nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2009

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Manglar bøker i ei rekkje fag

Elevane ved Osterøy ungdomsskule manglar heilt bøker i somme fag, i tillegg til at det ikkje er nok bøker til elevane med nynorsk som hovudmål. Les heile saka på bygdanytt.no.

Lagt ut 22.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje læra nynorsk

Vaksenopplæringa på Voss lærar dei nyankomne innvandrarane bokmål. Det finst ikkje godt nok læringsmateriell på nynorsk, fortel Odrun Vellene Vevatne, rektor ved Vaksenopplæringa. Les heile saka på lnk.no og les svaret frå barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken her.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fornorska internetspråket

Språkrådet vil fornorska internettspråket og vil mellom anna at folk skal seia e-post i staden for mail. Les heile saka på aftenposten.no.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Statsborgarbrev på nynorsk

UDI har til no berre laga statsborgarbrev på bokmål, men etter at Stephen, Agnes og Edmund Walton og Språkrådet tok opp saka, finst breva no på begge målformer. Les heile saka på nm.no.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Svar til Sortedal

Frp-representant i Bergen stilte 14. desember spørsmål til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen om målforma ved Helse Bergen Du kan lesa svaret her.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt Aasen-dikt

Eit solangt ukjent dikt av Ivar Aasen er kome til rette. Dette er truleg eitt av dei siste dikta Aasen skreiv. Les meir i Dag og Tid, på veven eller i papirutgåva.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Underavdelinga for nynorsk

Norli har ei underavdeling for nynorske ungdomsbøker, gøymt under alle dei andre ungdomsbøkene, skriv Vidar Høviskeland. Les kommentaren her.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kongens fortenestemedalje til Nils Mæhle

Nils Mæhle fekk tysdag kongens fortenestemedalje i sylv for langt og godt arbeid for samfunnet. Les heile tala til fylkesmannen i Hordaland her.

Lagt ut 18.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Jolekort med skrivefeil

Universitetet i Bergen har tydelegvis vore litt for kjappe då dei sendte ut jolekorta i år, og ein skrivefeil har snike seg inn, skriv Helge Dyvik. Les heile saka i "På Høyden" eller svaret til Endre Otto Brunstad i avis.

Lagt ut 17.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Får snakka dialekt i Dagsrevyen

Ingerid Stensvold tiltrer fyrst som ankerkvinne i Dagsrevyen etter nyttår, men vekkjer allereie harme. Ho har fått løyve til å nytta sin eigen dialekt i staden for normaltalemål, som elles har vore regelen i dei riksdekkjande nyhendesendingane i NRK. Les meir på vg.no.

Lagt ut 16.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nedgang for nynorsken på Askøy

Dei siste åra har talet på nynorskelevar på Askøy rast, mykje grunna innflyttarar frå Bergen, skriv Askøyværingen. Les heile saka her.

Lagt ut 16.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Målkranglar går til folkerøysting

Det fleste folkerøystingane i Hordaland har dreidd seg om valet mellom nynorsk og bokmål. Les meir på NRK Hordaland.

Lagt ut 15.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Inga jol utan vangsgutane og Ingeniør Knut Berg

No er årets jolehefte frå Fonna forlag ute i butikkane, til glede for mange lesarar. Les meir på heimesidene til Avisa Hordaland.

Lagt ut 15.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Mindre nedgang av nynorskelevar

Noverande skuleår har 13,3% av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål. Det er ein nedgang frå ifjor på 0,1%, som er mindre enn på fleire år. Les meir på lnk.no

Lagt ut 14.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

–Mållova er molbopolitikk

Framstegspartipolitikar Arne Sortevik meiner det er horribelt at Helse Bergen skal nytta tid på kva målform dei tilsette skriv so lenge det er lange sjukehuskøer. Les meir på NRK Sogn og Fjordane eller i Bergens Tidende.

Lagt ut 14.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Verv til jol!

No set Norsk Målungdom i gong verveinnspurten. Verv før 28. desember og vinn gjeve premiar. Les meir om vervekampanjen og sjå premiar og regler på vervekampanje.no.

Lagt ut 14.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

«Confessiones» omsett til norsk

Åsmund Farestveit og Hermund Slaattelid har saman sett om meisterverket til Augustin til nynorsk i den fyrste komplette utgåva av verket på norsk. Les meir i Dag og Tid.

Lagt ut 11.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ber Norsk Tipping laga materiell på nynorsk

Leiar i Mediemållaget, Berit Rekve, ynskjer at Norsk Tipping skal laga informasjonsmateriell om grasrotandelen på nynorsk. Les meir på mediemållaget si heimeside.

Lagt ut 10.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

– Kvenene er ein fiktiv minoritet

Den kvenske minoriteten er eit resultat av at radikale kvenske miljø har fått kuppa den finske innvandringshistoria, meiner leiar i Norsk Finsk Interesseorganisasjon, Stig R. Thuv. Les heile saka i Sagat.

Lagt ut 10.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste kindle-bok på norsk

Østfold Mållag har no lansert årboka si som e-bok for amazon kindle. Leiar i laget, Magne Aasbrenn, meiner teknologien er ei revolusjonerande nyhende for små forlag. Les mer på nm.no.

Lagt ut 9.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Finsk-estisk forfattar omsett til nynorsk

Liv Hatle har omsett Aino Kallas bøker til nynorsk. Bøkene er skrivne i krønikestil og har eit arkaisk språk, som er vel teke vare på av omsetjaren, slik at resultatet framstår som både tidlaust og friskt. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Skal granska målet i Odda og Tyssedal

Forskarar skal granska talemålet på fire industristader for å sjå korleis arbeidstilflytting har påverka språket. Les meir i Hardanger folkeblad.

Lagt ut 7.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Pris til Bergsam for godt namnevett

Denne veka mottok Bergsam AS i Valle kommune språkrådet sin pris for godt namnevett saman med ti andre verksemder. Les meir på heimesidene til Valle kommune.

Lagt ut 4.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Gransking av NRK-språket

I den pågåande debatten om NRK-språket vert det fleire gongar vist til ei undersøking av språkholdningar blant lyttarane. Les kva lyttarane meiner på aftenposten.no.

Lagt ut 3.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Nini Kristine Rong

Øygarden Mållag delte nyleg ut den årlege målprisen sin. I år gjekk prisen til tidlegare varaordførar i Øygarden kommune, Nini Kristine Rong. Les meir på vestnytt.no.

Lagt ut 2.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Audun Heskestad takka av

Måndag hadde Audun Heskestad siste dag på arbeid i Det Norske Samlaget. Heskestad har i mange år vore forlagssjef, og mange møtte fram for å takka og heidra målmannen og forleggjeren Heskestad. Les meir på nm.no.

Lagt ut 1.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen