nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Glimt frå den nynorske tidsskriftsoga

Det kan du få på nynorsk bar i Oslo den 1. april.
Kvart år kjem det ut vel 13 000 norske tidsskrift eller periodika. 90 av desse er kulturtidsskrift. På Nynorsk bar denne kvelden skal den eineståande litterære formidlaren Sverre Tusvik ta oss med på snorkling i dette tidsskrifthavet, og det er den nynorske tidsskriftsoga, med særleg vekt på Syn og Segn, som står i fokus.

Stad er Justisen i Møllergata i Oslo og baren opnar kl 19.

Lagt ut 30.3.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lettmjølk blir lettmelk

Mållaget er svært skuffa over at Tine måndag vedtok endringane på bruk av nynorsk på mjølkekartongane. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 25.3.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slår ring om Seljordsdialekten

Ungdomane frå Seljord Ungdomsskule er samde om at det er viktig å ta vare på Seljordmålet. Les heile saka i Varden.

Lagt ut 24.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk språk må styrkast

Norsk språk blir truga av engelsk. Kampen for nynorsk i alle samfunnsområde heng saman med kampen mot engelsk i Noreg, skriv Espen Johnsen i eit lesarbrev i Sunnmørsposten.

Lagt ut 24.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vil lære bort samisk i staden for nynorsk

Elever i Harstad kommune kan velge bort nynorsk til fordel for samisk. Les heile saka i Harstad Tidende.

Lagt ut 24.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kan du stave?

Vevstaden ordbok.no registrerer orda folk søker på. Mange av dei finst ikkje i ordboka. Les meir og test deg sjølv på DinSide Økonomi.

Lagt ut 24.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målblomen til Vigleik Brekke

Redaktør Vigleik Brekke i Kystradioen i Bergen fekk Hordaland Mållag sin Målblome for 2009, som honnør for stor innsats for nynorsken og samfunnet i det heile. Les heile saka i Norsk Lokalradioforbund.

Lagt ut 24.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Massiv støtte for nynorsk

Over 3000 personar har meldt seg inn i gruppa "Vi vil ha mjølk!" på Facebook, for å hindre at Tine fjernar nynorsken frå kartongane. Les meir i Nationen.

Lagt ut 23.3.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Språkpris til Balholm

Mosteriet Balholm i Balestrand fekk språkpris av Sogn og Fjordane Mållag. Balholm lagar friskpressa saft av frukt og bær, og nyttar nynorsk både på flaskene og på vevsidene. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 23.3.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

vil ikkje ha melk

Årsmøtet til Austmannalaget reagerer på at det berre vil stå «TineMelk» på mjølkekartongane frå no av. Les heile saka i Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 19.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ingen planar om mjølk

Q-Meieriene har ingen planar om å ha nynorsk på kartongane sine. – Men dersom det viser seg at det er betydelig ønske om å ha nynorsk tekst, vil vi vurdere det, seier marknadsdirektør Lise Godfrey i Q-Meieriene. Les heile saka i Handelsbladet FK.

Lagt ut 18.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språk byggjer bruer

Alf Kjetil Walgemo er journalist i Guatemala og fortel om si erfaring som minoritetsspråkleg der. Han synst det er bra at Stortinget omfemnar det språklege mangfald i Noreg i Stortingsmeldinga «språk bygger bruer» i ei tid der stendig færre vel å fordjupa seg i språk i den norske skulen. Les heile kommentaren i Vårt Land.

Lagt ut 18.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Europas småspråk ligg for dauden

Magne av minoritetsspråka i EU er truga. No arbeider fleire internasjonale foretak, institusjonar og organisasjonar for å verna dei. Ein del av storsatsinga er eit Noregsfinansiert språkatlas. Les heile saka i EU-Norge.

Lagt ut 17.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Folkedans på dialekt

I helga var det kurs i telespringar og telegangar i Bø. – Det artige er at eg underviser på dialekt. Det går så fint med dei utanlandske elevane, seier instruktør Rønnaug Larsen til Varden.

Lagt ut 17.3.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

A-en vann over å-en i Sandnes

Politikarane i Sandnes går inn for at gatenamna skal ende på a, men er opne for å diskutere å-ending der det er særskilde grunnar for det. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 17.3.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Vil du bli praktikant i NRK?

Nynorsk Mediesenter i Førde tek frå 24. august 2009 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring og praksis i seks månader. Les heile saka i NRK Nordland.

Lagt ut 13.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vraka etter nynorsktrugsmål

Tor Fuglevik blei vraka som vararepressentant i Oslo Redaktørforening etter utspelet om å knyta momsfritaket til nynorskforbod. Les heile saka i NA24.

Lagt ut 13.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Trakk seg etter uheldig samefråsegn

Styret i Rørosbygdenes skogeierlag trakk seg på årsmøtet, etter dei vel dryge påstandane om sørsamane i området i høyringsuttalinga om den nye sameretten. Les heile saka i NRK Sàmi Radio.

Lagt ut 13.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Klart for klart språk

1,3 millionar nordmenn har problem med å fylla ut eit offentleg skjema. Difor vert det no satt i gang arbeid for å klart språk i offentlege verksemder, melder Karin Andersen, stortingsrepressentant frå SV, i eit lesarbrev til Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 13.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kan for lite norsk

Ein frivillig test gjennomført av 73 elevar i Telemark i fjor, syner at 60 prosent av dei framandspråklege elevane ikkje kan det norske språket godt nok til vidare utdaning. Les heile saka i NRK Telemark.

Lagt ut 13.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Nei til yrkesforbod mot nynorsk!

Henning Rivedal skriv svar til Inger-Lise Nyheim, styrelem i Riksmålsforbundet, om nynorskforbodet i Rikspressa. Les lesarbrevet i Sunnmørsposten.

Lagt ut 13.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nyttig Norskkurs

Sist haust fekk Nils Gjerde, næringssjef i Tokke kommune spørsmål frå Hermann Betten om dei kunne hjelpe til med å arrangere norskkurs for nokre tilsette ved Dalen Mekaniske. Det heile blei ein stor suksess. Les heile saka i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 12.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Fjern moms på frivillig verksemd

Nær halvparten av ordførarane i landet stør det samla kravet frå Frivillighet Norge, samarbeidsorganisasjonen til dei frivillige organisasjonane, om momsfritak for frivillig verksemd. Les heile saka i Nationen.

Lagt ut 12.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Røysting om målform i Svanseid og Lunde

I samband med at Svanseid skule skal leggjast ned og ellevane flyttast til Lunde, vert det heldt rådgjevande røysting om målform. Les heile saka i Telemarksavisa.

Lagt ut 12.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Meir nynorsk i budstikka!

Songdalen Mållag har sendt eit ope brev med oppmoding om meir nynorsk i Budstikka.

Lagt ut 12.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Musikk på eige mål

Harald Frostad har skifta ut engelsken med Spjelkavik-dialekt på den nye plata si. – Det handler om å vere tro mot seg selv, seier Frostad til Sunnmørsposten.

Lagt ut 11.3.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Norsktalande born kan bli hengande etter

Norsktalande born fell utanfor i samiske barnehagar avdi dei ikkje forstår språket godt nok. Les heile saka i NRK Sámi Radio.

Lagt ut 11.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kunstig har blitt naturleg

Grensa for kva som kjennest som «kunstig» eller «naturleg» av befruktning har flytta seg mykje på få år hjå det norske folk, syner eit studie av kulturendringar knytt til reproduksjonsteknologi. Mellom anna synest det i overgangen frå «kunstig» til «assistert» befruktning. Les heile saka på Forskning.no.

Lagt ut 11.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Unngå åndelige skader på hodet

– Ta ansvar for åndelig eller materiell skade som oppstår under datagjenoppretting, er eit døme på automatisk omsett tekst, som vert vanligare og gjer omsettingane dårligare, melder DagensIT.

Lagt ut 11.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Slepp meg inn!

Medan riksaviser ropar «JA!» til likestilling og kvinnlege prestar, seier dei nei til språkleg likestilling og nynorskjournalistar, skriv Janne G. Sørgulen i StudVest.

Lagt ut 11.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– For mange syng på engelsk

– Det er alt for få band som syng på norsk. Det meiner vokalist i rockebandet Tyyl, som syng på klinkande dialekt frå Sogn. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 10.3.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Tapte kampen om mjølka

Noregs Mållag er skuffa over at Tine fjernar ordet "mjølk" frå logoane sine. Heretter vert alle prdukte heitande "melk". Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 10.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk frå Tine

Frå sommaren av vert nynorskdelen på mjølkekartongane lik over heile landet. Les heile saka i Sogn Avis.

Lagt ut 10.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire nynorskelevar i Strand

Nynorskdelen i Strand har auka med nærare 60 %. Les heile saka i Strandbuen.

Lagt ut 10.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Sørsamane er truga

Mykje tyder på at norske styresmakter ikkje har innfridd krava sine for sørsamane, i følge leiarteigen i Adresseavisen.

Lagt ut 9.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ny netthjelp skal fjerna tåkeprat i staten

Tåkeprat med lange setningar og uforståelege ord er gresk for mange som skal orientera seg i det offentlege. No skal ein ny nettstad lette tåka, ifølge Hallingdølen.

Lagt ut 9.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje berre ha surmjølk

Noregs Mållag mobiliserer for fullt for å behalda den nynorske mjølkekartongen. Les heile saka i NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 9.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Stipend til hallingjente

Journaliststudent Abelone Ågotnes Eikelid mottok nyleg stipend frå Kristiansand Mållag. Les heile saka i Hallingdølen.

Lagt ut 6.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Alle foreldre får velja

– I år er det for få elevar ved kvar skule til at det blir eigne grupper i nynorsk, seier Harald Nedrelid, rågjevar i fagstab oppvekst i Sandnes kommune til Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 6.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Foreldre som vel nynorsk må gjera jobben sjølve

Fram til nå har om lag 25 seksåringar valt nynorsk som hovudmål i Sandnes frå hausten 2009. I tillegg kjem elevane på nynorskskulane Sviland, Høle og Malmheim. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 6.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

VG diskriminerar

Leiar i Raudt Akershus meiner aviser som neittar journalistane sine å skriva nynorsk bør missa momsfritaket. Les heile lesarbrevet i Nationen.

Lagt ut 6.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på veg ut av Sandnes-skulen

For kvart år vel færre og færre nynorsk for borna sine i Sandnes. No er nynorskprosenten nede i fem prosent - tilsvarande 432 elevar. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 6.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mjølk eller melk?

Mjølk eller melk på kartongen? Tine meierier skal måndag i møte med Noregs Mållag for å presentera målstrategien til konsernet. Les heile saka i Handelsbladet FK.

Lagt ut 5.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkmelding - 40 år sidan sist

I desse dagar handsamar stortinget språkmeldinga, og på mange måtar er dette historisk. Stortinget har ikkje hatt ein samla språkdebatt kring eiga melding sidan 70-talet, skriv Stortingsrepresentant Britt Hildegren (AP) i Vesterålen Online.

Lagt ut 4.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Større utfordringar

Kan språkrådet tenkja på noko anna enn å pressa meir nynorsk inn i VG? spør Per Anders Madsen, redaktør i Aftenposten.

Lagt ut 4.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk, takk!

Leiarane i dei raud-grøne ungdomspartia ynskjer å sjå nynorsk frå redaksjonane i dei tri største avisene. Les heile lesarbrevet i Dagbladet.

Lagt ut 3.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Vi har viktigere saker å bruke tiden på

Kor mykje meir vil Olav Versto ha i løn for å skrive på nynorsk i VG? spør Jarle Kallestad i en kommentar i Vårt Land.

Lagt ut 3.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språket og avisers makt

Jens Haugan skriv om redaksjonelle inngrep i lesarbrev i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 3.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Slutt på gamal målstrid

Startskotet for den nye målstriden er leiarteig i Firda Tidend.

Lagt ut 3.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

«Alle» var ikkje einige

Jan Hoel, styrelem i Språkrådet, er usamd i Sylfest Lomheim sin påstand om at alle i språkrådet var samde om at dei tri største avisene i landet skulle sleppa til nynorsk i redaksjonen. Les heile lesarbrevet i Aftenposten.

Lagt ut 3.3.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kven er mest fundamentalist?

Det spør Sylfest Lomheim etter ordskiftet om moms og nynorsk og dei store riksavisene. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 1.3.09 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen