i RA.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Beste året til no for Aasentunet

2008 var det beste året til no for Aasentunet i Ørsta. Les meir om suksessen i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Kjetil Iden

TV2 journalist Kjetil Iden fekk målpris av Alversund Mållag for sin språkbruk på TV. Les heile saka i Norhordland.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkråd i villreie

Snart skal stortinget drøfta språkmeldinga «Mål og meining». Men kva språkrådet driv med i desse dagar kommenterer Per Anders Madsen i Aftenposten.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Slepp nynorsken til!

Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, skriv eit innlegg i momsfritak-debatten i eit lesarbrev i Dagbladet.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Dialektane vert misbrukte

Magne Sæbø skriv at omsynet til identiteten åt formidlarane går føre omsynet til kommunikasjon. Les debattinnlegget hans i Morgenbladet.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Lurivar på vitjing

Første- og andreklassingane ved Ulsteinvik barneskule kosa seg med Lurivar og mange tøffe ord. Les heile saka i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 27.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Stavanger bispedømme treng ein nynorskbrukar som ny biskop

Den norske kyrkja er i endring. I den prosessen arbeider Rogaland Mållag for at nynorsk får breiast mogleg plass i administrasjon, ny Norsk salmebok, gudstenesteliv og i andre kyrkjelege handlingar. Les heile saka i Tysvær Bygdeblad.

Lagt ut 22.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nektar å gje slepp på nynorsken

Elevane trivst og lærarane ynskjer ikkje å endre hovudmålet ved Vålen skole. Les meir i Trønder-Avisa.

Lagt ut 22.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Håpar på ny rekord

Festivalen MålROCK håpar dei tri største trekkplastra i norsk musikkliv og Eagles på nynorsk framført av Øyvind Lægreid, Olav Stedje og Svein Dag Hauge skal trekka endå fleire til Årdalstangen i år. Les meir i Sogn Avis.

Lagt ut 21.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dramatisk færre nynorskelevar

Talet på nynorskelevar i Nord-Trøndelag har falt drastisk dei siste åtte åra. Les heile saka i Trønder-Avis.

Lagt ut 21.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– For dumt å bytta nynorsken ut med bokmål

Trass i færre og færre nynorskelevar held seks åttandeklassingar stand ved Skogn ungdomsskole, melder Trønder-Avisa.

Lagt ut 21.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ut i verda på Stavangersk

Ketil Kinden Endresen og Fredrik Vogsborg flytta frå Stavanger til Bergen for å satsa på musikken. No er Casiokids klare for Europa og Sambandsstatane, men tekstane er framleis på stavangersk. Les meir i Rogalands Avis.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Reggae på Bømlamål

Nese Rastafari Community syng reggae på norsk og portugisisk. Les meir om bandet i Bergens Avis.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Eidsvåg og Kaizers på MålRock

To av Noregs mest markante musikkprofilar klare for MålRock 2009. Les meir om nynorskfestivalen i Årdal i Porten.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Bør ikkje få momsfritak

Tor Fugleviks framlegg om å kutta momsfritaket for avisar med redaksjonelt nynorskforbod vert kommentert i Aftenposten, Klassekampen og Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Lesarinnleggtevling i Hallingdølen

Ål og Torpo Mållag og Buskerud Mållag premierer beste lesarinnlegg i Skriv det!-spalta i Hallingdølen med 3000 kr. Les heile saka i Hallingdølen.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Endra spelereglar

Departementet har endra spelereglane undervegs og samstundes hald dei fram med normeringskøyret mot nynorsk. Les heile saka i Aftenposten.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Haldningar har mest å seie

Lærarar må ha ei positiv haldning til nynorsk for å sikre god læring, meiner lærarar i Oslo. Les heile saka i Nationen.

Lagt ut 20.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vinje får vondt i øyro

Finn-Erik Vinje hevdar han får vondt i øyro av å høyra på NRK, og trekkjer fram politisk redaktør Kyrre Nakkim som døme. Vinje meiner mellom anna at Nakkim har eit urytmisk talemønster. Les saka i Dagsavisen.

Lagt ut 13.1.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på polane

Språkrådet og Norsk Polarinstitutt er usamde om korleis stadnamn i polare område skal skrivast. Dei fleste av desse namna er i dag prega av nynorsk, skriv Aftenposten.

Lagt ut 13.1.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Rapportering i departementa

Kulturdepartementet har sendt ut eit rundskriv, der dei bed alle departementa rapportera inn målbruken i 2008. Les meir hjå Kulturdepartementet.

Lagt ut 13.1.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

I sterk motvind

Trass i kraftig motvind held nynorsken seg sterk i Driva-distriktet. Les meir i Driva.

Lagt ut 9.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Treng fleire lærebøker

I Suldal har framandspråklege elevar hatt tilbod om norskopplæring på nynorsk i eit og eit halvt år. Språklærar Nils Marvik etterlyser kvalitetssikra nynorsk læremateriell. Les meir i Suldalsposten.

Lagt ut 9.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Trur ikkje dialekten dør ut

Olav Aasmundtveit (29) frå Brunkeberg har granska talemålet til unge i Vest-Telemark. Sjølv om talemålet endrar seg, trur ikkje masterstudenten det døyr ut. Les meir i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 6.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Argumenterer for språkbank

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i eit skriv til departementet argumentert for at den nasjonale språkbanken må etablerast i Sogndal-Leikanger melder Sogn Avis.

Lagt ut 6.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Rekordår for Aasentunet

– Med breiare fagleg arbeid og 33 % fleire gjester blei 2008 det beste driftsåret til no for Ivar Aasen-tunet, seier direktør Ottar Grepstad til NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 6.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire nynorskelevar i Odda

Talet på nynorskelevar i Odda har auka frå 55% til 66% dei siste tolv åra, melder Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 6.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk taper terreng

Det blir stadig færre elevar med nynorsk som hovudmål. Dei vestnorske nynorskfylka er ikkje noko unntak. Les heile saka i Bergens Tidende.

Lagt ut 5.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Forsvinn i storbyane

Nynorsk har aldri stått sterkt i landets storbyer, men no er nynorsk som hovudmål i ferd med å forsvinne frå byskulane. Les heile saka i Bergens Tidende.

Lagt ut 5.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Talent for teikneseriar

Øystein Ottesen (20) frå Stord er plukka ut som ein av dei 25 beste i teikneseriekonkurransen til VG, med stripa "Havet". No skal han trykkjast i VG nyttårsaftan, melder Hege Myklebust i Sunnhordland.

Lagt ut 5.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk prest langt heimefrå

Etter 13 år som prest i Haram, har Per Inge Vik flytta til Minneapolis i Sambandsstatane for å halda gudsteneste på norsk. Les heile saka i NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 5.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mangfald på norsk

Styreleiar i Samlaget, Sigve Gramstad, skriv om norsk språk under mangfaldsåret 2008 i Aftenposten.

Lagt ut 5.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Bør få læra samisk i staden for nynorsk

Kyst- og fiskeriminister Helga Pedersen er samd i ynskje frå Vadsø-eleven Sofie Størkersen (15) om å få læra samisk i staden for nynorsk. Les heile saka i finnmarken.

Lagt ut 5.1.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen