nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juni 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nynorskpris til overlege

Tidlegare voldalege, Ottar Rekkedal som kjempa mot systemet for å få bruka nynorsk i det daglege arbeidet sitt ved sjukehuset i Lillehammer fekk prisen Årets Nynorskbrukar under åpninga av Dei Nynorske Festspela i Volda. Les heile saken i Sunnmørsposten.

Lagt ut 30.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpris til 10-klassingar

Rennebu Mållag hadde i haust ei skrivetevling for elevane i 10 klasse på Rennebu ungdomsskole. Onsdag blei vinnarane premierte. Les meir i Opdalingen.

Lagt ut 30.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vinjefondet vert lagt til Aasen-tunet

Direktør Ottar Grepstad takkar for tillitserklæringa, når departementet no har bede Nynorsk Kultursenter om å forvalta Vinjefondet. Les heile saka i Avisa Møre.

Lagt ut 30.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

nynorsken vann på Gvarv

Nynorsk skal framleis vera opplæringsmål på Gvarv skole. Les heile saka i Telen.

Lagt ut 30.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Tyyl! spreiar sognamaol til folket

Sognabandet Tyyl! har turnert riket og held fram med å spreia godt sognamaol i sumar. Les meir i SognAvis.

Lagt ut 30.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Der draumar blir røyndom

Slik lyd den nye kampanjen til Lindås for å få fleire til å busetja seg i kommunen. Les meir i Strilen.

Lagt ut 30.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk sumarleir i Elverum

Frå onsdag 24. til sundag 28. juni skipar Norsk Målungdom til sumarleir i Elverum. Les meir på Østlendingen.no.

Lagt ut 23.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fryktar bokmålsdominans i lokalavisa

I kveld skal dei folkevalde i Hjelmeland røysta over om dei skal selja aksjene sine i lokalavisa til Jæren Avis/Strandbuen. Hjelmeland Mållag skriv i eit brev til kommunen at dei fryktar det vil føra til meir bokmål og mindre nynorsk i Bygdaposten. Les meir i Strandbuen.

Lagt ut 17.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Hotell med nynorsk identitet

Hotell Alexandra har nytta nynorsk i marknadsføringa sidan 80-talet. Difor har dei no fått Nynorsk Næringslivpris. – For oss er det heilt naturleg å profilere oss på nynorsk, seier direktør Richard Grov fornøgd. Les heile saka i LNK Nytt.

Lagt ut 17.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Samlar inn kulturminne frå Noregs eldste nasjonale minoritet

Haugalandmuséene har teke med seg romanifolk på mimretur med seglskuta «Kaia» langs Ryfylkekysten for å samla inn kulturhistoriske minne om romanifolket på sørvestlandet, eit omreisande folk busett i båt. – Noen er redde for å stå fram på grunn av ungene sine og barnebarna, seier Sigurd Pettersen som er av Romanislekt. – Var det noe som var gjort galt, så var det me splintane og fantane som fikk skylda. Tradisjonen med å reisa og bu i båt forsvann på 70-talet, og dei fleste slo seg ned på land. Les heile saka i NRK Rogaland.

Lagt ut 16.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Overlegen siger til samlaget

Boka Jakob og Neikob av Kari Stai vart kåra til Årets bok i klassen 1.-2. klasse, med 867 røyster frå heile Stavanger, over fem hundre fleire enn andreplassen Gabba Gabba Hey! av Frode Grytten. Les meir på sidene til Stavanger Kulturhus.

Lagt ut 16.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Korleis skal ein snakka til dei kongelege på nynorsk?

I dag (tysdag) kjem drotteparet på vitjing til Tysnes. I samband med det kan me peika på avhandlinga Jon Peder Vestad ved Høgskulen i Volda har skrive om korleis ein tiltalar og omtalar dei kongelege på nynorsk. Les meir i Sunnhordland eller les avhandlinga til Vestad.

Lagt ut 16.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Ber statsrådane om å formulera seg klarare

Fornyingsminister Heidi Grande Røys har skrive eit brev til dei andre statsrådane, der ho ber dei om å formulera seg klarare og mindre «byråkratisk». Ho viser òg til ei fersk publikumsundersøkjing som syner at 1,3 millionar nordmenn har problem med å fylla ut offentlege skjema og at ein halv million hadde problem med å forstå det siste brevet dei fekk frå det offentlege. Les heile saka i Ukeavisen.

Lagt ut 15.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet engaserer seg i samisk og kvensk

Språkrådet gjorde eit historisk vedtak om å engasjera i spørsmålet om vegskilting på samisk og kvensk under ei samling i Alta sist fredag. – Dette er det første vedtaket der disse to språkene er blitt nevnt, skriv Altaposten.

Lagt ut 15.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådsdirektøren fekk målpris frå heimkommunen

Luster Mållag gav årets målpris til Sylfest Lomheim. – Sylfest Lomheim er ei markert og velkjend røyst i kultur-Noreg. Sidan 2003 har han hatt den viktigaste språkstillinga i landet, som direktør for det opprusta Språkrådet. Frå denne posisjonen har han vore med og lagt grunnen for ein offentleg språkpolitikk som i sterkare grad tek situasjonen til nynorsk på alvor, sa leiar av Luster Mållag Oddmund L. Hoel under kunngjeringa på Lustermarknaden på laurdag. Direktøren sjølv var oppteken på anna hald under utdelinga, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 15.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Bør NTNU forholda seg til norsk lov?

– For mange kan det være problematisk å formulere eksamensoppgaver presist på begge de offisielle målformene, skriv Tore Prestvik ved NTNU. Han meiner det bør vera opp til kvar enkelt forelesar om han vil nytta nynorsk eller bokmål i eksamensoppgåvene sine. – Studentene burde ikke ha noe problem med å forstå oppgavetekster, enten de foreligger bare på nynorsk eller bokmål. Disse målformene er jo forøvrig minst 95% like dersom en ser bort fra små ulikheter i stavemåter av enkeltord, skriv han vidare i lesarbrevet til Universitetsavisa.

Lagt ut 15.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kjempe vanleg med sær skrivings feil

– Det brede spekteret av elever gjør fryktelig mange feil på dette området, seier språkvitar og lærar Kristin Andvik Hoaas, som har skrive masteroppgåve om særskrivingsfeil. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 12.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Reidar Larsen på Stavanger-dialekt

Når Reidar Larsen no gjer ut si trettande plate, er tekstane på norsk. Alle dei tolv tidlegare platene har vore på engelsk. – Jeg har jo fra før en lang fartstid med tekster på Stavanger-dialekt, blant annet med band som Stavangerensemblet og Smalhans, seier Larsen til Rogalands Avis.

Lagt ut 12.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Drammamål?

Sivilingeniør og redaktør for tidsskriftet Språklig samling ber om «påsa» i butikken. Korleis er det med dei andre dramensarane? Les meir i Drammens Tidende.

Lagt ut 12.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Gisle Forland

Salten Mållag har tildelt ein nyoppretta målpris til Mosjøværingen Gisle Forland. Les meir i NRK Nordland.

Lagt ut 11.6.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Vandrande språkgrenser

– Me lever i ei tid med raske endringar i kultur og levemåte. Når samfunnet endrar seg, skjer det også noko med språket, skriv Professor ved Universitetet i Agder, Martin Sjekkeland om dialektendringar. Les heile kommentaren i Fedrelandsvennen.

Lagt ut 11.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektforsking i Nordland

Er uttrykket «Ka folk de va hær!» vanleg å høyra i Nordland når ein vert overraska over kor mange folk det er på ein stad? Slike ting er det Universitetet i Tromsø ynskjer å få svar på i dialektundersøkjinga dei no har sett i gang, som ein del av det omfattande prosjektet Nordisk dialektsyntaks. I denne omgangen er det dialektane i Bodø, Beiarn og på Steigan som blir granska. Les heile saka i Avisa Nordland.

Lagt ut 11.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Språk kan ikke behandles som en administrativ bestemmelse

– Språk kan ikke behandles som en administrativ bestemmelse, men som en ferdighet som trenger pleie, fornyelse og kontinuerlig tiltak for forbedring, seier den tsjekkiskfødte professorinna Anne Midelfart om språkvedtaket til NTNU. Ho stiller seg kritisk til kravet om at tilsette på NTNU må kunna både nynorsk og bokmål, i følge Universitetsavisa.

Lagt ut 10.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Det særeigne Båstad-målet

Kva har professor Finn-Erik Vinje, som tidligare kåra Østfoldmålet til den styggaste dialekten i landet, å seie om det særeigne Båstad-målet? Han kjem nemleg til Sommeruka på Trøgstad for å kåsera om den utryddingstruga dialekten, kan ein lesa i Smålenene.

Lagt ut 10.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Er du den nye Garborg?

Samlaget har lyst ut ein romankonkurranse i samband med opninga av det nye Garborgsenteret på Bryne. I konkurransen ynskjer dei å finna ei ny samfunnsengasjert litterær røyst - den nye Garborg. Men har me ikkje mange politiske romanforfattarar allereie i Noreg, spør kritikarar. Les meir i Dagbladet, gå til konkurransesidene til Samlaget eller sjå heimesidene til Garborgsenteret.

Lagt ut 10.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

10 000 nordmenn høyrer på Arne Automat

10 000 nordmenn har lasta ned datarøysta Arne på PD-en sin. Der kan dei få han til å lesa e-postar, vevsider og tekstdokument høgt, melder StavangerAvisen.

Lagt ut 8.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

NTNU vedtek ny språkpolitikk

«Universitetet har et særlig ansvar for å bidra til å utvikle norsk språk og norsk fagterminologi. Norsk omfatter både bokmål og nynorsk» står det i dei språkpolitisker retninglinene til NTNU. Les heile saka her.

Lagt ut 8.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kringkastingsringen kritiserer rikskringkastaren

– Eg er djupt skuffa over at å sjå at NRK ikkje på noko vis har nærma seg kravet om 25 prosent nynorsk i sendingane sine, seier styreleiar i Kringkastingsringen Martin Toft til NTB. Han krev at NRK lagar ein tiltaksplan for korleis dei skal greia å koma opp på 25 prosent nynorsk innan 2012. Les heile saka i Avisa Hordaland.

Lagt ut 5.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Refsar NRKs tilbod til samane

NRK får kritikk for å ikkje ha godt nok programtilbod til samar, born og ungdom. Les heile saka i Journalisten.

Lagt ut 5.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Medietilsynet er kritiske til norsk musikk om natta

Medietilsynet meiner P4 og Radio Norge bryt kravet om 35% norsk musikk ved å senda mesteparten av den norske musikken om natta. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 5.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire episodar av «her er eg»

– NRK Sogn og Fjordane har fått ei bestilling på 12 nye episodar med nynorsk barne-tv frå Sogn og Fjordane, og desse er under produksjon, seier Tone Lin Støfring til Porten.no.

Lagt ut 3.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

HiST stryk i nynorsk

Høgskulen i Sør-Trøndelag innfrir ikkje krava dei er pålagde frå språkrådet, melder Under Dusken.

Lagt ut 3.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Noregs Mållag vil ha betre norskopplæring for innvandrarar

– Det må finnast eit fullgodt nynorsk alternativ for innvandrarar som skal læra seg norsk. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Les heile saka i SognAvis.

Lagt ut 3.6.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen