nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Namneendringar møter lokal motstand

Gjedreim eller Gjedrem? Det er eit av namna stadsnamntenesta på Vestlandet og lokale folk i Bjerkreim kommune i Rogaland kranglar om. Les meir på aftenbladet.no

Lagt ut 30.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nettavis for ungdom på nynorsk

Landssamanslutningen av nynorskkommunar, Pirion, Magasinett, Nasjonalt Garborgsenter, Kulturdepartementet og ABC startsida går no saman om å gje ungdomar eit betre tilbod på nett på nynorsk. Les meir på lnk.no eller les meir om kvifor kulturdepartementet støttar prosjektet her.

Lagt ut 29.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

- Regjeringa må ta eit styrkeløft for nynorsk

Dette sa leiar for Ivar Aasen-tunet Ottar Grepstad i årstalen sin om stoda for nynorsken. Les meir på lnk.no.

Lagt ut 28.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Språkkonferanse i Tromsø

Ved Universitetet i Tromsø er forskarar samla for å diskutera kva farer verdas arktiske språk står overfor i dag. Les meir i avisa Nordlys.

Lagt ut 24.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

NAV-feil skapte sinne hjå nynorskbrukarane

Om du les NAV-skjemaet på nynorsk, har ein krav på nesten 2000 kroner mindre i eingongsstønad enn om du les på bokmål. Les meir på NRK Sogn og Fjordane eller på Mre.no

Lagt ut 24.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Heidrar Ivar Aasen med nynorsk på nettet

23. september for 113 år sidan døydde Ivar Aasen. I dag vert han heidra på det sosiale nettverket twitter. Les meir på nettavisen.no

Lagt ut 23.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Hauge med melodi

Dei tre musikarane Unni Løvlid, Becaye Aw og Rolf-Erik Nystrøm fekk i fjor oppdrag av Dei Nynorske Festspela å tonesetta dikta til Olav H. Hauge. Sidan juni i fjor har dei tre turnert i i Noreg samt i fleire land i Asia og Afrika. På CD-en finnst nokre tekstar omsett til 16 ulike språk. Les meir på finnmarkdagblad.no

Lagt ut 22.9.09 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk gjer glad– også i influensatider

På vevsidene til regjeringa smiler Bjarne H. Hansen breitt på nynorsksidene og ser alvorleg ut på bokmålssidene. No har regjeringa endra på bileta, med du kan framleis sjå skilnaden på vg.no

Lagt ut 21.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Bergljot Hjorthol

Sunnmøre Mållag har vald å gje målprisen for 2008 til Bergljot Hjorthol. Les meir på mre.no

Lagt ut 20.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vesaas skal omsetjast til spansk

Den meksikanske forfattaren og omsetjaren Juan Gutierrez vart overraska då han fann ut at Tarjei Vesaas ikkje var omsett til spansk. No har han teke med seg familien til Vinje kommune for å omsetja Fuglane til spansk på best mogleg vis. Les meir i Telemarksavisa

Lagt ut 17.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Mindre nynorsk i Stortinget

Det nye Stortinget vil ha færre representantar som nyttar nynorsk. I følge Ottar Grepstad har ikkje talet vore så lågt sidan 1920-talet. Les meir på nrk.no

Lagt ut 15.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Monsterveka er i gang!

Vervekampanjen rullar og går, og no er det klart for monsterveka. Verv ekstra mykje denne veka, og få ein sokk med NMU-logoen for kvar nye medlem i tillegg til dei vanlege vervepremiane. Les meir på kampanjevevsidene.

Lagt ut 7.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nordmannen vert reklamefilm

Aker nyttar diktet «Nordmannen» av Ivar Aasen i den nyeste reklamefilmen sin, «Made by Norway». Ottar Grepstad rosar selskapet for reklamefilmen: ? Her viser Aker at stor diktekunst seier meir enn alle dei tome slagorda reklameindustrien plagar oss med til dagleg, seier Ottar Grepstad. Les heile saka på vikebladet.no og sjå filmen på heimesidene til Aker.

Lagt ut 3.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

NRK vil tilsetja fleire nynorskjournalistar

Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vil tilsetja fleire nynorskjournalistar og setja språk på dagsordenen. ? For NRK er det viktig å spegla både det kulturelle og det språklege mangfaldet i landet. Les meir på heimesidene til LNK.

Lagt ut 2.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Stord årets nynorskkommune

Stord gjekk av med sigeren som årets nynorskkommune. Prisen er på 100.000 kroner, og går til ein kommune som har nynorsk som administrasjonsspråk og som har gjort eit særskilt arbeid for å fremja nynorsk i samfunnet. Les meir på innsida.no eller på sunnhordaland.no

Lagt ut 1.9.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen