nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mai 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nynorsk UPris-vinnar

Niandeklassingar landet over har kåra Terje Torkildsens Marki Marco til vinnar av UPrisen. Dette er andre gongen på tre år at ei nynorskbok går av med sigeren. Les meir hjå Foreningen !les og Rogalands Avis.

Lagt ut 30.5.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Hordaland Teater vann språkpris

Hordaland Teater vann LNK sin språkpris på 50 000 kroner og eit kunstverk av Ludvig Eikaas for sitt arbeid for å fremje nynorsk. Les meir i BA.

Lagt ut 29.5.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

– Eg vil berre ha språket mitt!

Marianne Granheim Trøyflat skriv om retten til å få eksamensoppgåver på nynorsk i studentavisa Universitas.

Lagt ut 29.5.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Vil få samisk ungdom inn i valmanntalet

Sametinget køyrer ein kampanje for å få unge samar til å registrere seg i valmanntalet før sametingsvalet til hausten. – Erfaringsmessig er det mange unge som vet eller ikke husker at de faktisk må registrere i manntallet for å kunne stemme ved sametingsvalget, seier presidentkandidat Aili Keskitalo på heimesidene til Norske Samers Riksforbund.

Lagt ut 27.5.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Her er årets eksamensoppgåver

Årets eksamensoppgåver i norsk hovudmål handlar om Noreg, Noreg og Noreg. Les oppgåvene på adressa.no.

Lagt ut 27.5.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Departementet refsar Posten

Aud-Kirsti Pedersen frå Tromsø freista finne eit flytteskjema på nynorsk på Posten sine vevsider, men det var vanskelegare enn ho hadde trudd. No stiller Kulturdepartementet kritiske spørsmål om målbruken i Posten Noreg AS. Les meir i bladet Tromsø.

Lagt ut 27.5.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Utforskar lardalsdialekten

Språkforskarar frå Universitetet i Oslo reiste til Lardal i Vestfold for å utforske lardalsdialekten og dokumentere den for ettertida. Prosjektet heiter Scandinavian Dialect Syntax, og i tillegg til norske talemåtar vert dialekter i Sverige, Danmark, Færøyene, Island og svensk-finske dialekter dokumenterte. Les meir i Østlands-Posten.

Lagt ut 26.5.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpris til Ronny

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjekk i år til førdianaren Ronny Brede Aase i NRK P3. Prisen er eit kunstverk og 50.000 kroner. Les heile saka i Firda.

Lagt ut 25.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Eit lite stykke Finland

Britt Karin Larsen har skrive ei bok om skogfinsk kultur. Les meldinga i Dagbladet.

Lagt ut 25.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Littkrit totusen&9 deler ut gratispass

Ti ungdomar frå 16 - 19 år får sumarskulen til skrivekunstakademiet gratis. For å vera med i konkurransen må ein berre senda inn minst fem sider sjølvskriven tekst. Les meir på LittKrit-bloggen.

Lagt ut 22.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vegvesenet bryt mållova

– Dette er eit klart lovbrot seier språkrådet om skiltinga på Askøy. Les heile saka i Askøyværingen.

Lagt ut 22.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Samisk er Noregs største språk

Kunnskapsmotoren Wolfram|Alpha oppgjer samisk som det største språket i Noreg, med Romani Tavringer og Kvensk på høvesvis andre- og tredjeplass. Nynorsk og bokmål er ikkje nemnde. Les meir i ITavisen.

Lagt ut 22.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkarroganse på Bryne

– Når sakspapira om Garborgsenteret i nynorskkommunen Time kjem på bokmål er det i overkant arrogant, melder Jærbladet.

Lagt ut 22.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fritt Baskarland

I dag blir solidaritetsorganisasjonen Fritt Baskerland skipa. Les meir på heimesida deira.

Lagt ut 18.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Årets ungdomsbok

«Marki Marco» av Terje Torkildsen blei nominert til årets ungdomsbok av elevar på Biri ungdomsskule. No tar dei med seg boka til storjuryen på til saman sju skular som skal kåra årets ungdomsbok. Les heile saka i Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 18.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ung språkrøkt gav utteljing

Brita Øvregård og Elise Digranes Winterthun på Odda vidaregåande skule fekk Odda Mållags målpris for å ha utmerka seg som gode ambassadørar for nynorsk og dialekt. Les heile saka i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 18.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kjær i eit «eiventyr»

Komikaren Zahid Ali har tolka Alexander Rybaks Grand Prix-låt Fairytale – på nynorsk. Sjå videoklyppet hjå Aftenposten.

Lagt ut 15.5.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Garborgsenteret blir sju millionar dyrare enn planlagd

Nytt bibliotek og Garborgsenter på Bryne blir sju millionar kroner dyrare enn planlagd. Les kvifor i Jærbladet.

Lagt ut 15.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Færre vil læra samisk

Samstundes som det vert oppretta ein eigen samisk skulekrins, går talet på elevar som vil læra samisk språk i altaskulen. Les heile saka i Altaposten.

Lagt ut 14.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Typisk norsk?

– Finst det norske verdiar? spør Hallgrim Berg frå Ål i eit lesarbrev i Hallingdølen.

Lagt ut 14.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Bente stør ordføraroppropet

– Innvandrarar bør få nynorsk opplæring i nynorske kommunar, seier Bente Frøyen Steindal til FirdaPosten.

Lagt ut 14.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Det Norske må spara millionar

Det kan bli oppseiingar i Det Norske Teatret, etter at styret vedtok at dei årlege personlakostnadene skal ned med 8 millionar. DNT gjekk med 6,2 millionar i underskot i Fjor. Les heile saka i Nationen.

Lagt ut 13.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nye nynorskpraktikantar

Eit nytt kull praktikantar er klare ved Nynorsk Mediesenter. Mellom dei er den yngste praktikanten NRK har hatt nokon sinne, i følge FirdaPosten.

Lagt ut 12.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Skiltar på fire språk

Vadsø kommune skiltar på fire språk, norsk, samisk, kvensk og finst. Les heile saka i Finnmarken.

Lagt ut 12.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ja til samisk skulekrins

Til hausten blir det eigen samisk skulekrins i Alta. Les heile saka i Finnmark Dagblad.

Lagt ut 12.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Læringsprosessen forkludres av et kunstig tilleggsspråk

Bjørn Kristen Ørbæk frå Norsk Språkforening skriv i eit debattinnlegg at ordninga med obligatorisk sidemål har skulda for at ein av fem går ut av grunnskulen utan tilstrekkelege lese- og skrivekunnskapar, og at språkmeldinga eigentleg berre er eit 266 sider langt dokument for sidemålsundervisninga. Les heile innlegget i Hamar Arbeiderblad.

Lagt ut 12.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Det norsk språkløftet - ny språklov

Stortinget har vedteke at me skal få ei ny, ålmen språklov, der myndigheitene skal ha det overordna ansvaret for språkutviklinga, skriv stortingsrepresentant Britt Hildeng (Ap) i Vesterålen Online.

Lagt ut 8.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Slår eit slag for læremiddel til innvandrarar

Dei fleste innvandrarar får opplæring på bokmål, òg i dei nynorske kjerneområda på vestlandet der ungane deira lærer nynorsk på skulen. No tek Anne Margrete Eidhammer opp kampen for å få meir ressursar til nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Les heile saka i Grannar.no.

Lagt ut 7.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Samisk språk har blitt eit statusfag

Frå fulstendig forteiing og fornekting har samisk no blitt eit statusfag på Boltås skole. Les heile saka i Harstad Tidende.

Lagt ut 7.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Twitterpandemien kan få språklege konsekvensar

Twitterpandemien som herjer samfunnet kan få følger for språk og media, melder Kampanje.com.

Lagt ut 7.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nye mål i Mållaget

Nyvald leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård skal arbeida for å endra det rådande synet folk har på målrørsla til noko meir postivit. Leiaren i Firda tidend ynskjer han lukke til.

Lagt ut 7.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk.no er på Twitter

No kan du følga nynorsk.no på Twitter.

Lagt ut 6.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Rundskriv om språkmelding

Stortinget har vedteke stortingsmelding 35, Mål og meining. Les rundskrivet til alle departementa på Regjeringen.no.

Lagt ut 6.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Færre nynorsk-elevar

Nær 90 % av alle elever med nynorsk som hovudmål bur i vestlandsfylka. Les heile saka i SognAvis.

Lagt ut 5.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

NRK vil vita kva du meiner om dialekt i TV og radio

NRK gjennomfører ei omfattande undersøkjing i samarbeid med Språkrådet og Høgskolen i Hedmark for å finna ut kva folk tenkjer om dialekt i TV og radio. Les heile saka i Stavaner Aftenblad.

Lagt ut 4.5.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen