nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Han vann språkkrigen

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal skulda Sjukehuset Innlandet for språkrasisme. Nå har han fått medhald frå departementet. Les heile saka i Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 27.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Skal avløysa Alkunneboka

Eirik Helleve skal få i stand «Allkunne» - eit sårt tiltrengt nynorskleksikon på nettet. Les heile saka i Dag og Tid.

Lagt ut 27.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dialekt på toget

Sjå og høyr interview av Eva Holthe Enoksen, leiar i Målsiddisane, om dialekt på tog, i NRK Rogaland, høvesvis her og her.

Lagt ut 26.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk språk må styrkast

Om kort tid skal Stortinget hansama Regjeringa sitt framlegg til ein ny og heilskapleg språkpolitikk. Målet er å sikra norsk språks status status og bruk på alla samfunnsområde. Les heile lesarbrevet til stortingsrep. Espen Johannesen frå Ap i Telemarks Avis.

Lagt ut 26.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Vi pratar litt breitt?

TV2 meiner det ville vore ei fornærming å teksta «Da damene dro», jamvel om dei har fått nokre reaksjonar frå folk som ikkje har skjøna Senja-dialekten. Les heile saka i Dagbladet Kjendis.

Lagt ut 25.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dialekt på Jærbanen

Tom Hetland skriv om dialekt på Jærbanen i leiarteigen til Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 25.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Hijab i litteraturen

Asbjørn Kristoffersen skriv om korleis nynorsksensuren på Norsk litteraturfestival på Lillehammer hindrar snikhijabifisering av byen. Les heile lesarbrevet i Bergens Tidende.

Lagt ut 25.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dialekt på tog-opprop

Skriv deg opp på eit opprop for dialekt i NSB her.

Lagt ut 24.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ønskjer meir nynorsk i barnehagen

Mållaget ber barnehagar i nynorskkommunar å velja nynorske songar og barnebøke. Les heile saka i Utdanning.

Lagt ut 24.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Underskrifter for dialekt på Jærbanen

Målungdomen vil ha stasjonene på Jærbanen ropt opp på dialekt, og hadde aksjon på Stavanger stasjon måndag morgon. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Døve øyre i Oslo

På leiarplass i Sunnhordland vert det skrive om momsfritak for aviser som ikkje nyttar nynorsk. Les heile leiarteigen her.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vurderer å droppa nynorsk

29. mars vert Heddølane innviterte til å sei si meining om målformen i Heddal. Les heile saka i Telen.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Nynorsk i riksavisene no!

– Alle riksaviser må oppheva forboda sine mot nynorsk for eigne journalistar, til beste for norsk språkarv og språkmangfald, skriv Hordalan Sp i ei fråsegn. Les heile saka på Innsida.no.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Leiv Arne Grimstad

Hareid Mållag deler ut målpris til Leiv Arne Grimstad, av di journalisten aukar interessa for nynorsken gjennom språkspalta si i lokalavisa. Les heile saka i Vikebladet.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ops...her blei det språkkrøll

Firda skriv om språkblandinga på skiltinga i Sogn og Fjordane.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Hatarane i det norske samfunnet

Magnar Husby skriv om nynorskhat i sitt lesarbrev om hatet i norsk samfunnsdebatt. Les heile innlegget i ABC Nyheter.

Lagt ut 23.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Til kamp for togspråket

Kampen for dialektmangfaldet får skinner å gå på. No krev Norsk Målungdom at namna på toghaldeplassane vert lesne opp på dialekt. Les heile saka i NRK Kultur.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektkamp på skinner

Norsk Målungdom krev dialekt på toget og går til kamp mot bokmålsnorm på stoppestader. Les heile saka i Akershus Amtstidende.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget slår tilbake

– Det blir heilt feil at ein sjåførlærar skremmer elevar frå å ta teoriprøva på nynorsk, Hadde han vore offentleg tilsett hadde han fått korreks, seier Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag til Haugesunds Avis.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Krev nynorsk i rikspressa

Staten bør stille krav om bruk av nynorsk i rikspressa på lik linje med dei språkkrava som blir stilte overfor TV 2 og P4, meiner styret i Språkrådet. Les heile saka i Nationen.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha nynorsk i riksavisene

Språkrådet vil at det skal stillast like krav til nynorskinnhald i aviser som i radio og TV. Les heile saka i Harstad Tidende.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språket er hjartesaka hans

Sjølv om foreldre elskar morsmålet sitt, elskar dei borna høgare og vel det største språket. Det meiner språk-eksperten Tore Janson er ein av dei sterkaste kreftene bak store språkendringar. Les om den nyomsette boka hans i Vårt Land.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Heller moms enn nynorsk

Bernt Olufsen bryr seg ikkje om økonomiske sanksjonar. Han vil aldri sjå nynorsk i sitt VG. Les heile saka hjå NRK Sogn og Fjordane

Lagt ut 20.2.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil stilla like krav til riksaviser som til etermedia

Styret i Språkrådet meiner staten bør leggja dei same prinsippa til grunn og stilla dei same krava om redaksjonell bruk av nynorsk i dei riksdekkjande avisene som til privateigde, nasjonale radio- og fjernsynskanalar. Les meir hjå Språkrådet.

Lagt ut 20.2.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Droppa nynorsk - stod på prøven

Paul Kenneth Jakobsen strauk tre gonger på teorien – alle prøvane på nynorsk. Byte til bokmål gav suksess. Les heile saka i Haguesunds Avis.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fryktar framtida for nynorskingane

For 40 år sidan kunne nynorskingane ferdast trygt i Ryfylke og andre stader. Nå trugar farar overalt, åtvarar målrørsla. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Det norske språket

– Ta vare på det, oppmodar Truls Sætrang frå Strømsø skule som ein konklusjon om det norske språket, i eit lesarbrev i Drammens Tidende.

Lagt ut 20.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fjesboka

Om lag 1500 har bidratt til å omsetja fjesboka til nynorsk. - Med denne omsetjinga blir nynorsk eit av dei 35 fyrste facebook-språka i verda, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom til TV2 Underholdning.

Lagt ut 16.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Her er eg på lufta att

I midten av februar er det duka for meir barne-TV på nynorsk. Les heile saka i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 16.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk mindretalsdiktatur på UiB

Leiar i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård, er sint og sur på all nynorsken på UiB. Les heile saka i Studvest.

Lagt ut 16.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Polske bussjåførar på Stord får nynorskopplæring

Dei polske bussjåførane hadde lært seg bokmål i Polen. No får dei opplæring i nynorsk på Stord. Les heile saka i Sunnhordland.

Lagt ut 16.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Statleg støtte til norske aviser

– Det er underleg at statleg støtte til vern av norsk språk i norske aviser fungerer slik at det eine av dei to offisielle variantane av norsk blir utestengd i dei avisene som får det aller meste av den, skriv Gunnar Skirbekk i eit lesarbrev i Aftenposten.

Lagt ut 16.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målprisen gjekk ut

Det vart inga målprisutdeling under Ungdommens kulturmønstring i Herøy, då ingen av innslaga var på nynorsk eller dialekt. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 10.2.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Debuterer på nynorsk

– Bokmål er meir kommersielt, men for oss som snakkar nynorsk kan det lett skapa ei distanse for lesaren, seier bokdebutant og sjukepleiar Anne Kristin Sele til Innsida.no.

Lagt ut 10.2.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Vanskeleg å skjøne

– Det er vanskeleg å skjøne at riksavisene kan innkassere fleire millionar kroner i året samstundes som dei utestengjer eit av skriftspråka våre, skriv Bjarne Bjørnevik i eit innlegg i Sunnmørsposten.

Lagt ut 5.2.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskskrømtet

Tobias R. Pettrem er lei av å måtta læra å skriva nynorsk på skulen, og meiner det er på tide med ei revurdering. – We want change, skriv han i eit lesarinnlegg til Si;D i Aftenposten.

Lagt ut 5.2.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Stedje til Bærum

Olav Stedje kjem for å underhalda når Bærum Mållag skipar til ope møte 10. februar. Det melder Budstikka.

Lagt ut 5.2.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha mangfald og toleranse

I eit lesarinnlegg i Aftenposten peiker Sigvart Østrem på at Aftenposten har gjort mange språklege endringar dei seinare åra. Styreleiar i Språkrådet, Ida Berntsen, meiner nynorskforbodet ikkje høyrer heime i Noreg anno 2009. Les innlegget hennar i Aftenposten.

Lagt ut 5.2.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Blir eit kulturminne

Hallodama Ragnhild Sælthun Fjørtoft blir heidra som kulturminne. Les heile saka i Romerikes Blad.

Lagt ut 2.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Norske namn på fleire norske artar

No skal mange fleire av Noregs om lag 40 000 kjende dyreartar få norske namn. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 1.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk ei ikkje-sak i Oslo

Språkrådet ynskjer at journalistar får skriva på sitt eige språk, men det er ikkje alle journalistar som bryr seg, meiner Tonje Aursland i Bergens Tidende.

Lagt ut 1.2.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen