nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

–Har vi eit nynorsk fagspråk?

Fyrsteamanuensis Jan Olav Fretland stiller spørsmålet i føredraget han heldt på eit jubileumsseminar i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab ved NTNU. Les meir om saka på heimesidene til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Lagt ut 30.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kongens fortenestemedalje i sylv til Odd Bråtveit

Odd Bråtveit fekk onsdag kongens fortenestemedalje i sylv for sitt politiske arbeid i samband med Ulla Førre utbygginga og for årelangt arbeid for folkehøgskulen og nynorsk kultur.

Lagt ut 30.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Barnebokfestival for store og små

Neste veke opnar barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Og sjølv om festivalen har både vaksenkveld med vaksenbøker på pub og seniorprogram på sjukeheimen, er det fyrst og fremst borna som skal få vera i søkeljoset ei veke til endes. Les meir på sunnhordland.no eller oppdag vevsida til festivalen falturiltu.no.

Lagt ut 29.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Språksurr i NRK

Det meiner i alle fall Finn-Erik Vinje i eit debattinnlegg i aftenposten. No meiner han at kringkastingssjef Bjerkaas må rydda opp. Les heile innlegget på aftenposten.no.

Lagt ut 29.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Tidlegare målungdomsleiar til SN

Kvart år sender LNU to ungdomsdelegatar til generalforsamlinga i SN (Sameinte Nasjonar). I år drog Julie Lødrup, generalsekretær i AUF og Jens Kihl, tidlegare leiar i Norsk Målungdom. Les meir på heimesidene til LNU.

Lagt ut 28.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed

Syed brukar nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark og viser soleis at nynorsken i høgste grad er levande på Austlandet. Kringkastingsprisen vert delt ut til ei røyst som utmerker seg med godt språk i radio eller fjernsyn og «som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet». Les meir på ba.no eller på na24.no.

Lagt ut 27.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Russefeiring på halling

Ungdomen frå Hallingdal er leie av engelske russenamn og slagord. No har dei lagt planar for å forankra russefeiringa i lokal tradisjon. Les meir på hallingdølen.no.

Lagt ut 22.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt nynorsk nettleksikon

I går opna det nye nynorske nettleksikonet, Allkunne. Til no har leksikonet rundt 850 artiklar om det nynorske kulturområdet, men på sikt skal det utvidast til å verta eit ålment nynorsk nettleksikon. Les meir på Avisa Hordaland eller gå inn og sjå på allkunne sjølv.

Lagt ut 21.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Enklare å klaga for nynorskelevar

Norsk Målungdom har sett seg leie av at nynorskelevar ikkje får eksamensoppgåvene sine på nynorsk. No har dei fått Språkrådet til å laga eit standard klageskjema som ligg ute på nett slik at det skal verta enklare å klaga. Les meir på lnk.no

Lagt ut 20.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Skipar samisk ungdomsorganisasjon

Rundt 50 samiske ungdom var samla i Tromsø i helga. Sundag vart ungdomsorganisasjonen Noereh! (som tyder ung på sørsamisk) skipa. Les meir om saka her eller her.

Lagt ut 19.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ber Støre protestera mot overgrep i Vest-Sahara.

18 ulike ungdomsorganisasjonar, inkludert alle ungdomspartia og Norsk Målungdom, ber utanriksminister Jonas Gahr Støre protestera mot ei rekkje overgrep mot menneskerettsaktivistar i det okkuperte Vest-Sahara i eit brev til utanriksministeren. Les brevet her eller les saka på adressa.no. Norsk Målungdom har òg tidlegare engasjert seg for sjølvstende ffor Vest-Sahara.

Lagt ut 16.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpraktikant til "Norge Rundt"

24 år gamle Samina Bruket vert ny programleiar i "Norge Rundt". Ho er utdanna frå NRK Nynorsk mediesenter i Førde, har erfaring frå NRK Rogaland og er truleg den yngste programleiaren nokon sinne. Les meir på Jærbladet eller på aftenbladet.no.

Lagt ut 16.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nye forsøk med valfritt sidemål

Det borgarlege fleirtalet i hovudutvalet for utdanning i Vestfold vedtok denne veka å søkja Utdanningsdirektoratet om å få setja i gong forsøk med valfritt sidemål på dei vidaregåande skulane i Vestfold. Les meir på NRK Østafjells eller i østlands-posten.

Lagt ut 15.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

– Bleikt budsjett for nynorskbrukarane

Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, er ikkje nøgd med statsbudsjettet og meiner regjeringa burde gjort meir for å fylgja opp tiltaka i Språkmeldinga. Les heile saka på vikebladet.no.

Lagt ut 14.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

– Kyrkjerådet braut mållova

Kultur- og kyrkjedepartementet har no slått fast at kyrkja braut mållova under kyrkjevalet då dei berre sendte ut materiell på bokmål. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 13.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

– Vil tryggja norsk språk

Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom, vonar 30 år med lærebokmangel no kan vera over. I Soria Moria 2 lovar regjeringa å syta for at læremiddel kjem til lik tid og pris på både nynorsk og bokmål. Svendsen gler seg òg over at regjeringa vil fremja tiltak som gjer det enklare å nytta nynorsk. Les heile saka på utdanning.no.

Lagt ut 12.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk på nynorsk

Fillipinske Joan Menderos Ufs lærer seg nynorsk og den lokale nissedalsdialekten. Les meir på ta.no.

Lagt ut 12.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Solhjell opnar nynorsk nettleksikon

20. oktober skal det nynorske nettleksikonet Allkunne lanserast. Det er kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell som skal stå for den offisielle opninga. Les meir på utdanning.no eller gå inn og sjå på pilotversjonen av allkunne.

Lagt ut 9.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Statens legemiddelverk byter namn

Statens legemiddelverk heit tidlegare Statens lækjemiddelverk på nynorsk. No har dei fått godkjenning frå Språkrådet om å nytta formen Statens legemiddelverk på både nynorsk og bokmål. Les meir på vevsida deira.

Lagt ut 8.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ottar Rekkedal kåra til Årets nynorskbrukar 2009

Gynekologen Rekkedal får prisen for å ha kjempa for å få diktera journalane sine på nynorsk. Prisen vert utdelt av nynorsk kultursentrum. Les meir på vevsida til Tidsskrift for Den Norske Legeforeninga.

Lagt ut 8.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Disputerer om nynorsk kyrkjespråk

Per Halse har fått godkjent avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908"til prøving for doktorgraden. Les meir på vevsidene til Høgskulen i Volda.

Lagt ut 7.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa bryt mållova

Ein gjennomgang som Sunnhordaland har gjort, viser at regjeringa og minst til andre departement bryt mållova ved å leggja ut twitter-meldingar utelukkande på bokmål. Les meir på sunnhordaland.no eller mre.no.

Lagt ut 7.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektforsking på tvers av norden

Språket endrar seg stadig, og no er dialektforskarar på jakt etter dialektar frå heile Skandinavia for å finna ut korleis språket endrar seg. Med i prosjektet er mellom anna fire ballangsværingar. Les meir på vevsidene til TV 2.

Lagt ut 6.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Redaktørprisen til Hordaland

Redaktørprisen 2009 gjekk til redaktør av Os og Fusaposten, Christian Fredrik Stabell. Prisen vart delt ut under Dei Nynorske Mediedagane. Les meir på lnk.no.

Lagt ut 5.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Bygdesatire på nynorsk

– Det går an å skriva nynorsk og framleis vera kul, seier Guri Sørumgård Botheim. I lag med systera Sigrid har ho skrive boka «Ramstein Pensionat». Les meir på lnk.no

Lagt ut 2.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Samisk barnehage fekk ikkje dispensasjon

Det lulesamiske senteret Árran har søkt om dispensasjon frå barnehagelova for å prioritera samisk språk, men fekk nei. No ankar dei saka. Les meir på NRK Sàmi Radio.

Lagt ut 1.10.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen