nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2010

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Ørretfiske eller aurefiske?

Søkemotorar som Google kan vera ei utfordring både for bedriftar som nyttar nynorsk og kundar som nyttar veven til å finna informasjon. Les meir på lnk.no.

Lagt ut 30.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på timeplanen i Ålesund

I Ålesund har lærarane gått nye vegar for å læra elevane nynorsk. I samarbeid med nynorsksenteret i Volda. har dei nytta lærebøker på nynorsk i Religion, Livssyn og Etikk, kjøpt inn skjønnlitterære bøker på nynorsk og innført nynorsk kosetime. Les heile saka i Sunnmørsposten.

Lagt ut 29.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje lov å flytta elevar

Fylkesmannen i Hordaland har slått fast at foreldra ved Vestbygd skule som ynskjer at borna skal gå i ein parallellklasse med bokmål har retten på si side. Les heile saka i Strilen.

Lagt ut 26.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Masteroppgåve for nynorsk

Designstudenten Grete Haukelid lurte på korleis ho kunne nytta masteroppgåva si til å gjera noko for nynorsk. Resultatet vart ei undervisningspakke for å gjera undervisninga meir levande og engasjerande. Les heile saka på lnk.no

Lagt ut 24.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ber om meir nynorsk

Elevrådet ved Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund oppmodar lærarane i alle fag om å nytta meir nynorsk i undervisninga. Les heile saka i Sunnmørsposten.

Lagt ut 23.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Janne Nygård ny leiar i Norsk Målungdom

Janne Nygård frå Jølster i Sogn og Fjordane vart i dag vald til ny leiar i Norsk Målungdom. Janne trer til i juli og gler seg til det. Ho har tidlegare vore nestleiar og skrivar i Målungdommen. Les meir om landsmøtet på målungdom.no i morgon.

Lagt ut 21.3.10 av Kristian Weibye
Gå til saka | Tips ein ven

Landsmøte i Norsk Målungdom

19.-21. mars er det landsmøte i Norsk Målungdom. I framlegget til nytt arbeidsprogram står nynorsk i kvardagen i fokus. Les meir om landsmøtet på målungdom.no.

Lagt ut 17.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Tap i Gjemnes

Etter 70 år med nynorsk i Gjemnes kommune vil folk at bokmål i skal vera opplæringsmålet i framtida. Det vart klart i den rådgjevande folkerøystinga måndag 15. mars. Sigeren var so klar at det er lite tvil om kva kommunestyret vil velja. Les meir i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 17.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk eller bokmål?

I dag er det folkerøysting i Gjemnes kommune om kva mål elevane frå 1.-7. klasse skal læra.

Lagt ut 15.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nyfiken på normering?

Språkrådet har sett ned ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsken. Arbeidet skal vera ferdig våren 2011. Nemnda har no fått eigne vevsider på språkrådet.no, so no kan alle fylgja arbeidet.

Lagt ut 12.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskfeminisme

Målsak, språk og kjønn var tema på Lindås folkeboksamling og Alvarsund Mållag si 8. mars-tilskiping. Les meir om tilskipinga i Strilen.

Lagt ut 12.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Endeleg talegjenkjenning på nynorsk?

Det er viktig at nynorsk vert teke med i den teknologiske utviklinga, seiar leiar Håvard B. Øvregård i ei pressemelding i dag. No skal Nasjonal IKT setja i gong eit forprosjekt for å vurdera korleis dei kan utvikla teknologien for talegjenkjenning til å omfatta nynorsk. Les heile saka på lnk.no.

Lagt ut 11.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Hald på nynorsken!

Det skriv Kristine Næss Thorsen i Studvest i dag. Ho meiner det er viktig at alle lærar nynorsk, trass i at ho sjølv har bokmål som hovudmål. Les saka på nett her.

Lagt ut 10.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kjempar for nynorsk

15. mars vert det folkerøysting i Gjemnes kommune om kva språk elevane skal læra. Gjemnes Mållag har mobilisert og delt ut flygeblad til alle husstandene. Les heile saka i Tidends Krav.

Lagt ut 9.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ny dialektpris til Eli Kari Gjengedal

Sogn og Fjordane Mållag delte laurdag ut dialektprisen sin til Eli Kari Gjengedal. Prisen går til ei bedrift eller ein person som har utmerka seg spesielt i høve til nynorsken eller dialekten sin. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 8.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Rita Eriksen og Nils Henrik Smith

Laurdag 6. mars delte Rogaland Mållag ut Målprisen for 2009 til Rita Eriksen og Nils Henrik Smith. Utdelinga fann stad på årsmøtet i Rogaland Mållag. Les heile saka på NRK Rogaland.

Lagt ut 8.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vil avblåsa målstriden

Leiar i Rogaland Mållag, Kirsten Tegle Bryne, meiner me berre kan gløyma å få heile landet til å skriva nynorsk. No vil ho avblåsa målstriden og heller styrkja norsk språk i kampen mot engelsk. Les heile saka på NRK Rogaland.

Lagt ut 5.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

1,9 millionar til terminologi

Standard Noreg har fått 1,9 millionar frå Kulturdepartementet for å utvikla ny terminologi på ei rekkje fagområde. For nynorsk vil dette vera ei domeneerobring. Les heile saka på standard.no.

Lagt ut 4.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Må satsa på nynorskopplæring for innvandrarar

Leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen meiner det er på høg tid at innvandrarar i nynorskkommunar får opplæring nynorsk. «Det er diskriminerande og tankelaust ikkje å gje innvandrarane opplæring i rett språk», seier Svendsen. Les heile saka på utdanning.no eller i Sogn avis.

Lagt ut 4.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

– Pinlig og lite tillitvekkende.

Det seier journaliststudenten Andrea Øien Sæverud til at Høgskulen i Oslo hadde heile ti skrivefeil i nynorskutgåva av heimeeksamenen studentane fekk utdelt i går. Les heile saka på journalisten.no.

Lagt ut 2.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen