nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: april 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Om språkstyring

Redaktør i Aftenposten, Per Anders Madsen, lurer på kvar bokmålet er i den vedtekne språkmeldinga. Les heile saka i avisa hans.

Lagt ut 30.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Lulesamisk ljodordbok på nett

Forskar ved Universitetet i Tromsø, Bruce Morén-Duolljá har fått penger for å utvikla ei nettljodbok med lulesamiske ord. Les heile saka i Lokalavisa NordSalten.

Lagt ut 30.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Norsk og nynorsk

Kyrkje- og kulturminister Trond Giske gjekk i eiga felle seinare i ordskifte om språkmeldinga. Les heile saka i Nett-Avisen.no.

Lagt ut 29.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ny språklov skal sikra norsk språk

Stortinget har vedteke at det skal utarbeidast ein ny språklov som skal sikra det norske språket i Noreg. Les heile saka i Kommunal Rapport.

Lagt ut 29.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Stortinget vil styrkja nynorsken

Etter ferdigbehandlinga av Stortingets språkmelding på tysdag, var det brei semje om at nynorsken skal styrkjast som levande bruksspråk, teiknespråk skal anerkjennast som fullverdig bruksspråk og mykje anna. Les meir i DagenMagazinet.

Lagt ut 29.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk i departementa

Noregs Mållag er særs nøgde med språkmeldinga. No ventar dei berre på at nynorsk skal gjennomsyra verksemda deira på alle område - i minst 25%. Les heile saka i SognAvis.

Lagt ut 29.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Giske påpeikerer FrPs språkblemme

FrPs kulturpolitiske talsmann, Ulf Erik Knudsen seier til stendigheit at nynorsken «forfordeles». Wictionary frårår å nytta dette ordet. Den som forfordeles får nemleg mindre enn han har krav på. Kyrkje- og Kulturminister Trond Giske spurte òg om Knudsen kanskje meinte at staten gjorde nynorsken «ein kjempeteneste - ein sokalla bjørneteneste». Les heile saka i Nettavisen.no.

Lagt ut 29.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Målsak er nei til diskriminering

– Mange har dessverre ei vrangførestelling om at målsak er forbunde med noko gammalt og negativt, seier nyvald leiar av Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård til Nationen.

Lagt ut 28.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget satsar på barnehage

Noregs Mållag peiler ut barnehagene som rett kurs for målreisinga. Les heile saka i Utdanning.

Lagt ut 28.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Etterlyser mangfald

– Mesteparten av den omsette barnelitteraturen vår er henta frå den angloamerikanske kulturkrinsen, og er tilgjengeleg berre på bokmål, skriv Liv Hatle i Bergens Tidende.

Lagt ut 26.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Øvregård ny leiar i mållaget

Håvard Øvregård er ny leiar i Noregs Mållag. Han vart vald til ståande applaus under mållagslandsmøtet i Oslo i dag 26. april. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal

Lagt ut 26.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vann Unge forskere med språkstridsoppgåve

Påtroppande skrivar i NMU, Eva Holthe Enoksen, har vunne Unge forskere med oppgåva «Krigen om folkemålet – Kva hadde 1938-rettskrivinga å seia for språkstriden under andre verdskrig?». Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Kleppa og Mjøs får mållagsheider

Magnhild Meltveit Kleppa har fått Målprisen av Noregs Mållag, medan Ole Danbolt Mjøs er tildelt Målblomen. Les meir på VG Nett.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Horndal får Nynorsk barnelitteraturpris

Nynorsk barnelitteraturpris vert tildelt Sissel Horndal for boka Himmelspringaren. Les meir i Utdanningsnytt.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk litteraturpris til Øyehaug

Gunnhild Øyehaug er tildelt Nynorsk litteraturpris 2008 for boka Vente, blinke. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Skal læra om språk i barnehagen

Noregs Mållag har landsmøte i helga, og skipar i samband med dette til seminar om språkstimulering i barnehagar. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev valfritt sidemål

– Ingen av de 700 språkene som har vært konstruert rundt i verden er tatt i bruk eller har erstattet et naturlig språk, skriv Tor Christensen i eit lesarbrev mot obligatorisk sidemål. Les heile innlegget i Sandefjords Blad.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Ingen kommunal stønad til målROCK

Formannskapet i Årdal har avslege søknaden på 100 000 kroner frå målROCK. I staden har dei vedteke å stilla inntil 100 000 i underskotsgaranti, melder Sogn Avis.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Kvar er korrekturlesaren?

Arne Ola Grimstad irriterer seg over språkleg ugras i avisa, og etterlyser korrekturlesarar i Sunnmørsposten.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha Garborgsenter i Knudaheio

Arkitekt Guro Hovda reagerer på den planlagde plasseringa av Garborgsenteret, og har laga ei diplomoppgåve der ho har teikna senteret inn i Knudaheio. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Krev meir innverknad

Várdobáiki samisk senter vil ha jamstelling mellom norske og samiske stadnamn, og meiner at gatenamn høyrer inn under dette. Les meir i Harstad Tidende.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Reagerer på mjølkevedtaket

Hemsedal mållag er misnøgde med Tine sitt vedtak om å skriva «melk» på mjølkekartongane. Sjå lesarbrevet deira i Hallingdølen.

Lagt ut 25.4.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

– Det er barnslig å herme, Røkke!

Næringstopp Kjell Inge Røkke får refs for Brustad-parodien sin av sambygdingane til Nærings- og Handelsministeren. Mellom dei er skihelten og Røkkes nære ven, Gjermund Eggen. Les heile saka i Dagbladet.

Lagt ut 23.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Umogleg å uttrykkja noko fornuftig på bokmål

Studentersamfunnet i Bergen held ope møte om nynorsk i Logen Bar i dag (Onsdag). I forkant av møtet har representantar frå båe leirar i språkstriden vorte intervjua av Studvest.

Lagt ut 22.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Alle må læra seg samisk!

Johan Vasara har ein visjon om at alle i Noreg skal kunna læra seg samisk, og fremja forslaget på AP-landsmøtet. Les heile saka i NRK Sámi Radio.

Lagt ut 21.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dobbelrøyst utsette målsak

Leiar i Utvalg for opplæring og omsorg, venstremannen Heine Århus, utsatte saka om målform på Gvarv skule med si dobbelrøyst. Les heile saka i Telen.

Lagt ut 20.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Side Brok blir dokumentar

Etter tre års pause lar endeleg nynorsk-raparane Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta høyre frå seg. Denne gongen med både plate og dokumentar. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 17.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vonar på dobling i iskremsalet på nynorsk

– Vi trur nynorsk sender positive signal til kundane, og at det kan gi auka sal, seier Grete Waldeland Høiland og Ole Morten Høiland om Iskremgarden på Jæren si omlegging til nynorsk. Les heile saka i Nationen.

Lagt ut 14.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Trudde sjølvmeldinga var ein aprilspøk

– Eg fekk sjølvmeldinga i posten rett etter fyrste april, men hadde ho kome den fyrste hadde eg trudd det var på tull. Det var bokmål og nynorsk om kvarandre, seier norsklærar Jens Brekke til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 14.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ein av tre vel bokmål i Seljord

Sjølv om dei ikkje har lært det enno, synst mange av sjuandeklassingane i Seljord at Bokmål er lettare enn nynorsk. Likevel har somme av dei bestemt seg for å halda på nynorsken når dei byrjar i ungdomsskulen til hausten. Les heile saka i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 14.4.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vellukka landsmøte i Stavanger

Norsk Målungdom hadde sitt 49. landsmøte i Stavanger sist helg. Les talen til leiar Jens Kihl her, og sjå det nyvalde landsstyret og påtroppande sentralstyret her.

Lagt ut 2.4.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdommen kjempar for grenseområda

I det nye arbeidsprogrammet til Norsk Målungdom som vart vedteke på landsmøtet i Stavanger i helga, er kampen for randsonene prioritert høgast. Les meir her.

Lagt ut 2.4.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Kampklar målungdom i Sogn og Fjordane

Tre ungdommar frå Sogn og Fjordane vart denne helga valde inn i sentralstyret og landsstyret til Norsk Målungdom under landsmøtet i Stavanger. Jostein Avdem Fretland frå Sogn seier til Sogn Avis at han ynskjer å slå ned på fordommane mot nynorsk.

Lagt ut 2.4.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Norsklærar startar eit politisk parti mot nynorsk

Einar Smørdal frå Akershus har samla inn 500 underskrifter og har 19 namn på lista til stortingsvalet til hausten. Partiet vil fyrst og fremst angripe den obligatoriske sidemålsstilen, og ynskjer eitt språk i offentleg forvaltning. Les meir om saka i Romerikets Blad.

Lagt ut 2.4.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen