nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juli 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Vil ha Smørdal på Stortinget

Bjørn Kristne Ørbæk i Norsk Språkforening ser Einar Smørdal og partiet Ett skriftspråk som den einaste garantisten for valfritt sidemål. Les heile innlegget i Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 30.7.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk økois på matfestival

Den nynorske iskremprodusenten Isrosa har selt økologisk is på Gladmatfestivalen i Stavanger for femte året på rad. Les meir hjå Innsida.no.

Lagt ut 26.7.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Mange stør oppropet

Til no har Anne Margrethe Eidhammer fått med seg 48 ordførarar på oppropet for betre og meir undervisningsmateriell på nynorsk for innvandrarar. Les heile saka i Grannar.

Lagt ut 24.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

– Trugar språkleg fridom

Nestleiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, meiner det trugar den språklege fridomen til lækjarane i Førde at dei ikkje får høve til å nytta sitt eige språk i taleattkjenningsprogrammet. Les heile saka i SognAvis.

Lagt ut 24.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorske allstars frå Stord i Parken

Det mystiske Ianbandet som skal framføra eit tingingsverk av musikar og produsent Ian Kolstad i Parken 09, består av 9 lokale musikarar frå Stord.
– Det er første gong eg skriv på nynorsk, seier komponisten til Bergens Tidende.

Lagt ut 22.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Støttar Førde-lækjarane

– Uakseptabelt, seier Janne Nygård, nestleiar i Norsk Målungdom, om at lækjarane ved Førde Sentralsjukehus vert tvungne til å snakka bokmål. Les meir i NRK Sogn og Fjordane og Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 15.7.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Lækjarar i Førde får ikkje nytta nynorsk

Mållækjarar ved Førde Sentralsjukehus har starta ei underskriftskampanje for å sleppa å nytta bokmål. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 15.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Wikipedia rundar 50 000

Nynorsk Wikipedia har passert 50 000 artiklar. Les meir i ei pressemelding på Nynorsk Wikipedia, eller i Nationen.

Lagt ut 13.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Kinesarar puggar nynonrsk

Ei gruppe kinesiske studentar har kome til UiO i sumar for å læra seg nynorsk. Les meir på TV2.no.

Lagt ut 9.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Vil heidra nynorskbrukarar med pris

No lanserer kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa prisen årets nynorskkommune, ein pris på 100.000 som skal gå til kommunar som fremjer nynorsk som bruksspråk. – Det er viktig å synliggjøre nynorsk som en del av kommunenes omdømmearbeid og nynorskens plass i samfunnet, seier Kleppa til NTB. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 6.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste energilov på nynorsk

Den nye Havenergilova vert skriven på nynorsk, som den fyrste frå Olje- og energidepartemanget. Les meir i Teknisk Ukeblad.

Lagt ut 2.7.09 av Bror-Magnus Sviland Strand
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen