nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Haukeland får refs av Språkrådet

Haukeland universitetssjukehus slurvar med å nytta nynorsk, sjølv om Kulturdepartementet i 2004 slo fast at nynorsk skal vera tenestemålet i Helse Vest. No får dei refs av Språkrådet. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 30.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Julegåvetips på dialekt

Skrivargarden i Øvre Årdal har laga skjorter med ord og uttrykk frå Årdalsmålet. Les meir på sognavis.no eller sjå skjortene sjølve på skrivargarden.no.

Lagt ut 26.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsklegar er opptrekte

Nynorsklegar ved Helse Sunnmøre nektar å nytta programmet som omset tale til tekst so lenge det berre fungerer på bokmål. Les meir på NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 25.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Seier nei til bokmålselevar

Foreldre som ynskjer bokmål for ungane sine, må senda dei til Sagstad til neste år. Det har formannsskapet i Meland kommune bestemt. Les heile saka på nordhordaland.no.

Lagt ut 24.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Brageprisen til Maria Parr

Maria Parr vann torsdag Brageprisen i kategorien for barne- og ungdomsbøker for boka «Tone Glimmerdal». Les meir i sunnmøresposten eller på nrk.no.

Lagt ut 20.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til May Helen Molvær Grimstad

Sula Mållag delte 18. november ut målprisen sin til stortingspolitikar May Helen Molvær Grimstad.

Lagt ut 19.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk lyrikk i bokform

Henrik Skorven har alltid vore glad i lyrikk. No har han samla 220 dikt frå 25 forfattarar. Les meir på firda.no.

Lagt ut 19.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ole Vig-prisen til Maria Parr

Forfattaren Maria Parr fekk Ole Vig-prisen for barnebøkene «vaffelhjarte» og «Tone Glimmerdal». Prisen vert delt ut til ein ungdom mellom 20 og 35 som har gjort ein kulturell innsats i Ole Vigs and. Les meir på Stjørdal Adressa.

Lagt ut 18.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkurs for kommunetilsette

Mange av nynorskkommunane er opptekne av å nytta godt språk, trass i at mange bokmålstilsette kan gjera det vanskeleg. Då kan kurset til LNK for kommunetilsette, på saklista, gjera det enklare. Les meir på heimesidene til LNK.

Lagt ut 18.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Demokratisk sinnelag eller språkpolitisk feigskap?

Spørsmålet vert stilt av Per Anders Madsen, redaktør i Aftenposten i ein kommentar til diskusjonen rundt NRK-språket. Les heile kommentaren her.

Lagt ut 17.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

–Behov for ei overordna språklov

Trine Skei Grande trur nynorsken kjem til å klara seg bra i ei tid der språk og identitet heng nærare saman. Samstundes meiner ho at Noreg treng ei overordna språklov. Les heile intervjuet med ho på lnk.no.

Lagt ut 16.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

«Skuggar» av Jon Fosse

De Utvalgte hadde premiere på «Skuggar» av Jon Fosse på Black Box Teater i februar og fekk strålande kritikk. No er stykket attende. Les meir på Black Box Teater.

Lagt ut 16.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Doktorgrad om norsk målreising

Oddmund Løkendsgard Hoel har vore stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. 20. november disputerer han ved NTNU med avhandlinga «Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940». Les meir på heimesidene til Høgskulen i Volda.

Lagt ut 16.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Lei av å verta hetsa for dialekten

Ove Røsbak meiner dialekthånet til Røkke er avslørande for haldningane til dialekt i Noreg. Les meir på aftenposten.no

Lagt ut 13.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Krev bokmål for elevane

I Gjemnes ytre og på batnfjordsøyra har foreldra samla nok underskrifter til å krevja ei røysting om språket i skulekrinsen. Les meir i Tidens krav.

Lagt ut 13.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Språkpris til Walton

Professor Stephen Walton vart tildelt Språkprisen 2009 på Språkdagen i går. Les saka på heimesidene til Høgskulen i Volda, eller les meir på sprakrad.no.

Lagt ut 12.11.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Fjesboka bra for dialektane

Ny ei undersøking gjennomført på forskningsdagane viser at over 60% av dei som nyttar facebook, skriv på dialekten sin der. For dei under 15 år er det endå høgare tal, omtrent 80% nyttar dialekt. Les meir på LNK.no

Lagt ut 11.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Eli Kari Gjengedal fekk Dialektprisen

Eli Kari Gjengedal, best kjent som vêrdame på TV2, kan no smykke seg med Dialektprisen til Norsk Målungdom for 2009. Dette les du meir om på NRK Sogn og Fjordande

Lagt ut 9.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken nesten borte frå UiO

Nesten ingen av masteroppgåvene som er levert mellom 2005 og i dag er levert på nynorsk. Sylfest Lomheim meiner at det kan ha med å gjere at det er få sjansar til å halde på nynorsken. – Det er sjølvsagt at manglande nynorskpensum er ei årsak. Lite tekst på nynorsk fører til mindre bruk av nynorsk. Det er ein vond sirkel, meiner Lomheim. Les meir på LNK.no

Lagt ut 5.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Krev opplæring på nynorsk

50 ordførarar har skrive under på kravet «Støtt kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til fremmedspråklige». Oppropet vart levert til Kunnskapsdepartementet. Bak oppropet står Anne Margrethe Eidhammer, lærar og leiar i mållaget i Vindafjord kommune. Les meir på nrk.no

Lagt ut 4.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Ut med Byråkratspråket

I ei ny ordliste utgjeve av språkrådet går dei byråkratspråket til livs. Ordlista er ein del av prosjektet «Klart språk i staten». Målet med ordlista, som har namnet «Kansellisten», er å utrydde uklåre utrykk som «beføyelse», «avhending» og «forføyning» og erstatte dei med klårare alternativ. Les meir på aftenposten.no

Lagt ut 3.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Vefsnmålet vert vanna ut

Dialekten i området rundt Mosjøen, Vefsmålet, er i ferd med å miste særpreget sitt, seier dei lokale dialektgranskarane Per Sjåvik og Kjell Øksendal. Ord som «hag» og «svang» er blant dei utrykka som nesten er borte frå dialekten. - For det første er vi blitt mer påvirket av normalmålet, hovedsakelig bokmål, seier Sjåvik. Les meir i Helgeland Arbeiderblad

Lagt ut 3.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Krev samisk universitet

Magne Ove Varsi, direktør ved Gáldu, kompetansesenteret for urfolks rettigheter, krev no eit samisk universitet som ein del av bygginga av samiske institusjonar i Noreg. Han meiner at eit samisk universitet vil bidra mykje med å auke kunnskap om og forståing av den samiske kulturen. Leis meir på aftenposten.no

Lagt ut 2.11.09 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen