nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2010

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Fyrste offsielle nettstaden på kvensk

Værvarslingstenesta yr.no vert tilgjengeleg på kvensk frå 9. mars. Frå før av finst sida på bokmål, nynorsk og engelsk. Frametter ynskjer yr.no å omsetja sida til samisk. Les heile saka på nrk.no.

Lagt ut 25.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Lærer nynorsk på Facebook

Lærarar ved St. Hallvard vidaregåande skule tek nye metodar i bruk for å læra elevane nynorsk: Elevane nyttar Facebook til å skriva på nynorsk. Drammens Tidende seier ingenting om korleis det går med karakterane.

Lagt ut 25.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Språkglede i barnehagen

«Born i førskulealder har ikkje dei fordomane vi vaksne ofte har til språk», skriv leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Noregs Mållag ynskjer at barnehagene i større mon skal førebu ungane på den tospråklege kvardagen i Noreg. Les heile saka her.

Lagt ut 25.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Øyvind H. Solheim

Odda Mållag vedtok sundag å gje Målprisen 2009 til forfattar Øyvind H. Solheim. Les heile grunngjevinga i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 23.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kritikkverdige læremiddel

Det nye digitale læremiddelverket NDLA (Nasjonal digital læringsarena) er språkleg sett særs kritikkverdig, skriv Nynorsk Forum i eit krast brev til NDLA. Les heile saka på aftenposten.no, eller les om lærarane sin motstand mot læreverket på bt.no.

Lagt ut 22.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Argument vert redda av nynorsk

Universitetsavisa Argument vil auke nynorskbruken i avisa til 25% slik at dei kan få støtte av Norsk Kulturråd. Argument har i det siste slitt med økonomien og har difor stor interesse av å motta støtta. Les meir på Universitas.no

Lagt ut 19.2.10 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Vil du sitja i landsstyret?

Valnemnda i Norsk Målungdom leiter etter friskt blod! Vil du sitja i landsstyret, eller kjenner du nokon andre som burde sitja der? Ta kontakt med valnemnda v/Vebjørn Sture, vebjorn@nynorsk.no!

Lagt ut 18.2.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nettsidene til UiO bryt mållova

Universitetet i Oslo bryt mållova når dei kun har 3,5 % nynorsk på heimesidene sine, skriv Uniforum i dag. Uniforum er den einarse lekken i UiO som følgjer det statlege kravet om 25% nynorsk, med over 30% på vevsidene og over 40% i papirutgåva. Les meir på Uniforum

Lagt ut 17.2.10 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Staten må ta meir ansvar

Jan Magne Dahle i LNK meiner at staten må ta meir ansvar for opplæring av innvandrarar i nynorsk. Han legg vekt på at opplæringsmateriell må verte omsett til nynorsk, slik at opplæringa vert mogleg å gjennomføre. Les meir på NRK Møre og Romsdal

Lagt ut 16.2.10 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i lærebøkene

Retten til lærebøker på eiga målform bør ikkje setjast opp mot andelen av nynorsk i norskbøkene, skriv Norunn Askeland, Synnøve Skjong og Bente Kolberg Jansson til Lisbeth Rugtvedt i Nationen i dag. Les heile svaret her.

Lagt ut 12.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kjøpmann på nynorsk

Rolf Navarsete eig Meny i Sogn. Han insisterer på at språket i butikken skal vera nynorsk, sjølv om det synest å vera ein evig kamp. Les heile saka på sognavis.no.

Lagt ut 11.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Amerikanar i spissen for nytt målungdomslag

Blae Wilson frå Chicago flytte til Noreg for å læra seg nynorsk. No er han med og skipar opp Romsdal Målungdom. Les meir i Romsdal budstikke.

Lagt ut 11.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Oppmodar studentane om å skriva nynorsk

I eit svar til lektorstudent Mari Bjørnsdotter Vinjar i Universitas oppmodar språkprofessor Arne Torp lektorstudentane til å ta eksamen på nynorsk. Les heile svaret på universitas.no.

Lagt ut 10.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

–Nynorsk er ikkje eit økonomisk tapsprosjekt

Det er viktig at reklamebyråa ikkje tilrår for å la vera å nytta nynorsk i marknadsføringa, seier Språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Les heile saka på lnk.no.

Lagt ut 9.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk barnebok på salstoppen

Brageprisvinnar i 2009, Maria Parr, toppar lista over dei mest selde barne- og ungdomsbøkene i 2010 med Tonje Glimmerdal. Les meir hjå Bokhandlerforeningen.

Lagt ut 8.2.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nordhordaland tingrett får refs for målbruk

Språkrådet slår fast at Nordhordland tingrett skal nytta nynorsk. No har dei frist til 10. februar for å gje attendemelding til Språkrådet og gjera greie for korleis dei skal fylgja mållova i framtida. Les meir i Vestnytt.

Lagt ut 8.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsforeldre slåst mot kommunen

I Meland kommune er den vanlege situasjonen snudd. Her er det foreldra som ynskjer bokmål som må slåst for at ungane skal få gå i bokmålsklasse ved skulen. Les heile saka i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer med samefolkets dag

I dag, 6. februar, er det samefolkets dag. Vi på nynorsk.no ynskjer til lukke! Les meir om dagen hjå Sametinget.

Lagt ut 6.2.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målstrid på Facebook

15. mars vert det folkerøysting om skulemålet i Gjemnes. No tek båe sider i bruk nye verkemiddel og har oppretta facebook-grupper for saka si. Les meir i Tidens Krav.

Lagt ut 5.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Når politiet bryt (mål)lova

Politiet i Sogn og Fjordane bryt mållova. Det burde vera ein sjølvfølge at vevsidene og brev var skrivne på nynorsk, men i dag går det meste av kommunikasjonen på bokmål. No ber Språkrådet politiet om å fylgja lova. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 4.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ber UiO om å nytta meir nynorsk

I eit ope brev til rektor ved UiO krev Studentmållaget i Oslo, Vikværingen og sentralstyret i Norsk Målungdom at Universitetet skjerper seg og legg meir til rette for nynorskstudentane. Les heile brevet på universitas.no.

Lagt ut 4.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Marknadsføringspris til Lerum

Lerum har dei siste åra vald å profilera seg på nynorsk. I år fekk dei høgaste utmerkinga reklamen for «Lerums utvalde». Les meir på lnk.no.

Lagt ut 1.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen