nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: august 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Vil lovfesta retten til morsmålsopplæring

Fyrstekandidaten på stortingslista til Raudt i Oslo, Erling Folkvord, ynskjer å lovfesta retten til morsmålsopplæring. Les heile utspelet på heimesida til Raudt

Lagt ut 31.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsktvang med Frp?

I samband med at Framstegspartiet ynskjer å gjera sidemålet valfritt, vil dei òg endra lova slik at hovudmålet vert bestemt av administrasjonsmålet i kommunen, og ikkje av skulekrinsen. Det vil seia at alle elevane i dei 114 nynorskkommunane i landet ikkje lengre skal læra å skriva bokmål. Les heile saka på nrk.no

Lagt ut 31.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-klasse på Minde

For fyrste gong i historia vert det sett opp ei nynorsk-klasse på Minde skule i Bergen. Klasse 2C har 11 elevar og har eigne timar i matte, samfunnsfag, norsk og RLE. Les meir på BT.NO og BT.NO

Lagt ut 26.8.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha orsaking frå Unge Høgre

- Nynorsken skal tilbake i fjøset der den hører hjemme, sa Unge Høgres Amara Butt i ein skuledebatt ved Nes vidaregåande skule i Akershus. No ber Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom, om ei orsaking frå Unge Høgre på vegne av dei 600 000 nynorskbrukarane i landet. Les meir på utdanning.no og firda.no

Lagt ut 26.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Valinfo ikkje på samisk

Dei fleste røysteføre nordmenn har den siste veka fått tilsendt eit hefte med informasjon om valet denne hausten. Informasjonen finnst på urdu, somali, engelsk og ei rekkje andre språk, men altså ikkje på samisk, sjølv om dei har ein lovfesta rett på det. Les meir på ABC Nyheter

Lagt ut 24.8.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Sult-prisen til Øyehaug

Gunnhild Øyehaug er tildelt Sult-prisen, som kvart år vert delt ut til eit yngre og eminent forfattarskap. Saman med heider og ære får forfattaren 100 000 kroner. Les meir på nrk.no

Lagt ut 21.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Framgang for maskinomsetjingsprogram

Maskinomsetjingssystemet Apertium har fått eit nytt språkpar. Ein kan no nytta systemet til å omsetja frå bokmål til nynorsk og frå nynorsk til bokmål. Arbeidet er berre så vidt i gang, men resultatet er allereie så godt at det sannsynlegvis går fortare å lesa korrektur på omsetjinga enn å omsetja frå grunnen av. Les meir her, eller bidra til prosjektet på www.apertum.org

Lagt ut 21.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Til val berre på bokmål

Frp og Venstre går til val utan å ha valprogramma sine på nynorsk. - Eg kan ikkje forsvare kvifor vi ikkje har gjort det, seier sekretariatsleiar i Venstre, Terje Breivik. Generalsekretæren i Frp, Geir A. Mo, seier at partiet tykkjer det er lite fornuftig å sitja inne med mykje materiell på begge målformer. Alle dei andre partia har valprogram på begge målformer, men unnatak av Senterpartiet, som har ei fellesutgåve der delar er på nynorsk og delar på bokmål. Les meir på firda.no

Lagt ut 19.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vervekampanjen er i gang!

I samband med skule- og semesterstart sparkar Norsk Målungdom i gang den største og mest ambisiøse vervekampanjen på uminnelege tider. Les meir og sjå premielista på vervekampanje.no.

Lagt ut 17.8.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Språkros til Coop ekstra

Coop Ekstra på Voss får ros av Arvid Langeland, leiar i Voss Mållag, for å nytta nynorsk i matbutikken. Det er butikksjefen sjølv som har omsett dei faste plakatane til nynorsk. Les heile saka i Avisa Hordaland.

Lagt ut 17.8.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

FrP til Det Norske Teateret

FrP har valt å halde valvaka si i Det Norske Teatret. –Jeg synes det er et lurt valg av Frp. De blir både kritisert for å være negative til kultur og til nynorsk, så her slår de to fluer i smekk, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård til Nettavisen.

Lagt ut 7.8.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

«Blood on the Tracks» er blitt «Blod på spora»

Tom Roger Aadland har omsett Bob Dylan til nynorsk. No legg han ut på turne. Les alt i Haugesunds Avis.

Lagt ut 7.8.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Eagles på sogning

Gamle Eagles-songar får ny språkdrakt under årets Målrock i Årdal. Hotel California er blitt til Hotell Kaldehola, og Olav Stedje skal vere vokalist. Les saka på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 5.8.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

Ivar Aasen 196 år!

Nynorskens far fyller 196 år i dag. Vi gratulerer!

Lagt ut 5.8.09 av Janne Nygård
Gå til saka | Tips ein ven

– Kyrkja diskriminerer

Reidun Klock Tjervåg, leiar i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal, er provosert over at stort sett alle kyrkjevalspapira som Den norske kyrkja har sendt ut er på bokmål. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 1.8.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen